Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve

Babysalve

Tilbud199,20 kr

Volum: 50 ml

Babysalve frå Vossabia er ein 100% naturleg og pleiande salve for den sarte babystumpen 👼 Smør på rein hud etter kvart bleieskift for å beskytte og mjuke opp huden. Med bivoks, øko. tistel- og jojobaolje som gir god pleie til huden, og lanolin som nøytraliserer ammoniakk og førebygger og lindre bleieutslett og sår stump.

Ingredients:
Carthamus Tinctorius Seed Oil, Lanolin, Simmondsia Chinensis Seed Oil, Beeswax, Lavandula Angustifolia Flower Oil, Tocopherol, Helianthus Annuus Seed Oil, Brassica Napus Seed Oil, Zea Mays Oil, Beta-Carotene, Linalool, Limonene, Geraniol.


INNEHELD PÅ NORSK:
øko. tistelolje, lanolin (ullfeitt), bivoks, øko. jojobaolje, naturleg e-vitamin, øko lavendelolje.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Smør på rein hud etter kvart bleieskift, og opplev den gode førebyggande effekten også. Babysalven er dryg i bruk, så det er lite du treng om gongen.
Smør heile området foran og bak.

Tips: Babysalven er også fin å massere barnet med når du har ekstra tid under stellestunda. Bruk den også på tørre flekkar og utslett, så kan det godt vere den bidreg der og 🌼

Ekstratips 🐝
Diare kan gje veldig sår hud som svir mykje. Smør ekstra og hyppig i slike perioder, også etter bleieperioden, så vil forhåpentlegvis barnet oppleve rask lindring av svie og sårhet.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakke med sporing frå Bring.
Velg mellom Levering i postkassa (henge på døra om postkassa er for liten/full) eller Levering til hentestad.

Kvifor bruke ein naturleg Babysalve?

100 % naturleg og kun sunne saker for minsten, sjølvsagt! Og så tek Vossabia Babysalve oftast bleieutslett og sårheit over natta, og gir rask lindring for barnet, sjølv der det er blitt veldig sårt og vondt.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Bruk også etter bleiefasen!

Babysalven sine mjukgjerande og lindrande eigenskaper gjer den også god for større born og vaksne, og den passar også fint som kuldesalve til dømes.

Ingredienser

Babysalven nøytraliserer den etsande ammoniakken i urinen med fantastisk lanolin, beskyttar med bivoks og pleier med gode planteoljer. Få, men meget effektive ingredienser.

  • Bivoks
  • Jojoba
  • Lanolin
  • Lavendel

Ein god, naturleg og effektiv babysalve

Då Ylva vart fødd i 2007 fekk eg behov for ein god, naturleg og effektiv babysalve, då ho var så sår og raud stadig vekk. Eg ville ikkje bruke noko av det som var på marknaden, og utvikla dermed denne salven som har gleda mange småborn og foreldre sidan. No har det vore attpåklatt Jonatan som har kost seg med plettfri hud på stumpen pga god førebyggande effekt, og han elskar å bli smurt inn og ber om den sjølv 🥰

Bruksanvisning

Ta liten mengde Babsalve på finger/fingre, smør eit fint lag utover i underliv både foran og bak på baby. Perfekt ved kvart bleieskift. Bruk gjerne også til å massere baby, og gjer stellebordstunda spesiell.

Førebygger og heler sår babystump effektivt og raskt med naturlege og økologiske ingrediensar

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Kjerringrokk – min favorittplante til håret!!

Det er heilt vilt korleis det veks ute no! 🌿 Alt kjem på ein gong, og kjerringrokken er plukkeklar i alle fall tre veker før vanleg! Det er fantastisk, for her var det så og seie tomt på lager no!!...
Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Eg skriv om eksen min! Ja, eg hyller han faktisk!

Erik, faren til Ylva og Emil, fortener nemleg å bli hylla. Hadde det ikkje vore for han hadde eg kanskje ikkje blitt frisk når eg var kjempesjuk i starten av tjueåra. Hadde det ikkje vore for han h...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring