Bad deg til ro og velvere - slik skapar du eit ritual for kropp og sjel 🛁

Bad deg til ro og velvere - slik skapar du eit ritual for kropp og sjel 🛁

I dag gjer eg eit forsøk på å inspirere med ulike tips for korleis senke tempoet for ei lita stund, gje rom for seg sjølv og bruke vatn og urter for å skape eit helande baderitual 💆‍♀️ Håper du får lyst å bruke vatn, urter og våre deilige naturprodukt til å pleie og stimulere sansane dine i fred og ro, medan du nyt ei fin stund for deg sjølv på badet ditt 🛀🏻

👆 Her flyt eg i dei deilige bassenget på økohotellet Manon Les Suites Guldsmeden i København. Intenst god avslapping og vannterapi!

Det er altså tid for sjølvpleie, og spesielt når august vart så kald og våt og kvardagen har tatt over med sitt tempo. Her skal du få nokre verktøy for enkelt å kome i gang og lage dine eigne baderitual heime, og forvandle den enkle handlinga av å bade til eit verkeleg magisk ritual for sjølvpleie og eigenkjærleik 🥰💕

Emil og Daniel slappa veldig godt av i vatnet på spahotellet Alexandra hotel i Loen.
 
🤔 Men kva er eigentleg eit ritual? Eit ritual er ikke berre ei rutine me gjer utan å tenke. Det er ei bevisst handling fylt med intensjon og meining ✨ Gjennom å skape eit ritual skapar me eit rom som verkeleg let oss stoppe opp, reflektere, slappe av og kople djupare til oss sjølv. Når me lagar eit baderitual, kan sjølv førebuingane vere ei form for meditasjon 🧘 Det gir oss høve til å lytte til intuisjonen vår, kjenne etter kva kroppen treng, og spørre oss sjølv: Treng eg eit oppkvikkende bad, eit avslappande bad, kva urter tiltrekker meg i dag, kva duft appellerer til meg? Førebuingane til eit baderitual kan vere ei djup og meiningsfull oppleving kan synkronisere oss med oss sjølv 💖
Komplett reisepakke
👆 Nokre produkt å ha klar når du førebur badet ditt: SjampoSkogen på kroppenKroppsbalsam.
 
 
Vatnet si helande kraft 💦
Rituell bading er ein gamal praksis som har eksistert i uminnelege tider. Gjennom tusenvis av år har sivilisasjonar over heile verda anerkjent vatnets helande essens 💧 I hinduismen er for eksempel elva Ganges heilag, og det vert sagt at rituell bading der kan rense sjelen ✨ Mange urfolk og religionar over heile verda brukar og rituell bading. Og så har me Kleopatra då, som kanskje er den som har gjort ritualbading mest kjent, med sine berømte melkebad med honning og roseblad, som skal ha bidrege til hennar feminine sjarm og tiltrekkingskraft 🍯🌹
mini sjampo
Det er ingen tvil om at den enkle handlingen å dyppe seg i vatn, med intensjon, i varmt eller kaldt vatn, kan vere utruleg terapeutisk, ikke bare fysisk, men og mentalt, emosjonelt og åndeleg 💆‍♀️ Mange spirituelle tradisjonar rundt om i verda har rituelle badepraksisar fordi vatn ikkje berre rensar våre fysiske kropper, men og våre sinn og kjensler, slik at me kan gje skikkeleg slepp på alt som tyngar oss. Eg trur og at me resonnerar med vatnets frekvens på eit djupt nivå, sidan me stort sett består av vatn, og vatn har ei djup innverknad på oss.
🙋‍♀️ Eg har vore konkurransesymjar og tilbrakt enormt mykje tid i vatn. Det er i vatn eg har pressa meg aller hardast, men det er og i vatn eg har slappa aller mest av og smelta saman med elementet i fullstendig ro, fred og faktisk klarhet 🏊‍♀️ Eg likar å tenke på vatn som eit speil og ein mentor, som reflekterer vår indre essens og lærer oss om flyt, tilpassingsevne, og korleis me kan finne styrke 💪 Sjølv lyden av vatn har vist seg å senke kortisolnivået, få oss til å kjenne oss meir avslappa og redusere stress 🧘‍♀️
Dette trur eg er eit instinkt i oss også, men mange er dessverre langt frå å ha dagleg mulighet til å høyre, sjå eller smelte saman med vatn 💭 Eg hugsar korleis eg sat i timesvis og høyrde på elvelyd og fosselyd medan pappa fiska når eg var liten, og korleis eg for eit par veker sidan sat med senka skuldre og høyrde bølgene slå inn på svaberget på Sørlandet 🌊
kroppssape
Skap din eigen magiske badeoppleving 🛀🏻
Når det kjem til bading i badekaret bør me vere ekstra merksame på kva me let trekke inn i huden. Mange av dei kommersielle badeprodukta er fylt med kjemikalier og kunstige fargar som absolutt ikkje er gunstige for huden eller helsa vår 🙅‍♀️ Ved å lage dine eigne badeprodukt kan du erstatte alt dette med naturens goder: urter, sunne ingrediensar og forskjellige salter som er skikkeleg gunstige for vårt generelle velvere 🌿💚 Tenk på badekaret som ein spesiell kulp der du kan skape ein magisk eliksir, ved å tilføre forskjellige gode urter, krydder, oljer, salt og anna godt alt etter humøret du vil framkalle eller i forhold til kva atmosfære du vil skape. La badekaret ditt bli eit magisk brygg som du let deg sjølv synke ned i og la huden suge til seg alle desse godsakene frå naturen 🤩
Ved å skape dine eigne baderitual, kan du forvandle ein daglegdags aktivitet til ei meir djuptgåande oppleving for kropp og sinn. Prøv ut oppskrifter nedanfor, lag dine eigne, leik og eksperimenter, og gjer ditt baderituale til ei tid for omsorg for deg sjølv og nyt vatnets magiske og helande krefter ✨💧
 👉 Ein badeolje er del av basisprodukta til badeopplevinga. Her kan du anten ta 1 dl av din favoritt økologiske olje og tilsette nokre få dråpar av den eteriske oljen du har lyst å ha i, eller du kan gjere det endå meir frå botnen ved å legge for eksempel ringblomst eller kamilleblom på olje, og la det smelte saman i 4 veker. Eit anna tips er å bruke for eks sitrongras hårserum eller rosmarin hårserum som badeolje.
harpleie
🛁 Badesalt er og del av basen til eit deilig og helsebringande baderitual. Du kan bruke ulike salter som Epsom salt, Himalaya salt og Dead Sea salt. Alle er supre då dei inneheld mykje mineral som er knallbra for huden vår, og det kan og bidra til avgifting 🙌 Epsom salt er elles rik på magnesium som kan hjelpe til med muskelavslapping.  Her skal du få ei fin badesaltoppskrift å begynne med, som du kan ha ståande i ei glaskrukke ved badekaret ditt, klart til bruk, og la deg gjerne inspirere til å tilsette andre salt eller urter:
 
Badesaltblanding:
· 2 ss Epsomsalt
· 2 ss Himalayasalt
· 2 ss Celtic salt
· Bland i ein bolle, tilsett ca 5 ml av din eigen badeolje, eller som meg: Sitrongras hårserum, og tørka urter du likar godt. Eg har i ringblomst frå hagen og åkeren. Bland godt igjen, og ha i glasskrukke 🫙
sitrongras harserum
🍵 Urteinfusjoner er som sterk te som du kan lage med ulike urter, krydder og anna som passar til det du vil skape, men som også er sunt og tilfører huden masse godt. Du startar med å sette på vatnet i badekaret, og medan det fyller seg så koker du ein liten panne med 2 liter vatn som du skal trekke din «bade-te» i før du heller den fint nedi badekaret, din magiske eliksir ✨ Her skal du få to fine oppskrifter på slik deilig «bade-te» og det er berre å glede seg!
 
Magisk sitrus badeinfusjon
· 50 gram eller ca ei handfull tørka hibiskus (eller 3 hibiskusteposer)
· 2 sitroner eller lime (ta det du har liggande, gjer det enkelt)
· Ekstra sitroner, lime, appelsin eller grapefrukt
· Kok opp ein panne med vatn, og tilsett kokt vatn til te- eller presskanna der du har lagt oppi hibiskus ( som vil gje mange gode fordelar til hud og kropp, og ein fantastisk djup rød farge) ❤️ La denne infusjonen få trekke i 10-15 min. Om presskanna er liten kan du gjenta dette 2-3 gonger med hibiskusen liggande i kanna. Skvis så oppi sitron eller lime. Medan dette trekker, gjer klar badekaret ved å skjære opp sitrusfrukt i tynne skiver og legg dei fint nedi vatnet, og ha oppi litt av det gode badesaltet du har laga 🍋‍🟩🫙
· Hell så den vibrerande raude sitrus og hibiskusblandingen i badet ditt! Og så senk deg nedi og nyt! 💆 På slutten av badet anbefaler eg å skrubbe føtter, leggar, armar og bryst med Vossabia Sitrusskrubb. Då får du endå meir godsaker inn i huden, og du treng ikkje smøre deg etterpå der, då huden blir utruleg mjuk og deilig 😋 Ver forsiktig så du ikkje glir når du roleg stig opp og ut av badekaret igjen. Nyt roen og følelsen i kroppen! 🥰
Sitrus kroppsskrubb
Chai Krydderbad-infusjon
· 3 ss med svart te
· 2-3 stjerneanis
· 4-5 nellikspiker
· 3 kanelstenger
· 4-5 kardemommefrø
· 2 boksar økologisk kokosmelk
· Kok opp ein panne med vatn, og medan du koker opp legg du den svarte teen i te- eller presskanna. Ha deretter oppi kryddera, og fyll på med varmt vatn, la trekke i 15 min ⏲️ Gjenta fleire gonger med urtene heile tida oppi presskanna, dersom du har liten kanne, og fyll blandingen i ein større panne du kan bære med deg til badekaret. Medan infusjonen får trekke gjer du klar badekaret ved å legge litt ekstra krydder i badevatnet saman med litt badesalt 🫙 Har deretter kokosmelk i krydderblandingen før du heller denne deilige chai krydderinfusjonen i badekaret ditt. La det blande seg med varmt vatn og badesalt og nyt! Her anbefaler me å skrubbe seg med Krydra kroppsskrubb med honning på slutten av baderitualet ditt. Den passer perfekt saman med denne chai krydderblandingen og vil gje ein ekstra boost til hud og humør! 🤩 Ver forsktig når du stig sakte ut av badekaret, då du blir så deilig og glatt av skrubben.
krydra honningskrubb
Så no håper eg du har fått litt inspirasjon til å lage deg eit sanseleg og stimulerande bad med vatn og urter i fokus 💕 og då er det berre å slå seg laus og leike med urter, salt og oljer, og sjølvsagt  våre reine, naturlege og økologiske hud- og håprodukt som passar perfekt etter eit nydeleg bad 🥰
 
🙋‍♀️ Min personlege baderutine inkluderer sjølvsagt kroppsskrubb, og eg vekslar mellom sitrus- og krydra skrubb. Eg diggar dei begge! Nokre gonger likar eg å lage ansiktsmaske med Rose- og rødkløverskrubb, og så skrubbe den av etter å ha lagt med den i badekaret ei stund. Elles er Sjampo og kroppssåpa Skogen, samt Kroppsbalsam eit must. Kroppsbalsam er fantastisk kvar dag og ikkje berre etter eit baderituale der eg tek meg tid og gjer ekstra ut av det, men etter ein vanleg dusj og. Kroppsbalsam på leggane er kvar dag, men i blant får heile kroppen ein god omgang med denne nydeleg smidige saken. Med Tindved og Nesle i ansiktet etter bading og dusjing blir hud og humør på topp, og ein frisk deo er prikken over i’en!
Renates VIP HEIMESPAPAKKE
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia