Krydre intimitet og kjærleik med kardemomme 😍🔥

Krydre intimitet og kjærleik med kardemomme 😍🔥

Her sit eg og sipper til ein kopp herleg og stimulerande kardemomme-te, og tankane går til Sensuell. Denne superhotte, sexy nattbords-kompanjongen og digge glidemiddelet, har bra med kardemomme i seg. Og det er sjølvsagt ein nøye gjennomtenkt grunn til det! 🔥 Kardemomme får oss tent! Denne krydderdronninga aukar blodgjennomstrøyminga til både kvinner og menns genitalier og er kjent for å betre den seksuelle helsa vår ❤️‍🔥 Woop woop! 
Les meir om Sensuell og kardemomme nedanfor, og kanskje lag deg ein kopp kardemomme-te du og, før du les vidare, for eg lover, her kjem eit nyhetsbrev det oser sensualitet av! 😍😉
Kardemomme er altså ein av dei stimulerande ingrediensane i vårt heilt superdeilige produkt Sensuell. Det er eit eksotisk krydder frå dei frodige skogane i India, og har vore essensiell i mange tradisjonelle medisiner, blant anna for fordøyelsesplager og luftvegane. I deilige Sensuell har den fått sin plass fordi kardemomme hjelper med å stimulere sansane og auke lysten vår 😍 Den varmande og subtile aromaen har vekt lidenskap i hundrevis av år i Asia og Midtausten spesielt. Og ja, kardemomme er med i Sensuell fordi dette supre krydderet fungerer som eit kraftig afrodisiakum, og det aukar altså blodtilførselen til kjønnsorganene hjå både menn og kvinner 🤩
sensuell
Den flyktige og litt frekke oljen av kardemomme kan vere særs tiltrekkande 😏 Det er nok ein av grunnane til at kardemomme ofte er å finne i manne-parfymer, der den lurar i bakgrunnen og spelar saman med andre dufter og bidreg med å auke sensualiteten i duften. Sjekk for eksempel den fantastiske Krydra kroppsskrubb som og har kardemomme i seg! Ganske så forførande! ❤️
 
💕 Når eg snakkar om skrubb og forføring.. Eg må berre tipse om korleis lage seg ein hot kveld med Vossabia: Dusje og skrubbe seg og kvarandre med Krydra kroppsskrubb, deretter litt Essensiell Sensuell til hodemassasje og massasje i nakke og bryst, før Sensuell blir med på leiken vidare! Som eg seier: for han og ho, aleine og saman, heilt perfekt! 
👉 Vil du førebu deg ekstra til kvelden er det endå eit tips på lur her: tygg litt kardemommefrø nokre timar før, eller lag te med knuste kardemommefrø eller kardemommepulver (enkel måte er å ha det oppi panne med vanleg favoritt-te og la det småkoke 5 min), og nyt stimulansen den gir 🫶
Ja, 👆 sjekk kva kundar har oppdaga! For det er akkurat det som er saken her! Sensuell hever nytelsen ❤️‍🔥 Det er ikkje slik at man må ha kome i overgangsalderen og blitt tørr, eller slite med ereksjon og andre problem knytt til seksualitet, for å elske Sensuell! Den er for alle, unge som gamle, kåte og gira, som stressa småbarnsforeldre som har mista tenningen, osv. 🥰
 
👉 MEN, den er og for dei med utfordringar av ulike slag. For kort tid sidan kontakta ein sexolog meg og fortalte om korleis Sensuell hjelper i både kvardagen og i seksuallivet til spesielt kvinner som sliter med forskjellige plagar knytt til underlivet. Tilbakemeldingane frå sexologen var og at Vossabias Sensuell ikkje gav svie og ubehag som mange med intime problem ofte opplever med andre glidemiddel ❤️💕🙌
Kamillebalsam for underlivet 🌼
👉 For kvinner med problemer i underlivet er også Kamillebalsam fantastisk å bruke til dagleg! Eg får mange rørande og nydelege tilbakemeldingar frå mange kvinner med tørre slimhinner, eksem på kjønnslepper og skjede, ved svie, sopp og til og med Lichen Sclerosus og den endå verre Lichen Planus 🥰 Kamillebalsam og Sensuell er her også eit perfekt par å ha med seg i kvardagen og på nettene. Det var også spesielt moro no nyleg då ei som er spesialist i kvinnehelse henvendte seg til meg då ho ville prøve ut Kamillebalsam på slike plager på sine pasienter framover.
Eg får jo lyst å fortelle om kor utruleg moro det var på den tida for 17 år sidan når eg utvikla resepten på Sensuell 🤭 Hahaha, det måtte jo testast ut nye variantar og konsistenser i eitt sett før eg var hundreogtiprosent fornøgd 🤣 Det vart ein sliten kar her då, hahaha. Etter det har den sjølvsagt gitt myyyyykje glede her på tunet! Men, det som er det mest fantastiske, det er korleis den lille røde boksen har nådd ut, langt utanfor mitt eige soverom! Og det elskar eg! For dette er så viktig, det er kjempeviktig på både mikro og makro plan, altså for både enkeltindividas helse og lukke og fungering, til samfunnsfungering! ❤️ Seksuell helse er grunnleggande for den generelle helsa og velværen til individ, par og familiar, samt for den sosiale og økonomiske utviklingen av lokalsamfunn og land. Tenk på det! Så då digger eg å tenke litt på at, ja, Sensuell, er kanskje med å bidreg til både eitt og hitt fantastisk rundt om i landet vårt, hehe 😉 Vel, eg håper i alle fall den gir auka glede og nytelse i livet til så mange som mogleg! 
🏍️ Til slutt må eg berre fortelle om han høge motorsykkelmannen som kom inn her i skinnklær for ein time sidan: «Jeg vil kjøpe den elskovssalven», sa han. Og det fekk han sjølvsagt! Han hadde skjønt det! Så suste han av gårde på motorsykkelen sin, nedover grusvegen der det i grøfter og skråningar veks eit enormt mangfald, som også får kome innom dørene her og bli til dei beste naturprodukt!
 
Ha ei herleg veke vidare!
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia