
Endeleg er dei populære honningskrubbane våre tilbake!! 🤩👏🐝🍯
Eg elsker eit fotbad med skrubb eller aller best ein lang varm dusj og full kroppsskrubb 🤪🤩 perfekt haustpleie og del av ditt heimespa! 🍁🍂☺️Velvere delux, og super pleie av kroppen! Bli kvitt smuss og drit, og bli vanvittig mjuk i huden med Sitrus- og honningskrubb eller Krydra honningskrubb med masse deilige økologiske krydder 💚💚
NYHEIT!
Endeleg er dei populære nyheitene Hårserum og Rose- og raudkløverskrubb for ansiktet i nettbutikken!
Kva med djupverkande pleie for hår og hovudbotn? Med brennesle frå garden og jasmin frå Egypt (der Vossabia har jobba mykje) får du superurter til håret! Hårserumet gir fukt, glans og demper krus, jasmin styrkar håret, og nesle letter plager i hovudbotn.
Unn deg ein luksusskrubb for ansiktet med handplukka rose og raudkløver frå Voss. Jamnleg skrubbrensing gir huden glød og fjerner døde hudceller. Auk sirkulasjon og vitalitet i huden med rose som gir mykje næring og dufter himmelsk. Raudkløver er rensande, styrkande, og svært næringsrik.


VIS ALLE PRODUKTER I NETTBUTIKKEN
(Hudpleie, deodorant, solkrem, sjampo, leppepomade)

Ekte engasjement for folk og planet!
Vossabia har sidan 2004, eller egentlig lenge før det og, jobba med djup og sterk fokus på heilskapleg helse med utgangspunkt i å nytte naturens utrulege univers for å balansere oss.
Vossabia er oppteken av mat, av næringstoff og av langtidsperspektiv på helse. Mat inntek me gjennom munnen, men me meiner det bør inntas mat gjennom huden også! Det går trass alt inn i same systemet, og påverkar oss, det som me får på hud og hår også. Så for Vossabia er logikken grei: smør deg inn med sunne saker som urter og bienes råstoff, så balanserer me både hud, kropp og sinn :)
Kos deg med våre nye nettsider, og så håpar me du finn nokon deilige smørbare saker, litt frukost, lunsj og middag for huden din :) Effektive, pleiande produkt, som sjølvsagt er naturlege og økologiske, laga av nøye utvalde urter, ville vekstar og bivoks og honning.