Korles ta godt vare på augene - vindauga til sjela vår!

Korles ta godt vare på augene - vindauga til sjela vår!

Lystig og glad og litt lur, som meg og Ylva? Augene fortel om det! 👁‍🗨
Augene avslører kjensler, men også fysiske og konkrete ting i livene våre? Augene avslører ei natt med fest eller ei våkenatt med småbarn 👩‍🍼 Lange kontordagar foran skjerm og tørr luft 👩‍💻 – det merkast på augene og huden rundt. Allergi, lite søvn, maten me et og drikka me drikk 🍸 Friluftsliv i mykje vind og sol eller kaldt vær vises også 🌬


Altså, det er ikkje måte på alt augene og den tynne huden der gir beskjed om: rødsprengt og sår hud, irritasjon, hovne auge, betennelse og rennande auge, linjer og rynker og poser og hengehud 🙈 Det er heldigvis mykje me kan gjere for å ta vare på desse fine sjelsvindauga våre, pleie dei ekstra og vise kjærleik til både auge og den sarte huda rundt 🙌

 

🐝

 

Denne tynne huden rundt augene er oftast den første staden me startar å få fine linjer, rynker eller hud som begynner å henge litt. Det er sjølvsagt berre nydeleg at det synes at me blir eldre, men ofte kjem slike teikn i huden av fleire grunnar enn aldring 😰 Og då er det berre å få augene opp for naturlege remedier som kan utsette linjer, fylle ut, gje glød og få bort poser og hovne auge, og ikkje minst lindre raud og sår hud rundt augene 🌱👀

Så berre få opp augene og les vidare 🤓, for her kjem nokre gode tips og sjølvsagt fortellinga om vår herlege Augebalsam, ein nydeleg 16-åring å ha i hus!

augebalsam

🧿 Naturleg auge-skyllevatn
Først eit kjapt lite tips som du raskt lager på kjøkkenet dit. Eit oppfriskande og lindrande augeskyllevatn. Perfekt om du har trøtte, irriterte, hovne auge. Og denne anbefales skikkeleg kald, då kan den også kvikke deg opp både fysisk og mentalt. 💆‍♀️

· 1 kopp vatn
· 2 ss kamilleblom (tørka eller frisk), eller knuste fennikelfrø

Kok opp vatnet, ta av varmen, ha i urtene du velger (knus fennikelfrøa i morter). Ha på lokk, la urter trekke i 30 minutt og sil gjennom sileklede eller kaffefilter. Ha i kjøleskap for nedkjøling, og la det altså gjerne bli skikkeleg kaldt.

👉 Bruk: enten kan du berre splæsje augene dine med brygget ditt, eller fukt lett opne auge. Ditt val alt etter kva du likar.

 

🧿 Roe ned poser og hoven hud
Legge deg på sofaen med tynne skiver av agurk eller rå potetskiver på augene, eller prøv kald te på bomullsdotter av rose, lavendel eller hylleblomst.

 

🧿 Og så er det ein av mine favorittar då! Himmelsk herlege Augebalsam, utvikla i 2007!
Tenk, 16,5 år sidan alt! Då var Ylva baby og vekte meg kvar natt, og det merkast med hovne, trøtte og litt irriterte auge! Og litt rart egentlig, men me havna stadig på teltturar på den tida, oftast i regn. Hehe, perfekt oppskrift på å få gigahovne auge! 😅 Det er heilt sprøtt korleis eg blir av fuktige teltnetter, augene mine berre skriker til meg at dette ikkje var så god ide, haha 😂 Etterkvart vart det litt kluss i forholdet til det som vart min eks (og gode ven Erik), og lange netter med gråt og strigråt og triste greier 😔 Forresten, DET var den ultimate og mest perfekte oppskrift på hovne auge, fuktig telt er no på andreplass, haha. Men, ikkje så gale at det ikkje var godt for noko! Augebalsambehovet sprengte på og eg kom i skaparhumør! 🦸‍♀️

augebalsam

Målet og motivet med Augebalsamen var då ein augesalve som førebygga og fjerna hovne auge, og jammen skal eg seie at den funka! 🙌 Mykje forsking på ulike plantar var det som skulle til for å finne nøkkelen til mindre poser og finare auge om morgonen og gjennom dagen og livet. I alle fall, gjennom alle desse åra har folk rundt i landet raust delt erfaringar om at Augebalsam (i mitt 💚) ikkje berre funka på poser og hovne auge, men SÅ mykje anna og.

Kundar fortel om gode resultat på tørr, sår og intolerant hud rundt augene. Eksem, rennande auge, linjer, rynker, pigmentflekkar, raudheit i huda, og så varmer det SÅNN at mange som ikkje tålar så mykje på huden seier at «Endeleg, noko eg tåler!» 💫 Eg brukar Augebalsamen både som auge-krem og 🌜nattkrem (veksler mellom den og Tindved og Nesle) og synest huden virkar både yngre og meir spenstig. Er det rart eg digger den?

Seinast i dag faktisk, fekk eg denne tilbakemeldinga på epost frå Aud-Inger: Augebalsam utjevner fine tørrhetslinjer og reduserer hovenhet rundt øynene.

Vossabia handlar jo om heilskapleg helsetenking, bevisstheit og nærleik til naturen 🌱 og mine hudprodukt er difor totalt utan vatn og konserveringsmiddel - her er det råstoff frå biene 🐝 og og nøye utvalde urter som gir god pleie og raske resultat. Eg berre elskar å kjenne den reine naturen på huden og aller mest gir det meg ro og trygghet å vite at eg berre tilfører hud og kropp nærande saker frå planter og bienes magiske verden 🥰💚

Sånn også med Augebalsamen. Og det var ikkje berre hovne auge eg fann gode planter mot (solblom eller arnika 🌼 som mange kjenner den som). Granateple utmerka seg også! Etter å ha lest ny forsking om fantastisk granateple i 2007, så var det ingen tvil om at den skulle vere med i augebalsamresepten! Dokumentert effekt mot linjer og rynker pga det høge antioksidantnivået, las eg, og dermed rett inn i oppskriften med granateple! Og eg er ganske stolt over at eg såg at Weleda (som eg ser opp til som biodynamisk hudpleie gjennom mange år), tok i bruk granateple av same grunn, etter Vossabia 😉 Litt skryt, for eg synest det er morsomt 😂

solblom og granateple

Og så 💧 SQUALANE då! Hugsar du eg nevnte den fantastiske nærande planteingrediensen som kjem frå oliven, og som eg også brukar i Kuldekrem? Vel, eg måtte ha den i Augebalsam også, då den oljen er så mild, så mjukgjerande, beskyttande og pleiande! Og så tek huden kjapt opp denne fuktighetsbevarande oljen. Squalane passar supert til mange slags hudplager som eksem, psoriasis, kviser, aldersflekkar og mykje meir, og så gjer den at produktet blir så utruleg smidig og deilig å smøre utover. Eg digger squalane! Og eg elsker Augebalsamen vår! 😍

solblom og augebalsam

💡 TIPS
Mange får sårhet og irritasjon rundt augene av sminkefjernarar. Men har du prøvd Vossabias produkt som sminkefjernar? Det er nemlig ein genial liten tilleggsbruksmåte. Augebalsam er perfekt til det, same med Kamillebalsam og Ringblomstsalve.

👉 Ta litt på bomullsdotten, og smør av sminken og samstundes pleie den fine huden din.

Genialt også ved fjerning av barne/klovnesminke! 🤡

 

🐝

 

Straks eg har skrive ferdig må eg sprinte avgårde til svømmetrening 🏊‍♀️, der eg er trenar til desse flinke konkurransejentene som kvar dag trener i klor med stramme svømmebriller. Og det minna meg på kor glad dei også er for vår Augebalsam!

svømmetrening


🎉 Johoo, spesialtilbod her:

Sjekk desse fine pakketilboda som alle inkluderer Augebalsam saman med andre favorittar! Gje augene dine og huden den kjærleik og pleie dei fortener 💚

 

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia