Denne veka har nemleg vore heilt vill, i alle moglege tydingar av ordet! Kontrastane har vore ville, arbeidsmengden har vore vill (ja, meir enn vanleg 😅), ny vill lærdom har kome til meg, vill kraft har utspelt seg i bassenget, dei tilsette står heilt vilt på for å få unna alt, og dei ville vekstene berre sprenger på no! Alt er vilt vakkert, men ganske krevande og 😮💨
Veka begynte egentlig i helga der Kyle Chalmers, olympisk symjar frå Australia, deltok på Bergen Swim Festival saman med heile 832 andre symjarar, der eg som trenar hadde Ylva og Anna med 🏊♀️ og me fekk sjå når Kyle symde den raskaste 50 fri i verden i år, i Bergen! Det var så ekstremt rått, og AdO arena løfta seg! Dei norske guttane i heatet med han var og heilt fantastiske, og eg kjente kor viktig symjesporten er for meg 🩵 Ja, den idrettsgleden gir så mykje 😁! Mine to gode jenter symde og knallbra, og Anna kvalifiserte seg til Ungdomsmesterskapet!! Heilt utruleg kjekt 🤩
Me overnatta på hytta på Sotra og etter symjestevnet laurdag kosa me oss med båttur i solnedgangen, og jammen fekk mamsen ein kjempefin torsk 🐟 Eg var heilt skjelven!
Så var det rett frå Bergen til Beitostølen søndag kveld, der Ylva plutseleg (ja, på få timars varsel faktisk) hadde fått praksisvekeplass på Beitostølen Helsesportsenter 🤭 Knallbra plass å vere, og ho er heilt i skyene av alt ho har lært alt, og alle dei flotte menneska ho møter! 🤩
Uansett, mamma køyrde sjølvsagt, og ikkje berre ein, men to vegar var stengt opp til Beitostølen, så tre overtrøytte damer hoppa til slutt i bilen på voldsomt teleskadd veg og me fekk latterkrampe av alt det komiske som skjedde på turen 🚗
Neste morgon køyrde eg heim att og hadde då god tid i bilen til telefonmøte med to kjekke karar i Tromsø som ville ha ein prat og litt innspel i forkant av sin lansering av ein meget spennande bedrift med akkurat same verdiane som Vossabia og eg har 🐝 Tilbake på gården hoppa eg ut av bilen og rett inn i andregongsintervju med potensiell ny tilsett. Og eg var ikkje ein gong ferdig med det før det kom ein enorm lastebil med tilhengar og 10 tonn kompressor på slep – for å bore etter vatn. Eg fekk vere med og sjå på dette for fyrste gong – og blei heilt fascinert 🤓! Tenk at dei borar 180 meter nedover og klarar å handtere alt dette tunge og voldsomme utstyret og samstundes er heilt rolege og sindige 😱 Tøft!
På bakkane med brønnboremenn nytta eg sjølvsagt sjansen til å sjekke at Biebrødet, altså seljepollenet er klart for biene. Superviktig proteinkjelde for biene no når dei er begynt å fly ut etter vinteren 🐝
Tirsdag venta webinar og foredrag for Bondens Marked Norge produsentar. Det var skikkeleg gjevande å få gje litt inspirasjon og forhåpentlegvis motivasjon og kunnskap til produsentar som står slik på med fantastiske produkt og som fortener at folk oppdager deira knallgode produkt 🫶 Me er med i Bondens Marked Bergen, og marknadar har ALLTID vore kjempeviktig for Vossabia. Det er ikkje berre ein salsarena for oss, men viktigst er at det er ein møteplass mellom oss som produsentar og dykk som forbrukarar 🙏🥰
Me har vore på marknadar i 21 år og fortset med det, så viktig og fantastisk er det! Sjåast på Vossa Jazz torgdag på laurdag? 😉 Eller Hagemessen 24.-26.4? Eller neste gong med kjem til Bondens Marked Bergen i mai?
Dei samtalane og den lærdomen me kan dele frå kvar vår side av bordet om produkta er så uvurderleg. Og ikkje minst: det å oppleve kundane sitt engasjement og interesse i produkta og bedriften er livsnødvendig for å halde den sterke drivkraften og motivasjonen oppe! 💚 Takk til alle de som kjem på marknadar, og de som ikkje har vore på marknadar enno: det er ei oppleving som de berre kan glede dykk til ✨
Så har det vore produksjon frå 6 om morgonen til 23 om kvelden. Dei tilsette har sjølvsagt sine timar 8-16, men i travle tider som dette så hopper eg over yoga om morgonen og produserer før dei andre kjem, og forrige kvelden stod Emil og eg til 23 og produserte saman. Det er knallhardt, men og veldig koseleg og fint 🤗 Det var nydeleg å stå der med den dyktige sonen min og arbeide saman og ha fine samtalar og kjenne korleis me brenn for dei same tinga 🥹
Ute er det no masse brennesler på veg, men dei er litt for små enno.. ja, eg må ha litt tålmod… eller nei, det treng eg ikkje: eg har nemleg masse stor og fin og plukkeklar nesle i drivhuset mitt! Er det andre som dyrker både nesle og fersken i drivhuset sitt 😂?
Emballasje er eit vilt spennande tema – trass i at det kanskje ikkje høyrest slik ut ved første øyrekast! Men, når du får snakke med ein superekspert så opnar det seg ei ny verd! Og det gjorde eg i går! Då møtte eg ein dansk emballasjeekspert som kom eins ærend til Bergen for å møte Vossabia! Endeleg! 😊 Og det er etter at eg i årevis har gjort undersøkingar, hatt mange møte, agentar i Europa på saken, og messebesøk – ja, eg har faktisk utforska emballasje til Vossabiaprodukta i over 17 år 🐝
I haust var Linda og eg på ScanPack-messa i Gøteborg, og no etter møtet med Jakob frå Danmark så kjenner eg endeleg at noko stort er i emning! Men, eg vil ikkje bytte ut dagens emballasje før me har eit alternativ som verkeleg er betre – ikkje berre for miljøet (som er pri 1), men òg for kvalitet, tryggleik, estetikk og forsyningssikkerheit, og ei lang liste med krav frå mi side.. 🌍
For plast er ikkje berre plast. Glas og aluminium har sine fordeler og utfordringar. Råvarer, produksjon, transport, gjenvinning og sorteringsmoglegheiter, og miljøpåverknad i alle desse ledda– alt må med i reknestykket. Som Jakob sa: «Det finst ikkje ei emballasjeløysing som er best i alt.» 💡
Me held difor fast på resirkulert og resirkulerbar plast og glasflasker der det fungerer – inntil vidare! For Jakob har no fått konkrete oppdrag frå meg etter mange verdifulle innsikter han delte med meg – og eg gleder meg vilt til å vise kva me landar på. Det er noko ganske så spennande ting på gang i alle fall. Men ting tek tid som alltid, og det er viktig å bruke tida som trengs 🙏
♻️ I mellomtida ber eg dykk kjære kundar: resirkuler og gjerne gjenbruk flasker og krukker! Gjenbruk er faktisk det mest miljøvenlege vi kan gjere 🥺 Eg har brukt krukkene våre til perler og småting for ungane, til krydder på stølen og på camping, og kanskje de har nokon endå meir kreative idear? 💭
Brønnboringskarane køyrde over delar av sjampoåkeren min der no Kjerringrokken er på veg. Gjett om det blir søksmål då, hahaha. Sjekk den ser ut som ein liten asparges då! Om ein månad er heile enga full av sjampoens vakre hovudingrediens!
Om 45 minutt kjem neste kandidat til ny stilling hjå oss, og eg ser fram til to spennande andregongsintervju i dag, før eg susar ned i bassenget og er symjetrenar 😅 Så blir det nok litt produksjon i kveld og, forhåpentlegvis blir Emil med, og kanskje søstera mi Heidi kjem og assisterer og pakker ordrer på kvelden med oss? Det hadde vore superkoseleg 💖 Då skal eg lage litt brenneslepesto til Heidi så ho kan teste det på pizzabunnen, for det er knallgodt. Heilt ekstremt godt på pasta og i salat og mykje anna også. Oppskrift sa du, ja ver såg god 😋
Og så er det Vossa Jazz!! Me skal altså på torget på Voss laurdag med vår fine salsbod, og eg satsar på å kome meg ut på kvelden for å få litt musikk og mingling, det hadde vore fin start på påsken! Håpar me ser deg på torget – og del gjerne bilete av dine kreative gjenbruksidear eller pestoeksperiment 😁
God påske til alle dykk!! 🐣💚🐝
Helsing frå Voss,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia