Solkrem + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Solkrem + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️

Vanlig pris 435,00 kr 370,00 kr På salg

Det er nesten flaut, men det tok meg 13 år før eg oppdaga denne kombinasjonen! Eg utvikla både Solkrem og Augebalsam under morspermisjonen med Ylva i 2007-2008, og fyrst no gjekk det opp for meg at SOLKREM + AUGEBALSAM er perfekt i sol OG vind, der vinden skikkeleg rusker og augene hovner litt opp. 

SOLKREM med naturleg fysisk filter (ikkje-nano titandioksid, sunt og heilt ufarleg for folk og miljø), veldig pleiande planteolje, bivoks og beskyttande lanolin. Her får du eit skikkeleg kinderegg av ein solkrem som ikkje berre beskytter godt mot UVA og UVB (faktor 10 beskytter også lenge og godt når det er naturleg fysisk filtet! 👍☀️), men som også pleier og gir næring til huden, og mange melder om god hjelp på soleksem også.

AUGEBALSAM som me elsker rundt augene (eller øynene for dei bokmålsfolk som ikkje skjønar det fine ordet auge 😉) om kvelden, då den er stappfull av supermat med planteoljer rik på antioksidanter (granateple), essensielle fettsyrer (hamp bl a), mineral og vitamin frå blant anna solblom (arnika) som også er DEN superplanten på å forhindre/redusere/minske HOVNE AUGE! Og difor: dette gjer den til superkombo med solkrem i d-vitaminrik solskinn og rivande vind! 💚

Og korleis kunne eg ikkje sjå denne perfekte kombo, når det til og med ligg ein slik kundeanmeldelse på sida til Augebalsam:

5 stjerner! Øyesalve som virker

Den 30. mai gikk jeg på randonee tur i høyfjellet i strålende sol og masse snø. Solkrem og svette randt ned i øyene og solen ble reflektert overalt i snøen.
Neste dag var jeg så hoven og rød rundt øynene at det var vanskelig å se til siden. Hevelse, flass og rødhet forsvant ikke før jeg mottok augensalve fra Vossabia. To netter med den og alt ble bra . Magisk!

INNHALD:

Solkrem faktor 10 og 20: bivoks, lanolin, øko tistelolje, øko solsikkeolje, øko jojobaolje, øko kokosolje, øko sheasmør, tiosol (solfilter med finkorna titandioksid (naturleg mineral) i ikkje-nanoform blanda med øko tistelolje), naturleg e-vitamin, Co2 ringblomstekstrakt, øko lavendelolje.

Augebalsam: bivoks, øko. tistelolje, øko. hampolje, øko. granatepleolje, squalane, arnikatinktur, naturleg e-vitamin.