Det er aldri lett å auke prisane, og me veit at dette påverkar deg som trufast kunde 🙏 Difor ønskjer me å vere heilt opne om kvifor dette skjer – og kva det betyr for deg.
Me handplukkar alltid nøye utvalde urter og plantar for å lage kraftfulle naturlege velværeprodukt for hand.
Kvifor no?
🌟 Vossabia veks: Etter å ha vunne prisar både i Skandinavia og Europa 🏆, har etterspurnaden skote skikkeleg fart. Me leverer til kundar over heile landet – og fleire og fleire utanlandske kundar får augene opp for oss 🌍. Vekst er kjempekjekt, men også veldig kostnadskrevande.
🌿 Handverk i vekst: Sjølv om me skalerer opp, står me urokkeleg på prinsippet om å lage kvar einaste salve og sjampo for hand ✋, og plukke ville urter sjølv frå naturen rundt oss 🌼 – på garden og i omegna. Og i tillegg gjere som me har gjort i 21 år: kjøpe kun økologisk av råvarer me ikkje har sjølv. Naturlegvis!
🏡 Nytt produksjonsbygg: På garden er me heilt sprengt for plass, alle hus er nytta maksimalt, og vel så det 😅 Me bygger no eit nytt, moderne produksjonshus på tomta der 1800-talslåven stod. Det gir oss moglegheit til å halde fram med handverket vårt: å lage småskala, handplukka urtemagi ✨ – men på ein meir effektiv og berekraftig måte 🌍.
💸 Auka kostnader: Som alle andre opplever me også høgare prisar på alt frå råvarer 🌾 til emballasje 📦 og energi ⚡. I tillegg har me fått mange nye tilsette dei siste åra 🤗, noko som er heilt nødvendig for å kunne halde fram å levere beste kvalitet til deg.
Me er godt i gong med bygginga av ei ny og moderne driftsbygning for Vossabia!
Kva betyr dette for deg?
⏳ Føre-var: Me gjev deg beskjed i god tid, slik at du kan planleggje og eventuelt sikre deg favorittane dine til dagens prisar før 1. oktober 🗓️.
🌸 Endå betre drift: Prisjusteringa gjer at me kan halde fram å satse på kvalitet 💎, og byggje vidare på det du allereie set pris på med Vossabia.
🤝 Tryggleik og tillit: Du kan vite at alt me gjer – frå handplukking av urter 🌿 til utvikling av nye produkt 🌺 – skjer på garden, med same omsorg og lidenskap som alltid 💚.
TAKK ❤️
Me er djupt takksame 🙏 for tilliten og entusiasmen du viser Vossabia. Det er di støtte som gjer at me kan halde fram å lage knallgode og effektive økologiske naturprodukt 🌱 som tek vare på både menneske og natur 🌍.
PS: Hugs å sikre deg dine Vossabia-favorittar til dagens prisar før 1. oktober 🌿

🌸 Lommeapotektips: Di naturlege fyrstehjelpspakke.
Etter ein slik praktisk beskjed, vil me sjølvsagt også gje deg det me alltid likar best å dele: inspirasjon og kunnskap frå urtehagen 🌿
For oss handlar Vossabia ikkje berre om produkt som de veit, men om heilskapleg helse tett kopla til korleis me kan nytte naturen rundt oss.

Vår grunnfilosofi er tufta på slik kunnskap som var meir vanleg før, og eg håpar våre tips kan bidra til å halde gamle tradisjonar levande – og til at du kan ta med deg små grøne triks i kvardagen.
Her kjem denne gong eit lite tips om korleis du kan lage ditt eige lommeapotek – ei naturleg fyrstehjelpspakke du kan ha med deg overalt.

💜 Lavendel – ro og fyrstehjelp i lomma
Lavendel er ikkje berre ein vakker lilla blome med nydeleg duft – den er ein ekte kvardagshelt.
Dufta kan roe ned når uro, stress eller søvnvanskar melder seg, og berre det å ha ein liten pose tørka lavendel i veska kan verke som ein "reset-knapp" på humøret.
Lavendel er også kjend for sine antibakterielle og betennelsesdempande eigenskapar. Litt utblanda lavendelolje kan smørjast på små kutt, stikk eller lette brannsår – og hjelpe huden til å lege seg raskare.
Lavendel frå hagen er fin å tørke og ha på ein liten tøypose for duft og avspennande effekt.
💜 Hjå Vossabia finn du lavendel i fleire skattar, som gjer kvardagen mildare og rolegare:
- Ringblomstsalve – næringsrik og universell salve som duftar stress-less lavendel. Smør litt i handflatene og inhaler og kjenn stresset sleppe!
- Lavendellepper – mjukgjer og pleier leppene med ein beroligande touch.
- Babysalve – trygg, roleg og mild for dei minste.
-
Solkrem – med lavendel som gjer solstunda til ei mild spaoppleving.

🌿 Peparmynte – for hovud, pust og mage
Når hovudpinen kjem krypande eller musklane blir spente, er peparmynte ein kraftfull ven.
Den gjev ei sval, avslappande kjensle som både roer og opnar opp. Mange brukar peparmynte ved hovudpine, muskelspenningar og ved dårleg konsentrasjon.
I tillegg er peparmynte kjend for å hjelpe magen – anten som te eller ved inhalasjon. Han kan dempe kvalme, reisesjuke eller mageuro, og gjev ei frisk kjensle som løftar kroppen.

Myntelepper er perfekt mot munnsår, til å mjuke opp leppene og prøv den og på forkjølingssår.
💚 Hjå Vossabia kan du oppleve peparmynte på fleire måtar:
- Panterbalsam – vår sterkaste ven ved hovudpine, verk og spenningar. Perfekt både å smørje på musklar og å inhalere rett frå boksen, eller også her: smør i hendene og inhaler!
- Rosmarin Hårserum – med peparmynte som stimulerer, friskar opp og kan brukast både i håret, på huden – eller som ein liten akutthjelpar ved kvalme. Denne pustar eg også ofte inn direkte, ei rein sanseoppleving som stimulerer sinnet!

🌼 Kamille – mild ven for ro og fordøying
Kamille er kanskje mest kjend som "leggetids-te", men denne milde blomsten har så mykje meir å gje.
Han verkar beroligande for sinn og kropp, og kan vere god ved uro, irritasjon eller stress. Til og med ved feber og forkjøling er kamille ein god støtteplante.
Kamille er også kjend for å vere magevenleg. Han kan hjelpe ved kramper, gass og uro i magen, og er trygg nok til å brukast både av barn og vaksne. Avkjølt kamillete kan òg brukast som vask på trøytte auge, irritert hud eller småsår.

🌼 Hjå Vossabia finn du kamille i fleire skattar:
- Kamillebalsam – mild og beroligande, perfekt å smørje i ansikt, bryst eller føter ved leggetid. Lindrar òg kløe, eksem, psoriasis og underlivsplager.
- Kroppsbalsam – inneheld kamille i kombinasjon med ryllik, rødkløver og perikum. Kundar melder at sår gror raskare, leggkramper forsvinn og huden blir styrkt og balansert.
💡 Tips frå garden: Prøv Kamillebalsam på føtene om kvelden – det gir både mjuk hud og ein rolegare søvn.

🌱 Ryllik – naturens plaster og styrkande universal
Ryllik er ei kraftfull urt som er kjend for å stoppe små blødningar og hjelpe sår til å gro, og er blitt brukt i hundrevis av år på slagmarker og i heimar.
Men ryllik kan meir enn å lindre sår – det er ein styrkande urt for kroppen. Som te kan den hjelpe ved feber, kramper eller mageplager. Ryllik verkar sirkulasjonsfremjande og rensande, og mange opplever urten som balanserande og styrkande for både kropp og sinn.
Når eg plukker ryllik knuser eg alltid litt mellom fingrane og inhalerer og puster den djupt inn, slik eg altså gjer med mange plantar. Ikkje undervurder korleis plantenes aroma og duftstoff kan påverke deg direkte!

Du finn ryllik i Kroppsbalsam – saman med rødkløver og perikum, ein ekte universalsalve for heile kroppen.
💚 Hjå Vossabia finn du og ryllik i:
- Sitrongras Hårserum – like effektivt på hud og kropp som i håret, med ryllik som gir styrke og balanse.
- Sjampo med ville urter – stimulerer hårfolliklane, styrkar håret, og klør du i hovudbotnen? Då er ryllik i sjampoen vår kanskje redninga!

🌲 Einer – skogens friske pust og styrkedrikk
Har du merka kor godt det kjennes for kropp og sinn etter ein tur i skogen, der du pustar inn den friske, krydra dufta av skogens trær, og då spesielt einer?
Einer er ikkje berre ein duft frå naturen – den er ei styrkande og rensande urt som kan opne pusten, gi klarheit i hovudet og støtte kroppen ved uro eller slapp energi.
Einerbær kan brukast til te, som er både rensande og fordøyingsfremjande, medan kvistar og bær kan kokast til bad eller damp for å lette pusten og gje ei kjensle av oppløftande ro.
Ylva plukker einer som skal brukast til krydder i matlaginga vår
🌲 Hjå Vossabia finn du einer i fleire skattar som tek skogen med heim til deg:
- • Kroppsbalsam – med einer, ryllik og rødkløver, styrkande for hud og musklar, også ved krampar i leggane.
- • Skog Deo – naturleg og langvarig friskleik, inspirert av skogens eigen duft.
- • Skogen på kroppen – frisk og rensande med einer som gir pleie og næring til hud og hår.
💡 Tips frå garden: Når me kokar den sterke urteteen som er basen i Skogen på Kroppen fylles huset med den mest fantastiske dufta. Eg plar løfte lokket og bøye meg ned i panna og trekke pusten djupt – så oppløftande! Det kjennest som å ha med seg heile skogen inn i huset! Prøv å kok ein panne med einer du og!

Eg drikk sjampo-te med ryllik blant anna
Din eigen urtemedisin på lomma
Med desse fem urtene – lavendel, peparmynte, kamille, ryllik og einer – er du godt rusta til små kvardagsplager. I form av te, salve, tinktur eller olje kan dei vere gode hjelparar på vegen.
Og det fine? Du blir meir sjølvhjelpen, og du har naturlege løysingar lett tilgjengeleg når livet byr på små utfordringar 🌿✨
Varm helsing,
Dronningbia i Vossabia 🐝
