Vinteren er altså i gang, med og utan ski på beina 😆 Og anten du er på langrenn i Nordmarka, ventar på veghjelpa i Tromsø eller berre skal ein tur ut på tunet, har eg ein genial liten kombo å dra fram att.
Pakketilbodet med Kuldekrem + Augebalsam er tilbake i nettbutikken! 💛
Når vinden riv og tårene renn
Du veit når det er så kaldt og så mykje vind at tårene berre renn, og du står der og tørkar deg med vottane? Så kjem du inn med raude kinn og opphovna auge. Det har i alle fall både eg, ungdomane mine og venene deira fått erfare.
Eg skreiv eit nyhetsbrev om dette i fjor, etter at ei av symjarane eg trente kom på trening med skikkeleg smale auge etter å ha vore ute i vintervind og sterk kulde på tur med villmarkslinja på Voss vidaregåande. Huda rundt augene var sår, og ho var hoven i eit par dagar. Då slo det meg at eg allereie hadde min eigen sommarvariant av løysinga.
Når eg skal vere ute i sterk sol og vind, brukar eg solkremen vår i ansiktet og Augebalsam rundt auga, etter at eg fekk skikkeleg hovne auge etter ein vindfull sommar-sykkeltur. Og det fungerte kjapt og knallbra! Kvifor hadde eg ikkje tenkt på å gjere det same om vinteren? ☃️

Kuldekrem på kinna og Augebalsam rundt auga. Sjølvsagt! 💥

Vinterhuda sitt ullundertøy ❄️
Eg smører den på kinn, nase, ja heile ansiktet, og andre stader som får kjenne på vintervêret. Vinterhuda sitt ullundertøy, rett og slett! Og det er vilt mange spennande og gode tilbakemeldingar på den 🥰
★★★★★— LisbethJeg har alltid vært plaget med veldig røde hender og rødhet i ansiktet på høsten og vinteren, men med kuldekrem er der helt slutt på det!
★★★★★— RebeccaHelt perfekt for både store i skitrekket og små i barnevogn, når vinterferien byr på -15 grader! Den var supereffektiv i ansiktet. Fungerer også godt på hendene etter oppstått kuldeeksem. Blir fast inventar hos oss om vinteren. Takk!

Eg var stadig hoven under augene etter netter med mykje oppvåkning med baby osv, og heile motivet mitt for å utvikle Augebalsam, var å førebygge og fjerne hovne auge. Funker som ei kule for meg og mange! Og også ved raud, sår hud, eksem, rennande auge og mykje meir 🤩
Augebalsam er så mjuk og enormt drøy, og eg det er så vidt du treng noko på fingeren for å smøre utover. Denne godsaken har vore fast inventar hjå meg om kvelden like lenge som Ylva har levd, og no får den jammen vere med ut på tur og.

Ein god kunde, Hedda, hadde faktisk oppdaga komboen lenge før me laga pakke av desse to produkta. Ho skreiv dette i nettbutikken, med fem stjerner og kvalitetskontroll frå ein sjuåring som slo fast at Kuldekremen ikkje var «ekkel» 😄
★★★★★— HeddaKuldekremen + augebalsamen er ein super kombo, og reddar oss gjennom vinteren!

Sååå 🥁 No er pakken tilbake!
★★★★★— MonicaKaldt og surt på skitur, men med augokremen + kuldekremen fra VossaBia går det så mye bedre - helt nydelig.
God tur ut i vintervêret, anten det blir i Nordmarka, i skibakken eller berre ut på tunet. Og Emma, eg håpar neste familiesnap er frå ein bil som står rett veg 😅 Helsing tante Renate!


