Vill Hårkraft 🌿 Sjampo 💚 Rosmarin hårserum - Vossabia
Vill Hårkraft 🌿 Sjampo 💚 Rosmarin hårserum - Vossabia
Rask
levering
Sikker
betaling
Norsk
nettbutikk

Vill Hårkraft 🌿 Sjampo 💚 Rosmarin hårserum

Tilbud508,00 kr Ordinær pris598,00 kr
Spar 90,00 kr

Sjampo 250 ml, Rosmarin Hårserum 30 ml

VippsKlarna Visa Mastercard Apple Pay Google Pay American Express
Rask
levering
Sikker
betaling
Norsk
nettbutikk

🌿 Den ville superduoen for hår og hodebunn

Dette er ikkje berre sjampo og hårserum.
Det er eit lite økosystem av planter – utvikla for å gje liv, balanse og styrke frå nede i rota og ut i tuppen.

Sjampo med ville urter startar det heile, med ei kraftfull urtebase av nesle, kjerringrokk og ryllik – plukka og foredla frå eigne enger. Desse plantene arbeider med hodebunnen: roer, balanserer og støttar miljøet der håret veks. Og håret blir sterkt, glansfullt, mjukt og ofte med mindre håravfall og!

Rosmarin hårserum tek det vidare. Med kjerringrokk, eigendyrka ringblomst og vill rosenrot frå fjella, saman med rosmarin som stimulerer sirkulasjonen, får hodebunnen næring, ro og ny energi – og håret betre vilkår for å vekse seg sterkt og levande.

Etter så mange år med desse produkta, og 1000-vis av tilbakemeldinger frå kundar er det for meg ingen tvil om at dei saman er ei botanisk kraftpakke som kan:

🌿 roe kløe, svie og irritert hodebunn
🌿 dempa flass, skorper og ubalanse i mikrobiomet
🌿 styrka hårsekkane og støttar sunn hårvekst
🌿 redusera hårtap og gje nytt liv til tynnare hår
🌿 stimulera mikrosirkulasjonen rundt hårrota (rosmarin-effekt)
🌿 tilføra silisium og mineral som byggjer sterkt hår (nesle og kjerringrokk)
🌿 balansera talgproduksjonen – både ved tørr og feit hodebunn
🌿 gje ro til eksem, psoriasis og sensitiv hud
🌿 tilføra djup næring som bygger hårkvalitet over tid
🌿 gjera håret mjukare, meir glansfullt og levande
🌿 gje meir volum og spenst – frå rota og ut
🌿 verka styrkande på både hår og hud – ekte “frå rot til topp”-produkt
🌿 støtta kroppen sin eigen balanse – ikkje berre symptomlindring

Sjampo 250 ml
Rosmarin hårserum 30 ml
- sjå ingrediensar på produktsidene til Sjampo med ville urter og Rosmarin hårserum.

💚 Bruk lite sjampo – massér godt inn i hodebunnen og la urtene få jobbe litt før du skyller
💚 Dobbelvask ved behov (spesielt om du brukar serum over natta)
💚 Massér hårserumet direkte i hodebunnen om kvelden – når du bruker som kur. La det virke minst 1 time eller over natta før du vaskar håret.
💚 Ved kløe eller ubalanse: bruk dagleg i 5–7 dagar for å roe hodebunnen
💚 Ved hårvekst: bruk 2–3 gonger i veka over tid

💚 Til styling: bruk litt serum i hårtuppane for glans og mjukheit. For å roe ned brusete hår eller for ekstra glans: taeit par pump i handa og fordel i hender og fingrar først og så dra forsiktig gjennom håret.

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring