Babysalve 50ml

Babysalve 50ml

Vanlig pris 200,00 kr På salg

Dette er ein effektiv salve på såre stumper. Beskyttar og mjukar opp sart babyhud, og nøytraliserer ammoniakken i urinen som er det som gir svie, sårheit og utslett. Smør på rein hud etter kvart bleieskift, og opplev den gode førebyggande effekten også. Babysalven sine mjukgjerande og lindrande eigenskapar gjer den også god for større born og vaksne, og den passar også fint som kuldesalve. 

Babysalven utvikla eg i 2007 då dottera mi Ylva vart fødd, då ho var så sår og raud stadig vekk. Eg ville ikkje bruke noko av det som var på markedet, og utvikla dermed denne salven som har gleda mange småborn og foreldre sidan. Den tek oftast bleieutslett og sårheit over natta.

 

Innhald: bivoks, lanolin (ullfeitt), øko. tistelolje, øko. jojobaolje, honning, naturlege e-vitamin, øko lavendelolje.