Seinsommar SPA

Seinsommar SPA

đŸđŸŒŒ LØFT STEMNINGEN! Planen i dag er Ă„ overĂžse med tips om korleis lage seg nydelege oppskrifter til ei velfortent heimespastund!

đŸđŸŒŒLĂžft stemningen!

No kom endeleg sommaren her! Eller sola dĂ„ ☀ i form av dei finaste seinsommardagar! Det var skikkeleg pĂ„ tide her pĂ„ Vestlandet, og dĂ„ gjeld det Ă„ nytte pĂ„ og nyte frĂ„ naturen đŸ’šđŸŒŒđŸ

Planen i dag er Ă„ overĂžse med tips om korleis lage seg deilige, botaniske spa- opplevingar: skrubbar, hĂ„rskylling, gode bad og nydelege oppskrifter til ei velfortent heimespastund! Bruk blomane i hagen eller pĂ„ enga, lag te til Ă„ drikke og te til Ă„ pleie hĂ„r og kropp,  bland med honning, smĂžr deg inn med blomar og honning og krydderurter, og berre ta i mot markens grĂžde gjennom munn og hud og alt som er đŸŒŒđŸ˜‚đŸ

BOTANISK HEIMESPA! Jepp, eg lovar, det renser, lĂžfter og oppmuntrar i det sommaren sig mot slutten. Blomar 🌾 og honning 🍯 er dessutan digg for kropp og sjel (og hud og hĂ„r sjĂžlvsagt!)  PĂ„ sommaren er det uendeleg mange planter Ă„ velge mellom, eg berre elsker sommarspa! Men no pĂ„ seinsommaren er det framleis mange favorittar Ă„ velge mellom som stĂ„r i full flor, og elles er det jo nokre klare godsaker pĂ„ glass og krukker Ă„ bruke frĂ„ oss i Vossabia đŸŒžđŸŒŒ.

Sjekk tipsa under, og sjÄ om du blir inspirert av oppskriftene nederst. Det er berre Ä leike og blande dine favoritter, men eg vil nett dele mine favorittar med deg!

💚Sitrande sanseleg sitrusskrubb!! Oj oj, DENNE i dusjen (tips: massere partner og omvendt i dusjen med denne, Ă„ herlighet đŸ€©).

Den usannsynlig deilige sitrusskrubben tar eg berre littegrann av i handa etter vatnet har nett fÄtt renne over meg, sÄ er det berre Ä massere pÄ kroppen. Nokon gonger tek eg berre slitne bein og leggar, andre gongar armar, bryst og rumpe, og sÄ er det jo nydeleg Ä ta seg tid til heil kropsskrubb i blant. Det er sÄ godt Ä kjenne dei deilige, friske duftene, og fÞle korleis blodsirkulasjonen aukar og det kribler i hud og kropp, for sÄ Ä skylle av og kjenne den mest silkemjuke huden din. Nytelse, som eg synest passar perfekt no pÄ denne tida!

Seinsommar👣fþtter

Eit anna tips: er det andre som fÄr litt hard hud pÄ hÊlane? Her merker eg at hÊlene, spesielt etter ein lang sommar der dei har gÄtt og bÊrt meg rundt, og ofte barfot, verkeleg har fÄtt kÞyrt seg godt. Det blir hard hud, sprekker og ikkje sÄ bra.  DÄ er det ein ting Ä gjere, og det er i tillegg noko sÄ uvanleg som ein ganske QUICK FIX:kamillebalsam!! Den er heilt uunnvÊrlig for meg! Den er rett og slett heilt fantastisk og utruleg effektiv!

Eg smĂžrer litt pĂ„ hĂŠlane fĂžr eg legg meg (medan eg sit pĂ„ sengekanten), og den gjer underverk over natta! Nokon gonger pĂ„ kun ei natt, men er det VELDIG hard hud, sĂ„ la tolmodigheten strekke seg til ei veke 😅 Mjuke, smidige og fine hĂŠlar, voila đŸ˜»

✹Kamillebalsam stor boks (100ml)

✹Kamillebalsam liten boks (50ml)

💖 Ansiktsskrubb: 

Unn deg ein luksusskrubb for ansiktet med handplukka rose og raudklÞver frÄ Voss. Jamnleg skrubbrensing gir huden glÞd og fjerner dÞde hudceller. Auk sirkulasjon og vitalitet i huden med rose som gir mykje nÊring og dufter himmelsk. RaudklÞver er rensande, styrkande, og svÊrt nÊringsrik. 

👉 Les om korleis du kan bruke den som skrubb, ansiktrens eller ansiktsmaske pĂ„ produktsida.

SeinsommerSPA :

Nydelege urter, blomar, frukter og bĂŠr som er klar pĂ„ denne tida av Ă„ret - ut og eksperimentere og leike, la kreativiteten og fĂ„ blomstreÂ đŸŒ±đŸ’«Â đŸ
Det er selvfĂžlgelig fritt fram for Ă„ mikse, trikse og komponere eigne deilige blandingar med dine favorittar av botaniske ingrediensar. Men eg vil gjerne dele to av mine oppskrifter til inspirasjon:

Slik gjer du:
Ta 2L vann, ⅓ dl ringblomst, ⅓ dl tĂžrket eller frisk rosmarin og ⅓ dl tĂžrket eller frisk ryllik, og det same med mynte og anisisop. Du begynner med Ă„ koke opp vatnet, og sĂ„ hiv du i plantane og slĂ„r av plata nĂ„r det har begynt Ă„ koke.

La det trekke i ca. 5 minutt.
Sil og hell oppi badet (enten badekaret eller fotbadet), og slapp av, trekk inn dei gode, varmende og energigjevande duftene!

Tips: spar litt til te đŸ€©đŸŒž

đŸ’›đŸ‘±â€â™€ïžOppskrifter med honning 🍯

Honning er hudpleiens nummer 1! Den gjer huden nÊring, skikkeleg djuprens, meir fukt til hud og hovudbotn (gjennom Ä binde fukt), leker sÄr og irritasjonar, gjer hÄret meir glansfullt og huden mjuk.

Eg brukar honning i ansiktsmasker, skrubber, hĂ„rinnpakninger, handmaske, og snart mĂ„ eg prĂžve Ă„ smĂžre heile kroppen med honning og sitte i badstu 😂 har hĂžyrt det er knall! 😅🍯 Leik deg med honning du og, tips til bruk med blomar og krydderurter under her đŸđŸŻđŸŒŒ

Honning i ansiktet er bra for hud og humĂžr!

🌾🍁Seinsommarrens:

Skrubb bort smuss, auk sirkulasjonen i kinnene, og gjer huden mjuk med deilig urteduft.

Knus i stavmikser:

  • 2 ss havregryn
  • 1 knippe sitronmelisse og litt mynte frĂ„ hagen
  • Bland med 1 dl naturell jogurt + 1 ts honning

👉 Masser huden inn med deilig duftande blanding, og skyll med lunka vatn.

đŸ‘±â€â™€ïžHĂ„rinnpakning av ringblomst og honning:

Kanskje du og, som meg, har dyrka fram den nydelege ringblomsten i hagen i sommar. đŸŒŒđŸ§ĄDen er ein heilt fantastisk universalplante, og her skal me berre blande den med honning. Me har jo masse bier her pĂ„ garden som lager deilig, sĂždmerik honning for oss, og eg bruker og honningen vĂ„r i fleire av Vossabiaproduktene, for den er jo fullstappa i nĂŠring og fantastiske eigenskapar. Men her, for hĂ„ret vĂ„rt, blir det i dag ein herleg ringblomst- og honning-innpakning:

Slik lagar du:

Finhakk ringblomsten og bland saman med honningen.

Slik brukar du:

Bruk i vÄtt hÄr og stryker den utover, ev gre utover. Det er lurt Ä unngÄ Ä massere den inn for mye, ettersom det kan bli litt vanskelig Ä skylle den ut, sÄ det held fint Ä stryke den utover hÄret og lengdene.

PS: NÄr du fyrst held pÄ med denne, kan du og bruke den som ei ansiktsmaske samstundes - sÄ fÄr du ekstra bruk ut av blandingen din, og ekstra pleie for deg sjÞlv!

 La den virke, medan du slappar av og nyt i ca. 20 minutter, fĂžr du skyller den ut med varmt og godt vatn. Ny energi og herleg spenst til hĂ„ret 👏 - sĂ„ her er det berre Ă„ nyte!  💚

Til slutt:   

Blomar i hĂ„ret đŸŒŒđŸŒž

 Blomar i hÄret er like poetisk som det er pleiande. Tips til nokre sommarplanter for hÄret:

Slik gjer du:

Kok opp vatn, legg i plantane du vil bruke, skru av plata, la trekke 10-15 min. Skyll hĂ„ret med infusjonen/teen etter hĂ„rvask. Og spar litt til te 😘

Seinsommarhelsing frÄ Renate

🐝 Vossabia

Â