Vinterferieyoga og Vossabiaprodukt i koppar og teskjeer🧘‍♀️⛄️

Vinterferieyoga og Vossabiaprodukt i koppar og teskjeer🧘‍♀️⛄️

Plutseleg hadde eg og Linda bestilt Vinterferieyoga på Nøsen yoga og fjellhotell, og var like etter på veg til 5 dagar med yoga midt oppå fjellet. Me ante ingenting om kva me gjekk til, her handla det berre om å få seg nokre fridagar, få sove heile netter, og få litt bevegelse. 

Overraskinga var til å lese i ansikta våre når det første skiltet me såg i gangen var GANGSTER-YOGA! Kva i all verda hadde me meldt oss på! 😅

Eg fekk ei ny overrasking på fyrste yogatime når det viste seg at eg hadde gløymt at det hadde gått 25 år sidan sist eg gjorde yoga regelmessig. Og eg hadde også gløymt at kroppen min har gått gjennom både den eine og andre endringen desse siste 25 åra (hint: stresskiloer, stive hofter og knær) 🤣 Men, så lenge eg er 25 år inni meg så er det vel ingen problem 😇 og spesielt ikkje når eg alltid har Panterbalsam (for ømme musklar) med meg! 😂 For dette var hardt! Og veldig deilig (og vondt), på ein eventyrleg vakker plass med ei nydeleg gruppe menneske som plutseleg var saman på mattene, med ein nasjonalromantisk utsikt utan like. Og så er det berre blitt bonus på bonus på bonus på denne fantastiske staden!

vossabiaEin bonus var at nokre av dei nydelege deltakarane her kjente meg igjen, då det viste seg å vere fleire kundar av Vossabia her på Nøsen! 🥰 Noko så herleg, overraskande og veldig moro! Og spesielt gøy når kundar her delte sine gode erfaringar med Vossabia med dei som ikkje kjente til Vossabia 🐝 Det vart raskt deling av Vossabiaprodukt i kopper og skåler og på teskjeer til testing for nysgjerrige yogis 😂

Kathrine er ein av dei som har brukt Vossabia i fleire år. Ei skikkeleg flott dame, yogainstruktør og lærar, som også viser seg å vere ein supergod ambassadør for Vossabia 🐝🧘‍♀️ Ho er DNT-turleiar også, og har alltid med seg sin lille pose med smarte og gode produkt, der blant anna Sitrusdeo, Panterbalsam og Tindved og Nesle er faste produkt.

Eg tipsa Kathrine om å ha Ringblomstsalve og Kamillebalsam med i turposen også, dei har fast plass i mine førstehjelpspakker, og passer perfekt på tur også 🥾
 
🧿 Augebalsam var hennar introduksjon til Vossabia, og den fann ho etter søk etter øyekrem uten paraben og anna tull og tøys. Ho vart så begeistra og begynte å teste ut fleire produkt som dei fleste av leppepomadaneKamillebalsam (som gjer rask og stor forskjell på tørre hælar, seier ho og), og jammen har ho fått kjærasten gira på Tindved og Nesle også 🤩 Han digger gløden og den friske hudfargen han får, og føler seg skikkeleg fresh med den, fortalte Kathrine. Det likar eg å høyre!
 
Linda og eg gav både Kathrine og fleire andre damer her litt sjampo frå flaskene våre i nokre små vannglass, og det har vore nokre nøgde damer i dusjen 🛀! Både Kathrine, Alexandra og Hilde Helene opplevde med ein gong den friske duften av natur, og ikkje minst at dei ikkje treng balsam. Og det å droppe balsam, det hadde aldri Alexandra trudd var mogleg 🙏 Ho er så nøgd, og eg blir så glad av å få oppleve kundar så nært på omtrent medan dei testar produkta og kjem nydusja med store glis 🫶
Alexandra vart umiddelbart hekta på Tindved og Nesle som gjorde huden så smidig og med vakker glød. Ho gjekk straks inn og bestilte ansiktspakke og sjampo! Sjå kor fin!
 
Herlege Hilde Helene frå Oslo fekk mange av oss til å vasse rundt barfot i snøen 👣❄️ og ho var kjapt ute første kvelden med å kjøpe det lille eg hadde med meg, og har no på 5 dagar testa ut SjampoKroppssåpeKroppsbalsamKrydra kroppsskrubb og Huldrelepper, og så Tindved og Nesle på ei teskje til testing 😍 Hilde fekk fram det fine fallet i håret etter ein vask, og kjente kjapt kor godt det gjorde med urtesjampo for hår og hodebunn! Kjempegøy! Og: Hilde Helene er i styret i den ideelle foreningen La Humla Suse! Dette er ein viktig organisasjon som arbeider for å ta vare på mangfaldet av humlearter og deira leveområder i landet 🌍 Bli medlem, seier eg!
Linda og eg har smurt oss inn med mykje deilige Vossabiaprodukt desse dagane, men Panterbalsam har altså lagt lengst framme etter hard og nydeleg yoga. Og Linda er så fin der ho fortel alle engasjert om Vossabia, sjølv om eg planla å vere kun på ferie, men jammen var det moro når folk elskar å høyre om konseptet og få prøve naturen på huden 🙌🥰 Og sjekk kor god Linda er blitt då! Her får ho kyndig yogarettleiing frå fantastiske Ibrahim.
🧘‍♂️ Endå ein bonus er vår ekstremt dyktige, og vilt hjartevarme og kunnskapsrike yogalærer på kurset, Alexander Medin. Han er blant dei aller beste i Ashtanga yoga, han har lært oss masse djup yogafilosofi, og han har eit så stort hjarte 🫶! Han er grunnleggar av stiftinga Back in the Ring, som er eit landsdekkande yogatilbod for rusavhengige som ynskjer å gjere eit comeback i livet. På Nøsen hjelper han menneske som har falt utanfor i livet og gir dei høve til å bygge seg sjølv opp ved samfunnsnyttig arbeid, ved auka ansvarskjensle og styrkande og god yogapraksis som dei får integrert i livet, med mange fantastiske resultat og historier om liv som får skifta retning 🙏❤️‍🩹
Difor skilta i inngangen med Gangsteryoga (som er eit frivillig prosjekt starta opp for innsatte i fengsel). Så her på Nøsen yoga og fjellhotell er det eit rikt og mangfaldig tilbod av yoga-retreats gjennom heile året for kven som helst, og i tillegg eit nettverk av frivillige som arbeider her og menneske som er her for kortare og lengre periodar medan dei prøver å kome Back in the Ring. Eg digger det 💕
Neste bonus var nokre intimkonserter som berre kan skildrast som magisk vakre! 🎤 Jannike Kruse og søstrene Benedikte og Anine fortrylla oss med sine praktfulle stemmer og stemningsskapende kraft! Wow! Alle sat med tårer i augene og frysingar på kroppen 🥹 Det var berre å nyte! Ja, Nøsen baud på vakre dagar på så mange nivå altså!!
Jannike Kruse, musikar og skodespelar, har vore med i mange tv-seriar, filmar, musikalar og har haldt ei mengde konsertar, og eg har no bestemt meg for å stikke til Oslo 9.mars der ho skal halde konserten «Songs for a New World» på Christiania teater med tre andre songarar. Det blir berre denne eine unike konserten med eit heilt spesielt materiale, så eg hiv meg rundt og køyrer lett frå 8. mars arrangement i Sogn der eg skal halde foredrag på Eikum hotell, til Oslo 9, mars! Gleder meg 🎶🤩
 
Sånn til slutt: eg har fått plukka meg litt strylav på ca 900 m.o.h.! Jess! Det skal rett på norgesglas, fyllast med 40% når eg kjem heim, og så stå i ein månad. Det blir knallbra å ha i medisinskapet om det blir nokon luftvegsplager framover. Nok ein bonus herfrå!
vossabiaSå naturen her gir også! Og området rundt Nøsen er fullt av fantastisk einer og furu også 🌲 Så her er det moglegheiter for å skape dei beste dampbad blant anna, noko som blir perfekt neste år når Nøsen har ferdig ny avdeling med spa-område blant anna 😉 Då kjem eg gjerne tilbake og bidreg med litt ekstra i den avdelingen. Ville spa er jo min spesialitet!

Takk for ein fantastisk vinterferieyoga til Nøsen yoga og fjellhotel, våre herlege nye yogavener, og den eksepsjonelle lærar Alexander ✨🥰

vossabia

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia