Historien bak Vossabia 🐝🌼

Korleis vart Vossabia til? 

Det er mange som opp gjennom åra har spurt korleis Vossabia vart til, og det er eit viktig spørsmål, for det handlar om heile grunnlaget, konseptet, og grunnmuren for Vossabia. Bakgrunnen er med meg kvar dag, og inn i produkta og i det eg har behov for å formidle.💚

Det er ikkje berre lystig lesning, men det handlar om korleis me blir forma og prega og korleis livet som skjer kan påverke den retningen me vel å ta. Via sjukdomstraumer, død, kjærleik, fødsler og nitidige studier – fram til ein sterk heilskapleg tankegang og filosofi om helse og naturen me omgjer oss med. Og i botnen: eit brennande ynskje om å formidle om natur, helse og kretsløp i eit større perspektiv, og utfordre korleis folk flest tenker om helse og hudprodukt. ♻️🐝

Skal det vere ein plantebasert rett til huden din? 😉

💫 Eg oppdaga heilskapleg helse:

Pappa døde då eg var 19 år, i 1993 – han blei berre 43 år. Mamma døde 50 år gammal i 2003, omtrent akkurat 10 år etter pappa. Og i mellom desse to dødsfalla vart Vossabia til, driven fram av helsetraumer kobla med sterk nysgjerrighet og indre trykk og drivkraft på heilskapleg helsetenking, førebyggande helse og det å lære om og bruke naturens fantastiske apotek.⚕️🌿

Bevisstgjeringa starta med maten, kor uendeleg viktig skikkeleg mat er for at me skal fungere godt. Men, så vart eg meir og meir obs på kva det er me smører oss inn med, og lærte masse om det. Sjokkert over innhaldet som me tok rett på vårt største organ, huden, så kunne eg ikkje ignorere det lenger. Eg vart overtydd om at sunn mat gjennom munnen OG gjennom huden kan styrke oss, framfor å putte i og på oss noko som svekker oss. Så her var det ein jobb å gjere med førebyggande helse, og eg ville fokusere på noko det var lite snakk om, nemleg huden. 

Eg hadde vore mykje sjuk med luftvegsproblem gjennom ungdomstida som konkurransjesymjar, og legane skreiv ut stadig sterkare kurar med antibiotika. Det er ikkje nett så bra for kroppen…og med psykiske påkjenningar ved å miste pappa tidleg, så velta systemet mitt skikkeleg 😰. Då eg var 21 år vart eg sjuk med alvorleg tilfelle av Candida i heile kroppen. Eg måtte gå på ein superstreng diett, då eg nesten ikkje tolte nokon matvarer. Eg var så svak, og på det verste nærast berre bein, og heilt utan energi. Ved hjelp av kinesisk medisin, lysbehandling, superstreng matplan og kinesiologi klarte eg å bygge meg opp att, og spesielt meiner eg at eg spiste meg frisk. All mat frå botnen av, med kun få, reine ingrediensar, og sakte men sikkert tolte eg meir og meir att. 😊💖

På denne tida studerte eg på Universitetet i Bergen, og jobba ekstra på tannlegekontoret til den heilskaplege tannlege Erik Barman (som seinere blei far til mine to fyrste englar). Han lærte meg ekstremt mykje om den holistiske tilnærminga til helse, og det er denne kunnskapen som redda meg, og i tillegg er ein av dei viktigaste byggesteinane i Vossabia! Erik kan ekstremt mykje, men også nettverket vårt og dei som hjalp meg når eg var sjuk, har bidratt stort i å auke min kunnskap og min bevisstheit og hardnakka tru på heilskapleg helsetenking.

Framleis vert sjølvsagt så og seie all mat her i familien laga frå botn, og eg er den spesielle på butikken som leser innhaldslista på produkta 🤓, rynker ofte på nasen, og aller helst kjøper økologiske råvarer framfor ferdigprodukt. Nokon synes sikkert det er ekstremt, men det bryr eg meg ikkje om. Eg veit kor viktig det er for meg og mine. 😊

Oppdaga naturen på nytt 🌿🌱

Det var fyrst når me flytta heim til garden vår at eg klarte å kobla helse med natur og urtenes og bienes verden. Mamma “lurte” meg og oss til å flytta heim i 2000, då ho sat på taket på kårhuset og skulle restaurere alt aleine 😱. Me skjønte at me berre “måtte” flytte heim og hjelpe ho, så då var ho fornøyd med seg sjølv.😉
 
Men, takk og lov at me flytta heim! For etter berre eit år fekk mamma konstatert kreft og kun 3 månadar att å leve. Parallellt med hennar sjukdom og all innsats inn på å styrke ho, beskytte ho og prøve å bidra til å forlenge livet hennar, vart eg endå meir bevisst på og merksam på kva me gjer i dagleglivet vårt som svekker oss, og korleis me kan finne styrkande middel rett utanfor døra. 

Med sjuk mamma, bier som kom til garden, og eg som gjennom biene plutseleg SÅG det utrulege biologiske mangfaldet på våre gamle slåtteenger 🐝🌿 - det vart ein enorm drivkraft i kva retning min heilskaplege helsetenking tok.

Min fascinasjon for plantar bråvakna, og eg dykka ned i bøker og artiklar og floraer og biebøker, og det eg fann om planters registrerte helseeigenskapar gjennom hundrevis av år, i alle kulturar, det rørte enormt ved meg. 📚🤓Nysgjerrigheten og hungeren etter meir kunnskap var så til dei grader tent. Altså, ta for eksempel rødkløver! Nydeleg vakker rosa, så søt og deillig knasande smak, OG vore brukt i hundrevis av år for både betring av fordøyelse og hudproblem!

Eg spant rundt på bakkane, og hadde meir enn nok å undersøke! Med over 160 registrerte arter på mine gamle slåtteenger, så er det litt å sette seg inn i, og mykje moro med andre ord! 🌿🌱🌼🍃

Det såg nok rart ut, men kven bryr seg, når eg sat ved sida av inngangen til bikubane og høyrde og såg på biene som kom fullasta tilbake etter pollentokt i blomsterengene. 🐝💫🍯 Kva farge var pollenet? Gult på nokon, grønt, meir lime. Lilla, knalloransje. All verdas fargar representert i pollen biene hadde samla for så å fly heim og laste av den verdfulle skatten og maten. Eg låg også rundt om i graset og høyrde biene rundt meg, såg på nært bakkehold blomane og samspelet med insektene, og stod under overfylte blomsterdekte trær og høyrde biene arbeida, og dufta blomane . Eg plukka med meg ulike plantar, så rett inn og sjekke i dei gamle florabøkene, Rolv Hjelmstad sitt planteleksikon, Roar Ree Kirkevold si bok om bieplanter, og masse spennande utanlandsk litteratur. 🤓Uendeleg med kunnskap å sette seg inn i!

Eg fordjupa meg altså i urte- og plantelære på eigen hand, ved sida av fulle studier som historikar på Universitetet i Bergen. Som Midtøstenhistorikar og akademikarkarriere på trappene, og dragningen på garden etter å formidle og bruke naturen rundt oss i mat, drikke, hud og helse - så følte eg meg nesten litt delt. Men, så såg eg, at i mine studier var også helse og mennesker det som verkeleg opptok meg. 📚🐝 Så det var kanskje ikkje så forskjellig likevel, og når eg fann spennande informasjon om bruk av honning som medisin i gamle skrifter frå Egypt, så skjønte eg at eg jobba mot det same, men på to forskjellige vis. Superinteressant og viktig begge deler, synest eg. 😊

Honning var produktet frå garden i begynnelsen. Me solgte honning på marknadar, og eg elska muligheten til å få formidle om honningen sin kulturhistoriske verdi, honning som gourmetmat og drikke, og ikkje minst honningen sine meir enn 180 helseeigenskapar som til no er funne i studier. 🐝💫🍯 Men det var ikkje nok for meg å kun selge honning når biene laga fleire andre fantastiske helsefremmande og beskyttande råstoff, i eit økosamspel med plantane på bakkane våre. Eg kjente meir og meir at eg berre måtte prøve å lage noko meir for å kunne få fortelle og vise dette.

Samstundes vart mamma verre, sjølv om ho hadde klart å leve langt lenger enn leganes spådomar. I januar 2003 sovna ho inn, kjære gode mamman vår. 💔 Det var så vondt, men det var så godt at me hadde flytta heim og levd her med ho fram til det siste.

Eg vart kasta inn i å overta garden, gjere den til mitt, samstundes med at eg følte alt var heilt beksvart etter at mamma vart borte. Så, få månadar etter mamma døde merka eg at nytt liv spira inni meg. Eg var gravid! Det var både grusomt trist, for mamma ville jo ikkje få oppleve at eldstejenta fekk barn, og samstundes så var frøet og spiren inni meg det som skulle gje lys inn i livet mitt igjen. Emil kom til oss 11,5 mnd etter mamma døde, og han var og er min engel som gav meg lyset og gleden att. 💕

Medan eg gjekk med Emil i magen tok eg Næringsretta birøktskule, studerte urter, og begynte å drodle med å teikne 🐝 logo mellom forelesingar. Idear og oppskrifter begynte å ta form, og masse eksperimentering og utvikling av sunne produkt for huden. Eg måtte gjere noko meir med tankane om urter, bier og heilskapshelse.

🐝💫🍯 Så kort tid etter Emil var fødd vart også Vossabia fødd. Det hadde vore honningproduksjon og litt salg på hobbyplan, men no var behovet der for å vise fram meir av naturens fantastiske helseeigenskapar, og etter mammas sjukdom og død var det berre endå viktigare enn nokon gong å jobbe for ein sunn livsstil som kunne førebygge og sikre god langsiktig helse. Eg hadde lenge vore ekstremt sjokkert over innhaldet i leppepomadar, kremar og sjampoar osv, og med kunnskapen om korleis det me smører oss med går rett i kroppen og blodet, så måtte eg gjere noko i den retningen! 

Så i 2004 – for 18 år sidan – kom dei aller fyrste hudprodukta frå Vossabia: Små leppepomadar med lavendel og mynte. Forsiktig start, som fekk mykje å seie!

Leppepomade lavendel
Leppepomade lavendel

Leppepomade lavendel

79,00 kr
Leppepomade peppermynte
Leppepomade peppermynte
Leppepomade peppermynte
Leppepomade peppermynte
Leppepomade peppermynte
Leppepomade peppermynte

Leppepomade peppermynte

79,00 kr

Eg fekk så vilt mykje gode tilbakemeldinger om kva slags effekt folk fekk. ⭐⭐⭐⭐⭐ Alt i frå slutt på kronisk tørre lepper, til kurerte munnsår og hjelp ved herpes og eksem. 😊👍

Kundar pusha meg til å lage meir og større, og då var motivasjonen og vegen kort til å utvikla oppskrifter på det som vart våre populære universalprodukt, og Emils favorittar ⭐ (ikkje så rart sidan han er oppvaksen med dei):
🌼 Ringblomstsalve,
🐯 Panterbalsam og
🌸 Kamillebalsam.

Alle skapt ut frå målet om å dekke fleire av familiens daglege behov på ein supersunn, naturleg og pleiande måte, og samstundes vere proppa med plantenes helsekraft så produkta vart effektive og næringsrike! Dei skulle vere, som alt Vossabia, mat utanfrå og inn i kroppen!

Pakketilbod: Emils favorittar - Ringblomstsalve 50 ml, Panterbalsam 50 ml, Kamillebalsam 50 ml.

718,00 kr

Den tøffe ungdomen min er fødd samstundes med Vossabia, dei er begge fødd i 2004! :) Emil har sjølvsagt kun fått sunne saker på hud og kropp heile sitt liv, og han berre elskar mammas produkter (smelt ;) ). Sjølv om han brukar dei fleste har han hatt nokre favorittar heile tida, og dei er alle i dagleg bruk av både han og resten av oss her:

RINGBLOMSTSALVE - i ansiktet, på hender, mot kviser, sår og skader. Han lærte kor ufatteleg fort den heler alvorlege sår etter han tryna på sykkel og skrelte av det meste av huden i panna. Etter ei veke var han sitt nydelege seg att, med arrfri hud heilt hela.

PANTERBALSAM - på vonde musklar etter hard trening, voksesmerter, kramper og hodepine. Eller stive vonde skuldre og rygg for eks. Han likar og godt at den held unna mygg og knott og flått! :)

KAMILLEBALSAM - på føtter, hender, kløe, betennelse, fotsopp, augekatarr, vepsestikk og bistikk og brennesle og solbrent hud osv :)

View Details

Det har forresten lagt bak utviklingen av alle produkta. Dekke mest mogleg av behova som dukker opp i kvardagen, gje næring og samstundes vise at plantane har så mange helseeigenskapar at kvart produkt får mange bruksområde. 🌿🧡 Og ingen alders- eller kjønnsavgrensingar!

For jo fleire måtar eg kan nytta ei plante på - dess mer kjem min bodskap fram synest eg. Ta f.eks 🌼 Ringblomstsalven. Eg meiner at kvar einaste ingrediens skal ha ein gjennomtenkt helsegevinst for å få lov til å bli med i krukka. Det er mange måtar å trekke ut eigenskapar frå planten på, ved å lage olje, ekstrakt, te, tinktur og eterisk olje, blant anna. Mange er for det meste opptatt av den eteriske oljen sine eigenskapar, men det synest eg er for snevert. Dessutan synest eg ikkje det er så miljøvenleg. Å lage eteriske oljar krev ekstremt mykje plantemateriale, og man får små små mengder att. Det må dyrkast enorme felt lavendel, som dermed tek mykje jordareal, for å få litt eterisk olje. Eg vil og ha eterisk olje, men eg vil også bruke planten på mange andre måtar ♻️, og synest det er meir etisk og riktig OG me får nytte så mykje meir av plantens helsekraft. Det er slik eg tenker og driv i alle fall 😊 Så her er det ingen tilfeldigheiter og alt er nøye gjennomtenkt!

Liquid error (sections/pf-bba8ba9d line 297): product form must be given a product
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve
Ringblomstsalve

Ringblomstsalve

179,00 kr

🐝 Vossabiafamilen veks

I 2007 kom nydelege Ylva til verda, ho også som ein engel når eg igjen hadde det mørkt og tungt etter mykje heftig arbeid i slumstrøk som fattigdomshistorikar i Kairo. 👼💕 Ylva ordna psyken min, og ho trengte raskt ein salve for stumpen – og Vossabiamamma ville sjølvsagt ikkje kline på kva som helst. Så da måtte eg jo utvikle ein babysalve for ho, som no kjempemange born rundt i landet har fått nyte godt av også.

Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve
Babysalve

Babysalve

249,00 kr
Pakketilbod: Eit must for småbarnsforeldre - 15% rabatt!
Pakketilbod: Eit must for småbarnsforeldre - 15% rabatt!

Pakketilbod: Eit must for småbarnsforeldre - 15% rabatt!

719,00 kr

Under morspermisjonen med Ylva dukka det opp fleire behov hjå meg sjølv, og dermed vart det nye produkt til serien. Og slik har det vore heile vegen. Alle Vossabiaprodukta 🐝 er skapt for å dekke behov – for vår familie – og samstundes forhåpentlegvis også for andre. Vossabia er ikkje berre meg – men heile familen. Det er ein fullstendig integrert del av oss. Ungane har vokst opp med Vossabiamamma, som har betydd 🍯🌿 mykje honning, urter og ville vekster, og spise planter på bakkane, og reise rundt på marknadar i halve landet, og masse moro, kunnskap og glede heile vegen. 😊

Dette er ein effektiv salve på såre stumper. Beskyttar og mjukar opp sart babyhud, og nøytraliserer ammoniakken i urinen som er det som gir svie, sårheit og utslett. Smør på rein hud etter kvart bleieskift, og opplev den gode førebyggande effekten også. Babysalven sine mjukgjerande og lindrande eigenskapar gjer den også god for større born og vaksne, og den passar også fint som kuldesalve. 

Babysalven utvikla eg i 2007 då dottera mi Ylva vart fødd, då ho var så sår og raud stadig vekk. Eg ville ikkje bruke noko av det som var på markedet, og utvikla dermed denne salven som har gleda mange småborn og foreldre sidan. Den tek oftast bleieutslett og sårheit over natta.

Innhald: øko. tistelolje, lanolin (ullfeitt), bivoks, øko. jojobaolje, naturleg e-vitamin, øko lavendelolje.

View Details
Pakketilbod: Eit must for småbarnsforeldre - 15% rabatt!
Pakketilbod: Eit must for småbarnsforeldre - 15% rabatt!

Pakketilbod: Eit must for småbarnsforeldre - 15% rabatt!

719,00 kr

Babysalve 50 ml, Ringblomstsalve 50 ml, Kamillebalsam 50ml!

Babysalve for såre stumper, Ringblomstsalve, universalkremen til heile familien både i kvardagen og når uhellet er ute. Kamillebalsam beroliger huden og er fabelaktig for mjukgjering og sart hud!

Du kan lese meir om enkeltproduktene i pakken i nettbutikken.

View Details

Under morspermisjonen med Ylva dukka det opp fleire behov hjå meg sjølv, og dermed vart det nye produkt til serien. Og slik har det vore heile vegen. Alle Vossabiaprodukta 🐝 er skapt for å dekke behov – for vår familie – og samstundes forhåpentlegvis også for andre. Vossabia er ikkje berre meg – men heile familen. Det er ein fullstendig integrert del av oss. Ungane har vokst opp med Vossabiamamma, som har betydd 🍯🌿 mykje honning, urter og ville vekster, og spise planter på bakkane, og reise rundt på marknadar i halve landet, og masse moro, kunnskap og glede heile vegen. 😊

Vossabia er ikkje berre meg – men heile familen. Det er ein fullstendig integrert del av oss. Ungane har vokst opp med Vossabiamamma, som har betydd 🍯🌿 mykje honning, urter og ville vekster, og spise planter på bakkane, og reise rundt på marknadar i halve landet, og masse moro, kunnskap og glede heile vegen 😊

Min nye mann, Olav er økologisk bonde og deler mine verdiar, og lærer meg endå meir – og lille bonus yngstemann Jonatan 💙, som kom 6 dagar før eg vart 45 (!) veks opp til å bli like glad i naturen og like miljøbevisst som storesøskena sine. 🌱🌼 Og han var på sin fyrste marknad og matfestival 10 veker gamal, og då lanserte eg samstundes to nye produkt. Så det er i barseltida det skjer 🤣

Eg er altså så stolt og ekstremt glad i alle tre englebarna mine.

Eg er også stolt av Vossabiaprodukta. Dei er viktige i seg sjølv– men dei er og «større enn seg sjøl», for produkta er for meg ein talestol. Eit forum for å formidle mitt brennande engasjement rundt heilskapleg helse, og å nytta naturen me har rett utanfor døra til det formålet. Ja, eg ser på meg sjøl som ein slags aktivist 🙋 i forhold til bevisstgjøring rundt heilskapleg helse og natur. Ikkje bærande på faner i demonstrasjonstog – men ved å produsere for hand, med ville vekstar frå garden og økologiske planteoljer, og selga produkta rett frå naturen – som eg håpar gir folk ei AHA-oppleving av god effekt og sunnhet. 

Vossabia er altså ikkje berre ein hudpleieserie, det er ein slags naturfilosofi og aktivisme 💚 alt eg gjer er veldig sterkt verdibasert.

Og min drøm er at fleire kan la seg smitte og bli glade og engasjert i naturen vår. Ta vare på den og nyte den: 🌿🌱🌲🍯 Et, drikk, ha det i håret, på huden. Ja, og ta med naturen inn i stova – sett fram vaser og pynt med blomar for estetikken. Studer blomane i enga, knus litt i hånda og lukt på det. Eg berre elskar det!

💖 💖 💖 💖

Mimrehelsing frå Renate
🐝 Vossabia

Klar for å prøve Vossabia?

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

HANDLE NO!

Sendes frå Voss med Bring