Ei feiring av intimitet, kjærleik og romantikk ❤️😘

Ei feiring av intimitet, kjærleik og romantikk ❤️😘

Eg utvikla Vossabia for å gje muligheten til å ta vare på seg sjølv og sine på ein sunn og naturleg måte, og då høyrer naturlegvis intimitet og kjærleiksliv med! 💕

I dag feirer me dette med å framheve eit produkt som har bursdag! 🎉 Fantastisk deilige Sensuell er nemleg 16 år!! 🎉 Hoi Hoi!! Og me FEIRER med ROMANTISK GÅVE TIL GODE KUNDAR! 🎁 Sjekk meir nederst i eposten, og gled dykk til sexy sanseoppleving! 💕

sensuell

For det er akkurat det! Nokre planter gir faktisk euforiske sanseopplevingar gjennom duftene sine, som går motorvegen rett til hjernen, og fungerer som det ein kallar for afrodisiakum. Det betyr at dei kan gje auka sexlyst, libido, lyst og lidenskap blant anna 💗 I den himmelsk glatte og glidande Sensuell så har me inkludert to kraftfulle euforiske oljer: ylang ylang og kardemomme, som er med å auke sexlyst og lidenskap, og er berre superdeilig. Så har du ikkje prøvd den, ja då har du gått glipp av noko! 🤩 

Mørketida er over oss, og det er verkeleg tida for å dyrke nærheit og kjærleik, både til oss sjølv og eventuell partner.

Sensuell er akkurat det me treng no i denne kalde og mørke tida! Den er jo ein superdeilig intim massasjesalve, perfekt over heile kroppen, MEN eg vil vel eigentleg aller helst heller kalle den for eit fantastisk og opphissande glidemiddel for både damer og menn! 🍑🍆

Veldig moro når mange fortel meg om auka erotikk og sensualitet og sterkare seksuelle opplevingar, som for nokre veker sidan når det var ei som berre peika på krukka med Sensuell på marknadsbordet mitt, såg lurt på meg og sa: TAKK! 💓 Og det var målet når eg utvikla Sensuell for 16 år sidan! Konsistensen og duften forfører! 

sensuell

❤️ Sensuell er spesielt laga for å pleie erotikken og sensualiteten på ein trygg og sunn måte 💕 Me skal kjenne oss heilt sikre på at når me er intime og nyter nærhet og romantikk, så er det med trygge, naturlege og sunne, næringsrike ingrediensar. Det var ikkje mykje av det i dei glidemiddel og intimprodukt eg sjekka innhaldslista på, og eg mista all gnist og tenning berre av å finne ut kva innhaldet er. Og dette smører folk seg med på dei mest intime og sensitive område av kroppen… DIFOR utvikla eg SENSUELL!! ❤️‍🔥 og no har det i 16 år vore eit bivoks- og planteoljebasert glidemiddel og intimimassasjesalve med økologiske ingrediensar 🙏🏼

harserum

Uavhengig av kjønn, status, alder, om du er singel eller i eit parforhold så er Sensuell heilt perfekt til intim bruk. Den er altså så glatt, glidande, deilig å ta på og nydeleg aromatisk, at berre det å ta og kjenne på Sensuell kan vere opphissande i seg sjølv (spør du meg, altså 🤪 – eller som min sambuar seier: «berre navnet, sensuell, gir kriblinger, og salven står til alle forventningar».)

❤️ Så det å sette av tid til ei lita, god fristund med seg sjølv eller hyrdestund med partnar, og teste ut og utforske dette produktet på alle moglege måtar er verkeleg noko eg anbefalar. Den har så mange bruksområde innanfor sensualiteten og erotikkens kunst - her er det berre å bruke fantasien, leike seg og glede seg over vegen til klimaks, og ikkje minst sjølve ekstasen! Alt er lov 💥

Her heime er me så glad i Sensuell at me har den på begge nattbord, slik at den alltid er innan ei armlengdes avstand! Eg kan nesten love at den verkeleg hjelper med å gje ny glød og ein ekstra gnist til forholdet - eller vil krydre det alt gloheite forholdet, såpass at du vil få lyst til å ta den i bruk kvar dag, og på nærast mogleg måte feire relasjonen! 🎎 🎊

sensuell

Sensuell kan og vere til supergod hjelp ❤️‍🩹

Sensuell er også fantastisk når det gjeld ulike seksuelle utfordringar i underlivet. Dersom ein for eksempel har problem med tørr skjede, og har vanskeleg for å bli tilstrekkeleg våt, kan Sensuell vere super hjelp. Den er som sagt utruleg glidande og stimulererande, slik at den også kan hjelpe til å stimulere til å bli mer naturlig våt i tillegg. Opp gjennom åra eg har hatt denne har det kome tilbakemeldingar om fleire gynekologar som anbefaler Sensuell til for eksempel kvinner i overgangsalder som treng ekstra fukt.

Sjølv om det sikkert er mange som leser dette og tenker at “Ah, nei, det gjeld ikkje meg! Eg blir så kåt og våt sjølv at dette treng eg ikkje” (som er heilt fantastisk å høyre!), så vil eg rett og slett seie at Sensuell aukar og styrkar nytelsen, ekstasen og den deilige opplevinga så mykje at du, etter mitt syn, går glipp av noko om du ikkje har prøvd Sensuell enno. 

Og for mannfolka!

Ja, Sensuell gjer underverk for mannen også altså! Ver aldri i tvil om det 🤩❤️‍🔥 Og kjenner han seg sliten og slapp, så vil ofte Sensuell gjere underverk. Gje mannen (eller mann: gje deg sjølv) massasje i alle dei mest sensitive og erotiske område, og leiken og lysten vil  nå nye høgder 💫 Jadå, snakkar visst rett frå levra i dag 😅


ESSENSIELL SENSUELL GIVE AWAY! 💕🌸

essensiell sensuell

Drypp nokre dråpar på huden din, smelt den inn i huden og la duftene forføre deg! 
Romantisk og sexy rose, jordnære, musky patchouliblomst som er utruleg djup og rik, saman med fruktige og friske bergamot som gjer oss meir positive, aukar sexlysten, og kan gjere kjærleiksakten endå meir deilig og spennande ♥️
 
Gjennom avslapping av musklane, reduksjon av spenning og auka sirkulasjon opnar kroppen seg for nytelse. Med rose, bergamot og nydeleg patchouli håpar eg du merker korleis kropp og sinn roer seg, opner seg opp, og blir klar for  at denne erotiske oljeblandingen kan gjere livet endå meir herleg.
 
👉🏻 Bruk til massasje, i nakke og bak øyra som parfyme, drypp nokre dråpar på puta, eller la den stå open på nattbordet før du går til sengs og la stemningen sige over deg 💗
Alle me her hjå Vossabia går no og gnir den inn på handledd og bak øyra og eg lovar: det er positiv og god stemning på jobb 😁 Gode dufter direkte til hjernen, det gjer susen!
 
🎉 Vil du ha bursdagsgåve med på kjøpet?
👉🏻 Pass på å legge til Essensiell Sensuell i handlekorga og skriv inn denne rabattkoden i handlekorga: GRATISESSENSIELL , og når du handler for over 600kr får du den gratis!
essensiell sensuell

3 superbra produkt

Pakketilbod til den sensuell dama! I dette pakketilbodet finner du i tillegg til ❤️ Sensuell, desse to godbitene:
💋 Leppepomaden Huldrelepper 
😍 MiniDEO Sensuell
Alt dette i 🎁  eit pakketilbod til kun 439 kroner!
PS: Neste sommar fyller Vossabia 20 år 🤩🎉 me planlegg å gjere noko heilt spesielt med spennande foredrag, aktivitetar på garden og mykje moro 🥳
Har du lyst til å vere med å feira Vossabia neste sommar på Voss? 💚 Har du nokon idear? Svar på denne eposten med dine forslag!! 🙏💗