Urte- og bivoksklem til alle med eksem! 🌿🐝💚

Urte- og bivoksklem til alle med eksem! 🌿🐝💚

Først må eg få gje store virtuelle klemmar til alle som lever med eksem ❤️‍🩹 Me forstår smerten, ubehaget, og ikkje minst opplevinga av å føle seg ukomfortabel i sin eigen hud. Eg har møtt enormt mange med eksem, små barn og store voksne, gjennom alle marknadar og gode samtalar over messebord, på telefon og epost og via tilbakemeldingar, sidan 2004 og opp til i dag. Det fantastiske er at faktisk tusenvis av menneske har fått god lindring og hjelp med urter og bivoks frå Vossabias produkt 🥹💖

👉 Eksem (atopisk dermatitt) er ein kronisk, betennelsesbasert hudtilstand som gjer huden raud, kløande og irritert. Vanlege symptom på eksem er:
· Tørr, betent, tjukk, sprukken eller skjellende hud
· Kløe
· Væskande eller skorpebelagt hud
· Små, heva knoppar (som kan lekke væske ved kløing)
· Hoven hud (ofte frå kløing)
· Læraktige hudflekkar (lichenifikasjon)

Eksemutbrot skjer ofte i periodar, og kan utløysast av kunstig parfymert såpe og parfyme, badeprodukt, kosmetikk, vaskemiddel, samt naturlege stoff som sitron, natron og eddik.

Livsstil kan og påverke: stress, hyppig handvask, dårleg ernæring og lav luftfuktigheit (som ved sesongmessige endringar i været, tørr luft eller innandørs oppvarming) kan og føre til utbrot.)

 
Olav, min sambuar dei siste 10 åra, var full av ansiktseksem då eg møtte han. Me møttes i fjøsdøra hans, der eg kom tilfeldig gong på gong for å kjøpe økologisk melk 🥛 Han såg altså ikkje ut, hehe, og var ein perfekt «case» for ein urte- og bie-nerd og naturleg hudpleiegründer 🙋‍♀️

Me begynte raskt å henge meir saman enn berre rundt melketanken, og då fekk eg sjansen til å smøre han inn med desse verksame og magiske plante- og bivoksprodukta våre! 🐝💚🌼 Ringblomstsalve var redningen for han, og du gjetta rett: han blei KJAPT kjempefin i huden, og eksemen forsvann 😄🙌

Olav i 2014 etter at Ringblomstsalve raskt kurerte hans eksem!
 
For Olav er det tydeleg at det i størst grad er ytre påverknad i frå arbeidet som bonde som gir han eksem. Det er mykje i lufta inni fjøsen som påverkar huden hans. I tillegg er det ganske heftig å vere bonde, og stress er ikkje akkurat sjeldan vare 😅 Så der har me den typiske kombinasjonen ytre og indre påverknad, som viser att i huden. I tillegg åt han på den tida ein del matvarer som ikkje var bra for han, og det er også med å påverke huden vår i stor grad.
Olav i dag, framleis med nydeleg hud, takka vere Vossabia og betre mat på utsida og innsida 🙌🥰 og dei dagane huden reagerer så tek ringblomst det over natta
 
Og det er mange som Olav! I følge Astma- og allergiforbundet så har ca 20% av norske barn atopisk eksem, og 7-10 % voksne! Og så er det nok store mørketal! 😣 Det er mange menneske, som kjenner kløe, irritasjon, smerte, ubehag og som får påverka kvardag, generell helse og trivsel, seksuell helse og relasjonsutfordringar, på grunn av eksem 😞 
 
🥹 Eg vil no dele korleis enormt mange menneske har fått enkel hjelp med fleire av våre plante- og bivoksbaserte produkt, som har gitt rask lindring og heling kor som helst på hud og kropp, alt frå inni øyrene til underlivet, og alt i mellom 💚🙌 Målet er at fleire skal få rask, naturleg, sunn og god hjelp, og kanskje kan det hjelpe både på hud og humør! ✨ 
 
 
Bivoks = gull! 🌟
 
🐝 Bivoks har vore kjent for sine antimikrobielle eigenskapar heilt sidan oldtida, og moderne forsking viser at det framleis har mykje å tilby. 

Bivoks og hudens mikrobiom
Forsking viser at bivoks kan bekjempe ei rekkje bakteriar, inkludert vanlege årsakar til infeksjonar som Staphylococcus aureus og Escherichia coli. Sjølv om propolis frå bier har sterkare effekt, er bivoks lettare tilgjengeleg og fortsatt effektivt mot fleire bakterie- og soppartar 🙌 Kombinasjonar av bivoks med andre naturlege ingrediensar som honning og urteoljer har vist seg å vere svært effektive mot ulike hudinfeksjonar.
 
Bivoks som hudbarriere
Bivoks fungerer som ein utmerka hudbeskyttar ved å danne ein film på huda som forhindrar tap av fukt 💦 Studier viser at hudprodukt med bivoks er overlegne samanlikna med vanlege barrierekremar når det gjeld å redusere hudirritasjon og oppretthalde hudens integritet. Dette gjer bivoks til ein ideell ingrediens for å beskytte og lindre irritert hud 🤩
 
Bruk av bivoks mot eksem og psoriasis 
Forsking viser at bivoks kan hjelpe til med å lindre symptom på atopisk dermatitt (eksem) og psoriasis 💛 Bivoks bidreg til å gjenopprette hudens fuktigheitsbarriere og redusere betennelse, noko som gir merkbar forbetring i hudtilstanden. I kombinasjon med honning og urter har bivoks vist seg å vere spesielt effektivt, og til og med reduserer behovet for kortisonkremer. Det siste har me sett utruleg mange eksempel på dei siste 20 åra, der kundar har meldt at dei kunne slutte med kortison, då Vossabiaprodukta er meir verksame og gir betre resultat for mange 😄
 
💡 Viss du vil vite meir om bivoks i hudpleie, sjekk ut denne studien: A review of the use of beeswax in skincare
Me byter ut vokstavler i bikubane som eit viktig dyrevelferdstiltak ein gjer som birøktar. Hyppig utskifting av vokstavler sikrar god hygiene for biene og er sjukdomsførebyggande 😊
 
 
5 FANTASTISKE URTER mot eksem og for å reparere inflammasjon i huden
 
🧡 Ringblomstolje er dronninga! Og me har store mengder ringblomstolje + ringblomstekstrakt i vår meget effektive Ringblomstsalve. Me har også ringblomstolje i hårserum, og ringblomstekstrakt i alle leppepomadar. Og det er jo fordi den er så verksam og med masse helsefordelar, blant anna knytt til eksemproblem. Ringblomstolje er kjent for sine betennelsesdempande eigenskapar, takka vere sitt høge innhald av antioksidantar. Den inneheld flavonoider og karotenoider (som gir ringblomstene den livlige og sterke fargen), som hjelper til med å fjerne dei underliggande årsakane til eksem og ei svekka hudbarriere. Ringblomstolje kan bidra til å lindre tørr hud, irritasjon, kløe og betennelse som oppstår ved eksemutbrot. I tillegg har den soppdrepande, antibakterielle og sårhelande eigenskaper som gjer helingsprosessen raskare, og ringblomst beskyttar sprukken hud mot infeksjon. Antioksidantene i ringblomstolje stimulerer og kollagenproduksjonen, som hjelper til med å reparere og hydrere den skada hudbarrieren.
 
I forrige veke hadde me filmfolk her, og han eine hadde eksem på innsida av albogen som plaga han. Han testa ringblomst om kvelden, og neste dag kom han her som eit stort smil og fortalte at eksemen hadde forsvunne over natta. Og det er rørande nok ein typisk tilbakemelding 😉
 
 
💛 Kamille deler eigentleg dronningtrona med ringblomst. Steike for ein kraftfull plante, sjølv om den står der og lurer deg med sitt sarte vesen. I 2004 var Kamillebalsam det andre produktet eg utvikla oppskrift på, og etter å ha studert kamille i urtelæren og alle helseeigenskapane, så var det klart at det skulle både masse kamilleolje OG kamille eterisk i denne grønne salven (og grønnfargen betyr at her er det ekte og kraftfull kamille i krukka). Slik får eg mest mogleg av kamillens eigenskapar med i vår Kamillebalsam. Og du og du så mange tilbakemeldingar me har fått i 20 år på spesielt kløande eksem og psoriasis. Kamille har eit svært bredt spekter av innhaldsstoff med farmakologisk effekt, noko som gjer at den har mange medisinske eigenskapar som personar med eksem og psoriasis kan ha effektiv nytte av: Kamille har raskt kløedempande effekt, er beroligande, og har anti-allergiske, antiseptiske, betennelsesdempande, antimikrobielle og sårhelande eigenskaper som støttar hudens regenerering. Kamilleblomar er rike på antioksidanter som roar ned vanlege eksemsymptom som sprukken hud, raudheit, og betennelse. Kamille virkar og som eit mildt samantrekkande middel som lindrar sensitiv hud.
 
👉 Tips til heimebruk av kamille for eksem:
Kamille-tepose-kompress: Dypp ein kamille-tepose i kokande vatn i 5 minutt. La den avkjøle seg til romtemperatur før du plasserar den der du har eksemutbrot. La teposen ligge på eksemflekken i 20 minutt. Du kan bruke opptil 3 kompressar dagleg til utbrotet er under kontroll.
 
 
❀ Ryllik er også fabelaktig på eksem, og ein veldig spennande plante historisk, då den har vore ein verdfull ingrediens i urtemedisinen i tusenvis av år. Ryllik er blant anna kjent for sine hudhelande eigenskapar, samt betennelsesdempande og samantrekkande effekt, som er viktig når det kjem til eksem. Ryllik er både revitaliserande og beroligande, og var eit sjølvsagt val når eg skulle lage oppskrift til Kroppsbalsam. Faktisk er eg på veg ut for å plukke meir ryllik i fjellet no når eg er ferdig å skrive. For her treng me masse masse gjennom året, då me foredlar den til tinktur før den, med djup respekt, kjem med i Kroppsbalsam med ville urter. Ryllik gjer også gode ting for hodebunnen og spelar på lag med dei andre urtene i Sjampoen vår.
 
 
🌼 Perikum er ein kraftfull alliert når det gjeld å lindre nesten alle vanlege eksemsymptom. I Kroppsbalsam har eg slått perikum saman med ryllik og rødkløver frå garden, og fantastisk kamilleolje i tillegg. Så snakk om kombo! Og når det gjeld perikum og eksem: ei studie frå 2003 viste at dagleg påføring av ein krem med perikum to gonger om dagen i ein månad betydeleg forbetra eksemutbrot hjå pasientane. Perikum er rik på antioksidanter kalt flavonoider, og planten har betennelsesdempande, beroligande og fuktigheitsgivande eigenskapar som lindrar smertefull, raud, sprukken eller tørr og kløande hud, samtidig som den styrkar hudbarrieren. Perikum framskundar og sårhelingsprosessen, slik at skada hud helar raskare. Dei antivirale eigenskapane til perikum bidreg til å halde opne sår reine under helingsprosessen og førebygge mot infeksjonar.
perikum
🌿 Brennesle er også din ven om du har eksem! Brennesle byr på betennelsesdempande og antihistamine fordelar som kan dempe betennelse, raudheit, kløe, tørr hud og allergiske reaksjoner som bidreg til eksemutbrot. Denne planten som mange ser som ugras er tvert i mot meget verdfull: den er rik på antioksidantar som aukar cellefornyinga, reparerar fuktbarrieren og er til hjelp ved sårheling. Brennesle har og mykje vitamin C, eit næringsstoff som er avgjerande for hudens barrierefunksjon og kollagenproduksjon. Vitamin C fungerar som eit antihistamin som er kjent for å støtte hudhelsa og kontrollere betennelser eller irritasjonsskapande allergen. Tilstrekkeleg inntak av vitamin C har og vist seg å redusere eksemsymptomer.
 
👉 Slik brukar du brennesle:
· Topisk bruk: Påfør hudprodukt med brennesle direkte på huden for å lindre eksemsymptom, prøv for eksempel vår nydelege Tindved og Nesle, og for hodebunnseksem prøv Sitrongras hårserum (kan og brukast på huden) og Vossabia sjampo som har masse nesle.
· Kosttilskot: Brennesle kan og tas som eit supplement for å forbetre hudhelsa frå innsida.
· Te: Drikk brenneslete for å bidra til å redusere eksemutbrot.
· Naturleg kompress: Fukt brennesleblader og legg dei direkte på huden som eit naturlig middel mot eksem.
brennesle
 
Andre produkt folk har fått hjelp mot eksem med: 
 
 
 
👩‍🌾 Før eg no kjem meg ut i sola for å plukke den solhungrige rylliken håpar eg at dette var tips som kan hjelpe og motivere til å bruke naturlege saker og tiltak på eksem og psoriasis. Det er eit fantastisk apotek der ute, og med kunnskapsbaserte naturprodukt til hud og hår så er det i alle fall særs godt å kjenne på at veldig veldig mange med irriterande og vonde hudplager har hatt nytte og glede av å få Vossabia på huden 🥰💛
 
 
Avslutningsvis vil eg tipse om at det kan vere smart å unngå triggarar for å halde eksemutbrot i sjakk, i tillegg til å smøre seg med sunne gjennomtenkte saker.

Det er spesielt viktig å unngå matvarer som kan forverre eksemen når du alt har eit utbrot. Vanlege matvarer som kan trigge eksem er:
· Melk/meieriprodukter
· Kveitemjøl
· Soyaprodukt
· Nøtter
· Egg
· Fisk
· Sukker
· Mattilsettingar
Det beste er sjølvsagt alltid å lage mat frå botnen, og i alle fall passe på at det meste ein et er laga av råvarer og ikkje sterkt behandla ingrediensar.
 
 
Så gjeld det å kose seg og få ned stress og uro 💆‍♀️ og då vil eg tipse om eit fantastisk arrangement som kjem her til Vestlandet om litt. Altså sjekk dette utrulege badstove-arrangementet under 👇 Det får nok skuldrene ned og det vil gje både hud og kropp og sjel ein restart!
brennesle
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia