Solkrem faktor 10
Solkrem faktor 10
Solkrem faktor 10

Solkrem faktor 10

Tilbud180,00 kr

Vossabia Solkrem, som med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar, beskytter mot UVA og UVB-stråler, gir fuktighet og næring til huden. Den er meget pleiande og tek vare på huden med bivoks, lanolin og gode urter som til dømes økologisk jojoba-, tistel- og kokosolje. Solkremen sin solbeskyttande effekt kjem av det naturlege fysiske solfilteret tiosol (finmalt titandioksid som er eit godt mineral som vert blanda med økologisk tistelolje hjå Urtegaarden i Danmark), og det er den solbeskyttelsen forskarar anbefalar som trygg å bruke. Tiosolen Vossabia brukar er undersøkt og godkjent med god margin i høve nanopartikkelnivået, då Vossabias fokus alltid er på helse og miljø. Solkremen utvikla Vossabia i 2007, og på desse åra har det kome inn svært mange flotte og spennande tilbakemeldingar frå kundar. Mange berømmer solbeskyttelsen, og at den også virker helande på solbrent hud om ein har gløymt å smøre og blitt solbrent. Folk som har problem med soleksem, tørr hud i sol, rennande auge med andre solkremar og elles intoleranser i høve konvensjonelle solkremer, opplever ofte særs gode og effektive resultat med denne solkremen. Den er særs mild og passar for alle aldre, frå baby og oppover.

BRUKSANVISNING: Den er meget dryg i bruk, så du kjem langt med overraskande liten mengde, og du smører den lett utover.  🌼☀️ 

Innhald: lanolin, øko tistelolje, øko solsikkeolje, øko jojobaolje, tiosol (solfilter med finkorna ikkje-nano titandioksid (naturleg mineral) blanda med øko tistelolje), øko kokosolje, øko sheasmør, bivoks, naturleg e-vitamin, Co2 ringblomstekstrakt, øko lavendelolje, karotin.