Gjer leppene klar til jul! 💋

Gjer leppene klar til jul! 💋

Har du prøvd Vossabias aller aller første hudprodukt, lansert i 2004? Nemleg Leppepomadane? Dette er ikkje kva som helst leppepomader, men faktisk, heilt objektivt 😉 VERDENS BESTE LEPPEPOMADER! 🤩

Me er sjølvsagt bittelitt inhabile, MEN, det slår meg kvar gong eg prøver andre leppepomader: Vossabias leppepomader skiller seg skikkeleg ut 👄 utruleg mjuke på leppene, ikkje for tørre som mange er, ikkje klissete, aldeles perfekt i konsistensen, held lenge på leppene, gir fin glans, og så er dei superpleiande og helande om det er tørre lepper, munnsår, sprukne lepper og til og med har det kome mange tilbakemeldingar på kjipe problem som herpesplager.

ylvas lepper

Mi egyptisk/palestinske venninne Noha på besøk i snø og fjell for første gong, med Ylvas lepper 💕


Leppepomadane vart utvikla etter eg var på eit enormt kjekt og morsomt kurs i Trondheim: Verkstedkurs for kvinner i birøktermiljøet! 🐝👩‍🌾
 Me laga sursild med honning, kake med honning i staden for sukker, bivokslys, mjød (som flyvertinnene måtte passe på på flyet heim 😂), og så laga me leppepomader.

Perfekt å nytte bivoksen til, tenkte eg, og satte straks i gong å eksperimentere og utvikle og kom fram til denne altså verdens beste leppepomade- oppskrift 🤩 

Etter ei stund med salg ramla det inn tilbakemeldinger som hylla Lavendel og Peppermynte leppisane, og det var klar tale frå mange kundar: Du må lage meir og større, for leppepomadane funka på eksem, psoriasis, herpes, sopp og eg hugsar ikkje alt som vart meldt inn ein gong. Hehee. Veldig moro og inspirerande, og slik var Vossabias hudpleieserie i gang! 💫🐝

 

🐝🎄

  

Sidan det er jul og snart solsnu, så smeller me til med eit pakketilbod 🎁 med heile leppegjengen i ein pakke, så kan du og din gjeng bruke dei på alle måtar nevnt under her. Her får du dei 4 essensielle: Lavendellepper, Myntelepper, Huldrelepper og Ylvas lepper i ein fin pakke til bruk på både lepper og kinn med 15% rabatt! 👄

Pakketilbod med heile leppegjengen


Koseleg å mimre litt om desse første babyane mine. Men, no handlar det vidare kun om LEPPER! Og då er det ikkje berre dei 4 fantastiske leppepomadane som gjeld. Det er fleire måtar å pleie og puse med leppene på, heilt essensielle tips coming up her no, spesielt om vinteren og i alle fall om du vil ha KYSSEKLARE lepper til under mistelteinen og gjennom høgtida, hehe 💋

👉 TØRRE LEPPER
Ja, alle leppepomadane er knallgode på tørre lepper. Og no om vinteren med kald og tørr luft så blir det automatisk tørrare lepper og. Då er trikset å ikkje sleike seg på leppene, det tørker dei meir ut, men heller smør deg med verdens beste leppis ;) Pass og på å drikke nok vatn, så du held kropp og hud og lepper hydrert innanfrå og. Vil du ha mjuke hydrerte lepper utan farge så er Lavendellepper og Myntelepper berre mega maks! Om litt farge på leppene er å føretrekke så er jo me her djupt in love med Ylvas lepper og Huldrelepper, som også pleier like mykje med blant anna ringblomst 🌼 som ein av ingrediensane. Og apropos ringblomst: mange brukar Ringblomstsalven vår på leppene og elles rundt leppene om huden er blitt raud og sår. Supereffektiv, nærande og heilt herleg på leppene den og!

👉 LEPPESKRUBB!
Har du og høyrt at det fins eigne leppeskrubbar? Supert for å få endå mjukare lepper! Men, visste du at om du har ein Vossabia sitrusskrubb i hylla di så har du faktisk ein perfekt leppeskrubb klar til bruk! Den er spiselig (Emil har vokst opp med å dyppe fingeren i kroppsskrubben og smatte i seg denne deilige skrubben 😂), og det er faktisk viktig at ein leppeskrubb er spiselig, for det er ganske sannsynlig at du får noko innanfor leppene og. Så me anbefaler å skrubbe lett og forsiktig med sitrusskrubben og så skylle med vatn.

sitrus skrubb

Fordeler med å bruke skrubb på leppene to gonger i veka:
· Heilt opplagt fordel er at lett skrubbing fjerner død hud så du får mjuke lepper og ein jamnare trutmunn ;)
· Jamnleg skånsam skrubbing kan og betra tonen i leppene og bidra til å få bort eventuelle misfarginger i leppene.
· Med sitrusskrubben vår så tilfører du næring gjennom økologisk rårørsukker, økologiske planteoljer som hampolje og mandelolje, og vår eigen fantastiske honning, som og er med på å halde hud og lepper hydrert!
· Til slutt: Du kan med lett leppeskrubb, på naturleg vis, få midlertidig fyldigare lepper då skrubbing aukar sirkulasjonen i leppene.

👉 SPRUKNE LEPPER?
Alle leppepomadane er gode på å fikse dette, men Panterbalsam er faktisk genial på lepper som har sprukke opp. Legg på tynt lag og opplev rask heling og snart fine lepper att! Deilig med dei sterke urtene i også: mynte, kamfer, rosmarin og eukalyptus.

👉 GLØD PÅ LEPPENE OG I KINNENE?
Har du sett dei to skjønnaste leppepomadane me har med naturleg farge? 💄 Og framleis like helande og pleiande med berre dei beste ingrediensane!
· Ylvas lepper gir deg dei freshaste rosa lepper, medan Huldrelepper med sin mørkare tone får fram ein nydeleg leppeglød. Men, prøv å kombinere dei to! Det blir ein heilt unik farge, DEI vakre leppene!

ylva med huldrelepper

Ylva med Huldrelepper og Sensuell for glans 

· Og vil du i tillegg ha glans og glossy lepper så tek du eit tynt lag SensuellBabysalve eller Panterbalsam. Så glinser og gløder du så berre det! Alt dette er det Ylvajenta mi som har kome på! Hehe, ho leikar og eksperimenterer og kjem med gode tips til den kjedelege mammaen som ikkje gidder å sminke seg ein gong. Men dette digger eg!

huldrelepper

Sjekk gløden på lepper og kinn med Huldrelepper ❤️ mamma pynter seg medan 4-åringen vasker speilet 😂😂

 

· Og Ylvas neste tips elsker eg og: Du kan nemleg gjere det same i kinnene, kombinere Ylvas lepper og Huldrelepper (eller berre sistnemnde) og få ein rask, naturleg, økologisk og flott blush 😊! Kjapt å påføre og så ser du sååå fresh ut! Love it! ❤️

· Og no kom eg på eit superfint tips på slutten her, eg som er honninggal 🍯 Honning, som er naturleg hydrerande og fuktgjevande, med gode antioksidanter og mykje anna, kan både forbetre leppehuden og gje leppene dine den WOW-faktoren. Ta på eit tynt lag honning på leppene når du skal legge deg, konsentrere deg så du ikkje sleiker det av, hahah, så la det vere på gjennom natta, og så pusser/skrubber du leppene med ein tannbørste. Døde hudceller farvel, og wow-lepper på plass!


🐝🎄



Nyt førjolstida vidare med deilige lepper og trutmunner! 💋😚

🚨 Hugs å bestille før 16.12 for å få pakkene i tide til julaften 🎄

Varm helsing,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia