Den gamle kassebilen til Vossabia er så rusten og sliten at det no vart uforsvarleg å køyre den meir, men jammen har den stått på opp gjennom åra frå marknad til marknad! Sjekk forskjellen til den deilige nye el-kassebil id Buzz 🐝 Tusen takk for fantastisk service HMV Bilsenter og Unik Print for imponerande arbeid med design og foliering! Ganske stor forskjel å køyre på marknader og anna med den nye bilen!! 🤩 I det eg parkerte nyebilen heime på garden gjekk eg rett inn i Vossabias produksjonslokale og samla saman mine essensielle produkt til å ha i bilen! Rett og slett MÅ-HA-HUDPRODUKT når ein er på farten 🚙 Eg fylte opp hanskerom og lagringslommer slik at det er lett å få tak i, for eg har stadig bruk for ei rekke av våre digge naturprodukt. Tørre hender, tørre lepper, vondt i hodet, skuldre eller tett nase, solsteik, svette armhuler, og behov som oppstår på rasteplasser og turar. Mange behov å dekke, og det er ingen problem når ein kan lagre ein deilig Botanisk buffet i bilen 😉 🐝 Mine Vossabiavener på vegen:
1 - Handkrem! Eg blir heilt uroleg av å køyre bil med tørre hender, så då er Mjuke Hender heilt essensiell å ha med i bilen. Mjuke hender er magisk mjukgjerande og dufter deilig forførande av rose og lavendel! 🪻Eg griper etter den, tar bittelitt, og smører kjapt inn og den trekker raskt og godt inn slik at eg ikkje sklir rundt på rattet. Perfekt!
2 - Leppepomader x 2 eller 3 💋! Myntelepper gjer jobben på tørre lepper, og er det munnsår eller anna plager så fikser den det og! Men, ganske ofte likar eg å ha litt farge på leppene og, å då har eg nokon favorittar! Konglelepper og Huldrelepper bidreg med anten den diskret «nude»-fargen, og så er det den varme gløden med Huldrelepper. Men, eg må innrømme at i det siste har Bringebærlepper (denne er ikkje i salg enno, men snaaaart 💋) vore fast i bil, lommer og overalt! Den gir dei freshaste lepper OG funker som ein perfekt blush i kinna! Så litt trøtt Dronningbie blir på tre sekund den freshe bia 🌸🤩
3 - Ringblomstsalve – UNIVERSALEN over alle!! Altså, kva er det me ikkje bruker den til 😜?
4 - Panterbalsam! Den og MÅ vere i bilen! Trøtt? Panterbalsam med oppkvikkande eukalytus og rosmarin i panna! Hodepine? Panterbalsam i panne og nakke og skuldre, gjer underverk med sterke urter. Vondt i skuldre og rygg? Panterbalsam! Tett nase? Panterbalsam med kamfer og mynte under og oppi 🙌!
5 - Solkrem☀️!! Køyrer du langt og sola får steike på deg, så er du kanskje ikkje nok beskytta inni bilen, og då kan det vere smart med litt solkrem i fjeset 😎☀️Men, for meg er solkrem alltid med i tilfelle bilturen tek meg til sol og tur på fjell eller ved sjø.
6 - Deodorant. Det er ganske mange gonger eg har hatt bruk for å freshe meg opp med litt påfyll med deo på ein biltur 👃 Nokon gonger har eg gløymt å ta på meg om morgonen, og då er det berre så herleg å oppdage at eg har digg deo i bilen! Redning stadig vekk altså! 7 - Hårserum 👱♀️ Ja, den er også så fin å ha i bilen. Stadig vorte brukt for å roe ned brusete hår for travel dame på vegen, men også til å ha i ansiktet for eksempel. Prøv det, for den er så nydeleg til ansiktet, og ikkje minst også til ein ansikts-, hodebunns- og nakkemassasje! Så om bilturen verkeleg tek på kreftene så gje deg sjølv ein skikkeleg god ansikts- og nakkemassasje, og du kjenner deg som ny! Litt Leppepomade og blush i kinnene, påfyll av deo og deilig handkrem så er du klar for kva som helst! 8 - Minisjampo og minikroppssåpe! Ikkje dumt å ha i bilen om du er sånn spontan type som meg, som plutseleg har stukke på ekskursjon med uplanlagt overnatting 🌝. Elles lover eg deg at du blir glad for å ha desse i bilen om du kjem til ei elv eller ein innsjø som du berre MÅ hoppe uti! Då er det godt med ein sunn vask i tillegg! 9 - Sensuell!! Jadå. Sensuell kan absolutt få ha sin faste plass i bilen. Kven veit kva som kan skje på ein rasteplass eller på ferga? Eg seier ikkje meir! 🔥 10 - Essensiell Sensuell. Ei lita flaske med naturleg parfyme du kan smøre bak øyrer eller under handledd, så er du klar og føler deg på topp! 💕
Ja, der har du mine Hudprodukt for hanskerom eller hyller i bilen. Skikkeleg botanikk i bilen! Og me som køyrer såpass mykje her i distriktet, då kollektivtransport er eit framandord me ikkje veit tydinga av (for det finst knapt), så er dette ein del av vår hud- og velvere beredskap! 🚗 Skjønnheit og velvere på farta med naturens beste hudpleie i bilen din! Knallbra!
![]() Bil-«parfyme» 🌸
Heldigvis treng du berre nokon få enkle ingrediensar, som eteriske oljar og vanlege husholdningsartiklar, for å lage din egen luftoppfriskar.
1. Natron og eteriske oljer
- Fyll eit middels stort norgesglas med lokk til omtrent to tredjedeler med natron. - Tilsett 20 dråpar eterisk olje 💧(for eksempel søt appelsinolje eller stimulerande rosmarin). - Rist glaset godt for å blanda ingrediensane. - Bruk lokket til å tegne en sirkel på et stykke papp, klipp det ut og legg det på toppen av glaset. - Fest pappen med metallringen frå lokket, og lag fleire små hol i pappen med ein tegnestift eller nål. - Plasser glaset i koppholdaren eller under eit sete (sørg for at det står stabilt før du begynner å køyre). Dette gir ein mild og behageleg duft i bilen over tid. 🌸
2. Eteriske oljer på bomullsdotter eller klesklyper
- Drypp nokon dråpar eterisk olje på ein bomullsdott eller ei treklesklype. - Plasser bomullsdotten i et lite hjørne av bilen eller fest klesklypa på ein luftventil. - Når lufta sirkulerar, sprer duften seg mildt og fint i heile bilen. ⚠️ Viktig sikkerhetstips: Unngå å plassere bomullsdotter med eteriske oljer nær varmekilder, for eksempel ventilasjonsåpninger som blåser varm luft, då visse oljer er brennbare.
3. Filt og eteriske oljar
- Klipp ut ei ønsket form frå filt. - Drypp nokon dråpar eterisk olje på filtstykket. - Fest ei snor eller eit band og heng den frå bakspeilet – akkurat som ein vanleg luftfriskar. Då håpar eg du kjenner deg Roadtrip-Ready og er inspirert til å lage di eiga bilpakke for forfriska hud, hår og luft– sjølv på lange bilturar 🚗! Eg gleder meg i alle fall til korte og lange turar med nye nydelege bilen vår! Og alt på laurdag kjem bie-bilen og Vossabia til Bergen og Bondens Marked på Fisketorget! Håpar me sjåast der 😉! |