Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Vinterferiespa! 🧖‍♀️❄️💚

Bittelitt lei vinter no? Det er eg! Altså, eg likar snø, men i 4 månadar? 😅 Eg vil ha fargar, og bier og blomar no!🍀🐝🌼 Men ok, med vinter som framleis ikkje slepp taket på ei stund er det på tide å løfte seg med eit realt VINTERSPA! Bli med og oppdage nye måtar å bruke krydder og skog på 🌿 og leik deg med desse oppskriftene og skap eit sanseleg vinterspa! Vossabia har tidlegare arrangert vinter-, vår-, sommar- og haustspa her på garden, og rundt omkring andre stader. Det er alltid utruleg morsomt, leikande og lærerikt. Her skal du få nokre smakebitar på ville spa-oppskrifter, så kan du skape ditt eige Vinterspa til leik og pleie av deg og dine! ❄️💖

Når vinteren kjennes uendeleg lang og våren let vente på seg er det spesielt viktig å ta vare på seg sjølv med velgjerande og stimulerande badvelduftande salver og oljerskrubbing av heile kroppen og smakfulle krydra varme drikker.

Vinterferiespa

Naturen ligg framleis i dvale og kvila kan vere god å reflektere rundt og kjenne inn i seg sjølv også 🥰, og kva med å kjenne på det medan du sit med eit nydeleg skogfotbad UTE under deilige pledd og med god kopp varm drikke i handa? Eller inne med ei god bok å forsvinne litt inn i 🤩
 
👣 Skogsfotbad
Då gran, furu og einer styrker immunforsvaret og stimulerar sirkulasjonen i kroppen held ein seg frisk og våken med regelmessige skogsbad. Føtene kjem til å dansa framover etter denne behandlingen.
· 2 liter vatn (doble opp dersom fleire er med på laget)
· 1 grankvist
· 1 furukvist
· 1 einerkvist
· Eit par einerbær
 
👉 Ha kvistane i ei panne med vatn, eventuelt hakk dei litt opp, legg oppi einebærene. La det koka under lokk i 10-15 minutt. Skru av varmen og la det trekke litt til, før du siler av og heller skogsvatnet ned i ein balje. Sit med dette i 15-20 minutt inne eller ute, det som fell deg inn og som lokkar mest.
Vinterferiespa
💡 Eit supertips når ein tek seg tid til fotbad eller ein dukk i badekaret er å ta med seg ein deilig skrubb! Eg pleier å skrubbe føttene med magisk gode Sitrus kroppsskrubb eller Krydra kroppsskrubb når eg sit med fotbad. Det er ekstremt deilig!! Prøv det og i badekaret, og sjølvsagt i dusjen! Heilt ekstremt herleg! 💚 Du kan og lage din eigen fotskrubb av kaffegrutsukkerøkologisk olivenolje frå kjøkkenskapet og litt honning! Nydeleg og det kriblar godt i bein og leggar! God måte å bruke kaffen på fleire måtar! Avslutt gjerne eit fotbad og -skrubb med å smøre og massere føttene med Kamillebalsam til slutt. Beroligande, pleiande og perfekt om ein også har harde hælar å mjukgjere.
Eg pleier å skrubbe føttene med magisk gode Sitrus kroppsskrubb
Her har du eit deilig tips til endå eit styrkande og pleiande fot- og kroppsbad:

🌿 Bygg-, urte- og honningbad til føtter eller kropp!
Alt for fleire tusen år sidan hadde bygg-gryn ord på seg til å gje både styrke og kraft 💪 Kok opp denne deilige blandingen, og kjenn korleis den mjukar opp hard og ru hud. Set den på kok før du går tur, og så er den klar til bruk når du er heime att! Dette er forresten ein oppskrift inspirert av ein drikk (Barley water) så den smakar knallgodt og!
· 2 liter vatn
· 1 liten grankvist (eller 1 ss rosmarin)
· 1 dl bygg-gryn
· Saften av 1 økologisk sitron
· 1 dl honning

👉 Legg urter og bygg i ein panne med vatn. Kok opp, skru av varmen og la blandingen trekke under lokk i ca 2 timar. Sil bort gryn og urter, ta vare på væska og press sitronsaft oppi. Rør i honningen og hell alt i eit varmt fotbad eller i badekaret. Avkoket held seg ca 4 dagar i kjøleskapet.
 
🐝
 
På vinteren let eg meg gjerne inspirere av urter, krydder og frukt frå varmare breiddegrader. Dei har felles at dei er varmande og stimulerande, og det passar perfekt for oss her nord på denne tida. Men, eg går jo og veldig gjerne i skogen og plukkar med meg heim noko frå dei eviggrønne styrkande trærne og buskane 🌳 Gran, furu og einer byr på seg sjølv heile året og kan brukast på mange måtar! Leik deg med eksotiske krydder og norsk skog. Her får du eit par oppskrifter til å utfalde deg med!
På vinteren let eg meg gjerne inspirere av urter, krydder og frukt frå varmare breiddegrader.
På vinteren let eg meg gjerne inspirere av urter, krydder og frukt frå varmare breiddegrader.
🍊 Appelsinbad med melk
Eg hugsar eg laga dette badet til ein farsdag, og gjett om det var ein lukkeleg pappa som fekk stige oppi eit nydeleg duftande badekar med appelsinskiver flytande rundt som mange små soler ☀️ på ein kvit himmel! 🍊🛁🧡 Appelsin friskar opp huden og luktar så godt. Gni gjerne hendene inn med appelsinskivene til slutt. Me har økologisk melkeproduksjon 🥛 på den eine garden vår, og då er me så heldige å få god upasteurisert melk rett frå tanken. Så, har du ein nabo eller kjenning som driv melkeproduksjon, så høyr om du kan få kjøpe der. Den urørte melka inneheld så mykje bra mineraler og ikkje minst sunne fettstoff, og dette er mykje betre for huden enn lettmelk for eks. Om du må kjøpe så anbefaler eg Rørosmelk sin økologiske Heilmjølk eller Gardsmjølk.
· 2 ss heile kardemommefrø
· 2 kanelstenger
· 1 liten bit fersk ingefær
· 5 dl økologisk melk
· 1 dl honning
· 1 – 2 appelsiner i skiver

👉 Ha kardemommefrøa i morteren og knus lett. Knekk kanelstengene i mindre biter, og skjær ingefæren i tynne skiver. Varm opp melken i ein panne saman med krydderene på svak varme og la det putre under lokk i 5-10 minutt. Slå av varmen og tilsett honningen og appelsinskivene.


🥝 KiwiKick for ansiktshuden
Eit C-vitaminkick gjer nytten om vinteren. Prøv ein herleg, grøn kur når det er kaldt og kjennes lenge ut til våren. Kiwifrukten styrker huden med sine c-vitaminer og mineraler.
· 1 kiwi
· ½ dl grøn leire (eller havremjøl eller maismjøl t.d.)
· 1 ts spirulina
· 1 lite knippe persille

👉 Grav ut av kiwifrukten og legg fruktkjøtet saman med dei øvrige ingrediensane i ei skål. Miksa med stavmikser til det blir ein glatt og passeleg konsistens. Juster med meir leire/mjøl om den er for laus i konsistensen. Legg den grøne ansiktsmasken på rein hus og la den virke i ca 20 minutter. Skyll med rikeleg lunka vatn.
Vinterferiespa
Her er det rundt 20 damer som damper seg på eit Vilt-spa-kurs eg hadde i eit fantastisk drivhus eg var invitert til 💚🧖‍♀️ Urtedamping før ansiktsskrubb og maske er perfekt!
 
💡 Etter både kropps- og ansiktsbehandling anbefaler eg å smøre seg inn med deilige urtesalver. Kroppen vil elske Kroppsbalsam med ville urter, som gjer huden så smidig og mjuk og samstundes pleier og stimulerer med rødkløver og ryllik frå våre slåtteenger 🌿💖🌼 Ansiktet vil ta godt i mot Ringblomstsalve og Tindved og Nesle, eller andre favorittar, og så Kamillebalsam på føttene!
  
Nyt resten av vinteren!
  
Varm helsing,

Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia