Gjer leppene klar til advent og jul! 💋

Gjer leppene klar til advent og jul! 💋

Har du prøvd Vossabias aller aller fyrste hudprodukt, lansert i 2004? Nemleg Leppepomadane? Dette er ikkje kva som helst leppepomader, men faktisk, heilt objektivt 😉 VERDAS BESTE LEPPEPOMADER! 🤩 No får du alle 5 i ei ny familiepakke!

Me er sjølvsagt bittelitt inhabile, MEN, det slår meg kvar gong eg prøver andre leppepomader: Vossabias leppepomader skiller seg skikkeleg ut 👄 Utruleg mjuke på leppene, ikkje for tørre som mange er, ikkje klissete, aldeles perfekt i konsistensen, held lenge på leppene, gir fin glans, og så er dei superpleiande og helande.

huldrelepperTørre lepper, munnsår, sprukne lepper, og til og med herpes… det har kome så mange fine tilbakemeldinger desse 20 åra. Men, det er ikkje så rart, for dei fleste leppepomader (som Lypsyl) er paraffin- og vaselinbaserte, noko som blokkerar og tørkar ut huden, og gir ei falsk kjensle av å få fukt og mjuke lepper.

Leppepomadane våre vart utvikla etter eg var på eit morsomt kurs i Trondheim i 2003: Verkstedkurs for kvinner i birøktermiljøet! 🐝 På den tida hadde eg kun ulike honningtypar med på marknadar, og eg hadde fundert på korleis få formidla om den fantastiske bivoksen sine eigenskapar. Leppepomadar var ein perfekt start og super måte å nytte bivoksen vår til 🍯 Så då satte eg straks i gong å undersøke og utvikle og kom fram til denne altså verdens beste leppepomade- oppskrift 🤩

leppepomade

Dei fyrste leppepomadane hadde me i små søte krukker 👆

Etter kort tid ramla det inn tilbakemeldinger som hylla Lavendellepper og Myntelepper, og det var klar tale frå mange kundar: Du må lage meir og større, for leppepomadane funka på eksem, psoriasis, herpes, sopp og eg hugsar ikkje alt som vart meldt inn ein gong 😅 Hehee. Veldig moro og inspirerande, og slik var Vossabias hudpleieserie sparka i gang etter etterspurnad frå kundar! 💫🐝

Me har no laga eit nytt pakketilbod der du får heile Leppefamilien i ein pakke, inkludert nykommaren Konglelepper. Vossabias Leppefamilie passar faktisk til heile familien: Her får du dei 5 familiemedlemmane: foreldrene Lavendellepper, og Myntelepper, og dei tre borna Huldrelepper, Ylvas lepper og yngsten i flokken: Konglelepper.

Ei superfin pakke med 15% rabatt til bruk på både lepper og i kinn (sjekk tips nedi her)! 😚

Pakketilbod med heile leppegjengen


Koseleg å mimre litt om desse første babyane mine. Men, no handlar det vidare kun om LEPPER! Og då er det ikkje berre dei 5 fantastiske leppepomadane som gjeld. Det er fleire måtar å pleie og puse med leppene på, heilt essensielle tips her no, spesielt om vinteren og i alle fall om du vil ha KYSSEKLARE lepper til advent og jul 💋

👉 TØRRE LEPPER
Alle leppepomadane våre er knallgode på tørre lepper. Og no om vinteren med kald og tørr luft så blir det automatisk tørrare lepper og. Då er trikset å ikkje sleike seg på leppene, det tørker dei meir ut, men heller smør deg med verdens beste leppis 😘 Pass og på å drikke nok vatn, så du held kropp og hud og lepper hydrert innanfrå og 💧
Vil du ha mjuke hydrerte lepper utan farge så er Lavendellepper og Myntelepper berre mega maks! Myntelepper kjem forresten i ny drakt no, med grøn etikett! Eg fann ut at den måtte freshe seg opp no i sitt 20. år, og bli grøn som mynte jo er! 💚🌿 Kva synes du? 

Myntelepper

Sjekk nye Myntelepper glir rett inn i jungelen då, eller kanskje den perfekte leppepomade å ha med på jakt (med kamuflasjefarge i skogen) 😂

Om litt farge på leppene er å føretrekke så er me heilfrelst på Konglelepper, Ylvas lepper og Huldrelepper, som også pleier like mykje med blant anna ringblomst 🌼 som ein av ingrediensane. Og apropos ringblomst: mange brukar Ringblomstsalven vår på leppene og elles rundt leppene om huden er blitt raud og sår. Supereffektiv, nærande og heilt herleg på leppene den og! 🤩

leppepomade👉 LEPPESKRUBB!
Har du og høyrt at det fins eigne leppeskrubbar? Supert for å få endå mjukare lepper! 🪶 Men, visste du at om du har ein Vossabia sitrusskrubb i hylla di så har du faktisk ein perfekt leppeskrubb klar til bruk! Den er spiselig (Emil har vokst opp med å dyppe fingeren i kroppsskrubben og smatte i seg denne deilige skrubben 😂), og det er faktisk viktig at ein leppeskrubb er spiselig, for det er ganske sannsynlig at du får noko innanfor leppene og 😋 Så me anbefaler å skrubbe lett og forsiktig med sitrusskrubben og så skylle med vatn.

sitrus skrubb

💡 Fordelar med å bruke skrubb på leppene to gonger i veka:
- Heilt opplagt fordel er at lett skrubbing fjerner død hud så du får mjuke lepper og ein jamnare trutmunn 😉
- Jamnleg skånsam skrubbing kan og betra tonen i leppene og bidra til å få bort eventuelle misfarginger i leppene
- Med sitrusskrubben vår så tilfører du næring gjennom økologisk rårørsukker, økologiske planteoljer som hampolje og mandelolje, og vår eigen fantastiske honning, som og er med på å halde hud og lepper hydrert! 💚
- Til slutt: Du kan med lett leppeskrubb, på naturleg vis, få midlertidig fyldigare lepper då skrubbing aukar sirkulasjonen i leppene

👉 SPRUKNE LEPPER?
Alle leppepomadane er knallgode på å fikse dette, til og med ei med farge, men så har me og Panterbalsam då! Den er faktisk genial på lepper som har sprukke opp 🙌 Legg på tynt lag og opplev rask heling og snart fine lepper att! Deilig med dei sterke urtene i også: mynte, kamfer, rosmarin og eukalyptus 🌿

panterbalsam

👉 GLØD PÅ LEPPENE OG I KINNENE?
Har du sett dei tre skjønnaste leppepomadane me har med naturleg farge? 💄 Og framleis like helande og pleiande med berre dei beste ingrediensane!

konglelepper

Konglelepper er yngste tilskotet i familien, men har på kort tid rukke å bli meget populær. Med diskret og vakker farge (nude som mange vil kalle den), nydelege glansen og deilige kjensla på leppene, så er den blitt mange sin nye favoritt ⭐️

leppepomade

Ylvas lepper gir deg dei freshaste rosa lepper 💖, medan Huldrelepper  med sin mørkare tone får fram ein nydeleg leppeglød ✨ Men, prøv å kombinere dei to! Det blir ein heilt unik farge, DEI vakre leppene!

ylva med huldrelepper

Ylva med Huldrelepper og Sensuell for glans ✨ 


Og vil du i tillegg ha glans og glossy lepper så tek du eit tynt lag Sensuell på. Då glinser og gløder du så berre det! 🤩 Alt dette er det Ylvajenta mi som har kome på! Hehe, ho leikar og eksperimenterer og kjem med gode tips til den kjedelege mammaen som ikkje gidder å sminke seg ein gong. Men dette digger eg!

huldrelepper

Sjekk gløden på lepper og kinn med Huldrelepper 💖 amma pynter seg medan 5-åringen vasker speilet 😂


Og Ylvas neste tips elsker eg og: Du kan nemleg gjere det same i  innene, kombinere Ylvas lepper og Huldrelepper (eller berre sistnemnde) og få ein rask, naturleg, økologisk og flott BLUSH 😊 Kjapt å påføre og så ser du sååå fresh ut! Love it! ❤️

Pakketilbod med heile leppegjengen

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia