"30 års leting etter ansiktskrem er endelig over!" [Les meir i bloggen]

Forkjøla eller stressa? 🐝Urtepleie og produkttips!

Det er den tida på året igjen, og no snufsar og hostar både små og store, nokre tette naser er det også. Då er det på tide å trylle fram litt urtekomfort på kjøkkenet, eller dra fram det grønne urteapoteket. Sjølvsagt er det også nokre 🐝Vossabiaprodukt som kan vere gode til å hjelpe og lindre ved sesongforkjøling. Og kva med stress? Sjekk mi skattekiste av urtemagi  til å hjelpe meg! 
Vanleg forkjøling dukkar opp jamnleg med alle sine velkjente symptom: sår hals, tett nase, rennande nase, rennande auge, hoste, tørrhoste og av og til feber. I snitt vert me forkjøla to til tre gonger i året (ungar opp til ni gonger), men viss du synest du blir litt vel ofte forkjøla kan det vere lurt å prøve å styrke immunforsvaret også. Med eit grønt apotek for handa er det mogleg å både styrke seg og lindre symptoma.
Amerikanske urfolk sverga i hundrevis av år til solhatt. Dei tygga solhattrot, i tillegg til å bruke den i te, mot forkjøling, feber, influensa og mange andre plager. Denne vakre fleirårige planten er blitt superhot også i moderne tid, og det er berre å kaste seg på den «trenden» då mange har veldig gode erfaringer med denne superplanten. Og igjen: den er så vakker! Sjå så fin her i ein av Vossabias hagar:
Svarthyll er ein annan superplante mot influensa og forkjøling, og om du ikkje har planten i hagen kan du kjøpe gode svarthyllprodukt på helsekostbutikkar. Studier av svarthyll viser svært gode resultat på raskare betring ved muskelvondt, feber og andre plager ved influensa.
 
Det er ganske mange urter som kan bidra til å styrke immunforsvaret og dempe plager ved forkjøling og feber. I Panterbalsam har eg 4 av dei! 
Panterbalsam har vore ein «livreddar» for meg som har hatt kronisk bihulebetennelse sidan tidlege tenår. Det er fælt å tenke på kor avhengig eg i perioder var av nasespray, ikkje bra! Men, så utvikla eg Panterbalsam for 18 år sidan! WOW! 
Smør den under nasen ved lett tett nase, stappe inni og smøre naseveggane ved skikkeleg tett nase: det løsner og opner og FRI PUST!! Takk peppermynte, eukalyptus, kamfer og rosmarin! 
 
Tett nase kan jo kome ved allergi og plage like mykje (eller meir) som ved forkjøling, og då også er det berre å ty til denne reddande engelen!
Panterbalsam har faktisk mange bruksområde ved forkjølingsplager. Smør på ved hodepine (eg smører der det er vondt, og nedover muskler i nakke og ut i skuldre), smør utanpå halsen ved begynnande halsvondt (fleire kundar har meldt om symptom som forsvinn dersom ein er kjapt ute ved begynnande halsvondt), hoste: smør på bringa og ryggen på både barn og vaksne, så har me erfart at slimet kjem lettare opp. Vondt i bihulane, smør på! Og har du litt stive skuldre, vondt i ryggen eller andre stader, så er det berre å finne den svarte boksen, la urtene få jobbe og så er det god sjanse for at vondt og verk letter. 
Forkjølingssår på lepper er også ganske vanleg, og veldig ubehageleg. Også der tyr mange til Panterbalsam for effektiv hjelp, men også vår gode Ringblomstsalve og leppepomadane Mynte- og Lavendellepper er gode hjelparar ved slike utbrot.
Kva kan man elles gjere frå kjøkkenbenken for å hjelpe seg sjølv og sine når sesongens virus herjer? 
 
Her er litt av det eg set i gang med når nokon her treng litt urtemagi mot forkjøling og influensa:
 
Honning og kvitløk! Naturens antibiotikum delux! Denne kombinasjonen er skikkeleg super ved luftvegsplager, og spesielt i øvre luftvegar som bihulene. Ein skikkeleg kraftkombo, og det er ikkje berre den antibiotiske effekten som kan vere nyttig, men også dei gunstige  immunstimulerande eigenskapane. Dette er vår families beste tips både til førebygging og behandling ved forkjøling og bihuleplager:
Ha honning i eit glas, eller bruk eit heilt honningglas (jo mørkare honning jo meir medisinske eigenskapar, som lynghonning for eks), , finhakk 4-5 kvitløksfedd, la det trekke i honningen. Spis ei skje 2-3 gonger dagleg. Det plar hjelpe bra her!
 
Kvitløk og kepaløk er supre å bruke ved forkjøling og bihulebetennelse, så et masse kvitløk ved forkjøling. Bruk i matlaging så mykje du kan, og tilsett helst til slutt i matlaginga for full effekt, då oppvarming svekker noko av kvitløkens antiobiotiske effekter.
 
Chaga: Denne utrulege soppen som ser ut som «svulster» på bjørkestammer (ofte litt eldre tre, og typisk der dei har ein skade). Den har vore brukt som medisin i sannsynlegvis tusenvis av år, og i tillegg til all den erfaringa ulike kulturar og urfolk har med den, så er det mykje spennande forskingsresultat med chaga også. Eg lagar sterk te av den, som me frys, og så drikk ungdomane og me vaksne te av chaga i periodar når me kjenner me treng å styrke oss, og som del av behandling ved forkjøling og influensa. Soppen chaga er virushemmande og immunstyrkande og ein av dei mest kraftfulle antioksidantane som fins! Les meir om chaga i Rolv Hjelmstad sitt urteleksikon på nett eller i bokform.
Har du ein urtehage, eller elles tilgang på for eks peppermynte, ryllik, mjødurt, brennesle, rosmarin, timian og sitronmelisse? Dette er nokre urter som er kjent for å ha god effekt ved forkjølingsplager, og dei er fine å bruke i te, blant anna. Lag din eigen blanding til te, varier gjerne på plantekombinasjonen, så får du ulike smaksopplevingar også. Eg har ein urtehage der eg framleis kan gå ut og hente inn supre urter til å ha ferske rett i pannen for å lage te.
 
Eg tørker også masse, så har eg gjennom heile året til både te, mat og til å lage tinkturer (uttrekk i alkohol) som me brukar i vannglasset for å styrke og behandle. Tinktur av ryllik, nesle og rødkløver er alltid for handa her!
Forresten, eit DIY hostedempande tips: lag te av timian! Og/eller ha nokre dråper timian eterisk olje i ein god planteolje, som extra virgin olivenolje om du har det, og smør på brystkassa. Timian er så bra mot hoste!

Skogen styrkar deg!

Kva med ein liten skogstur for å hauste inn til ein oppløysande damp eller hente inn planter til å lage supertinktur? Einer, gran og furu egner seg veldig godt til damp ved forkjøling, og dufter så nydeleg. Ha i litt mynte også, så løyser det endå meir opp. Men, eit anna supertips, om eg må få seie det sjølv, er å gjere seg kjent med STRYLAV (eller Usnea). Det er "skjegget" på gamle bjørketrær, og det er også eit av naturens fantastiske antibiotikum. Det kan haustast heile året, men er perfekt no framover når det ikkje er så mykje anna å hauste inn. Legg på sprit i 4 veker, og så får du ein tinktur som gjerne kan bli ein viktig del av ditt grønne apotek med sine slimløysande, febersenkande og immunstyrkande eigenskapar.
Gjengen min har hatt kvar sine lette rundar med forkjøling no, så det er berre eg som har sluppe unna førebels. Men eg har til gjengjeld ein del stress som eg stadig går inn i urtesonen for å minske. I dag tidleg vart det rosenrottinktur i vannglasset (fantastisk ved stress), og så stod eg og rørte over panner med fantastiske urter og laga kroppssåpa Skogen på kroppen etterpå, så det vart oppløftande innhalering av nykokt einer saman med eterisk olje av furu og eukalyptus. Helledussen så nydeleg! 
Hardt arbeid og stive skuldre når det blir laga panne på panne med sjampo og kroppssåpe for hand, men  INGEN PROBLEM! Panterbalsam lett massert inn på skuldrene, og kanskje eg kan få Olav til å gje meg ein kroppsmassasje med Kroppsbalsam med ville urter? Ja, og så blir det vel ein kopp te med sitronmelisse og kamille frå hagen for verkeleg få roen ut på kvelden ;)
 
Urtemagi altså, til all slags behov!

Hausthelsing frå Renate

🐝 Vossabia


Gi en kommentar

Vennligst mer at kommentarer vil måtte godkjennes før de publiseres