NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp - Vossabia

NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Oppdag kvifor eg elskar brennesle – og få oppskrifter på te, pesto, tinktur og superpulver

NESLETID 💚 Superurten som gir styrke til hår, hud, kropp og sjel

Det finst nokre planter eg berre kjenner meg heilt forelska i. Brennesle er ei av dei.
For meg er ikkje nesle berre ein ingrediens – det er mat, medisin, hårpleie, hudpleie og naturleg styrke i eitt og same blad 💚

Eg diggar nesle så mykje at eg faktisk blir rørt kvar vår når dei første mørkegrønne spirene pressar seg opp frå bakken rundt tunet her hjå oss. Kraftfulle, ville og fulle av liv og styrke. Ei ekte pionerplante som kjem der jorda er rik, levande og full av næring.

Les vidare så skjønar du kvifor eg elskar denne planten så høgt, kva fantastiske eigenskapar den har for hud, hår og kropp, korleis me brukar den i Vossabia-produkta våre – og ikkje minst deler eg fleire enkle og deilige måtar du sjølv kan bruke nesle heime. Her kjem både neslete, pesto, tinktur, superpulver og fleire favorittar frå mitt eige kjøkken 🌱

Har du forresten sett at dei er lilla under blada no når det har vore så mange kalde netter? Det gjer dei berre endå meir rå! Og endå meir medisinsk! Sjekk Instagramvideoen vår om dei lilla neslene!
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp
Og ja – nesle stikk og svir. Skikkeleg òg 😅 Men akkurat det likar eg nesten litt med den. For brennesla minner meg om noko viktig:
At mykje av det sterkaste og mest verdfulle i naturen krev at me kjem litt nærare, og at me orkar og tør å sjå forbi det ukomfortable.
For bak sviinga skjuler det seg ei av dei mest næringsrike og kraftfulle plantane me har. Og så går det an å jobbe med teknikken når ein plukkar, så blir det ikkje så mykje sviing likevel 😉
Bli ven med neslen, seier eg 💚
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp
Brennesle er ei plante som har vore plukka og brukt heilt sidan oldtidas Egypt. Romerske soldatar piska kroppen med nesle for å halde varmen, og nesle har vore viktig i folkemedisinen gjennom hundrevis av år.
Og no i dag var det ein god Vossabiagjeng ute på gamle stiar i skogkanten her, med korg og hanskar, og plukka nesle til Vossabias populære sjampo og Tindved og Nesle 😁🌱
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

No er det altså verkeleg NESLETID her på garden...

Frå enga og rett i sjampopanna 💚

No for tida er det nesten dagleg innhausting av denne superplanten (når det er fint vær!). Det er faktisk rein meditasjon å gå bøyd ute og plukke nesleskudd på nesleskudd, og kjenne den heilt eigne nesleduften som fyller lufta medan kattane spring rundt oss og skal vere med på alt som skjer.

No i sesongen blir nesla plukka rett utanfor tunet og går fersk direkte inn i produksjonen av vår ekstremt populære Sjampo med ville urter 💚

Nesla får småkoke ganske lenge, slik at me får trekt ut dei verdfulle vitamina og minerala som kan styrke både hår og hovudbotn. Sjampobasen er rett og slett eit kraftig urteavkok som folk verkeleg merkar forskjell av.
Eg får stadig meldingar frå kundar som fortel om:

✨ mindre flass

✨ friskare hovudbotn

✨ meir glans

✨ fyldigare hår

✨ mindre fett hår

✨ og hår som kjennes sterkare og friskare
★★★★★

Kjøpte den til min sønn som har vært plaget med mye flass. Det forsvant fort med denne sjampoen👍👌

— Sølvi B.

Sjampo med ville urter

Sjampo med ville urter - VossabiaSjampo med ville urter - Vossabia
Sjampo med ville urter
TilbudFrå 45,00 kr
★★★★★

Etter mange år med dyre shampoo og balsamer fikk jeg tips av min søster om denne shampoo. Etter få vask merket jeg endringer i håret og hodebunnen. Håret ble glansfullt, mindre kløe i hodebunnen. Opplever at håret er sterkere og friskere. Jeg anbefaler den til alle.

— Jenny B.
Og i den nydelege Tindved og Nesle-balsamen brukar me nesle som tinktur. Då får me fram andre eigenskapar frå planten – spesielt dei antioksidantrike og antiinflammatoriske sidene som huden elskar.

Den deiligaste hudbalsamen… 😍 Ikkje rart folk er heilt ville etter den. Den gir glød, smidigheit og næring til ansikt og hals, og mange bruker den både som dagkrem, nattkrem og redningssalve når huden er tørr, gusten eller stressa.
★★★★★

Jeg var i en særs stresset periode og jeg fikk tørre spotter i ansiktet. Jeg leste om Tindved og bestilte. Etter et par netter så var de tørre spottene borte. Meget effektiv.

— Wenche S.

Tindved og nesle til ansikt

Tindved og nesle til ansikt - VossabiaTindved og nesle til ansikt - Vossabia
Tindved og nesle til ansikt
TilbudFrå 235,00 kr
★★★★★

Jeg har slitt veldig med tørr hud på hendene og kviser i kinnene, men med salven Tindved og nesle som jeg har brukt morgen og kveld har det blitt 100% bedre, og jeg tør gå uten sminke i ansiktet igjen, med en hud som gløder av et skikkelig bra norskt, kortreist, renvareprodukt! Jeg er så fornøyd ❤️🌻☀️

— Andrea J.

Sjekk ut pakketilbod !

Spar 143,00 kr
Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag - og nattkrem - VossabiaPerfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem - Vossabia
Perfekt pakke til ansiktet 💗 rens, dag- og nattkrem
Tilbud 810,00 kr Ordinær pris 953,00 kr
Spar 96,00 kr
Vill Hårkraft 🌿 Sjampo 💚 Rosmarin hårserum - VossabiaVill Hårkraft 🌿 Sjampo 💚 Rosmarin hårserum - Vossabia
Vill Hårkraft 🌿 Sjampo 💚 Rosmarin hårserum
Tilbud 542,00 kr Ordinær pris 638,00 kr

KVIFOR ER BRENNESLE SÅ FANTASTISK?

Det er nesten umogleg å skrive kort om nesle 😅 For denne planten er verkeleg eit lite kraftverk.
Brennesle inneheld store mengder:

🌱 mineral

🌱 vitamin

🌱 antioksidantar

🌱 klorofyll

🌱 plantestoff som styrkar hud og hår

🌱 og naturlege antiinflammatoriske eigenskapar
I tillegg til vitaminer som A, C, K og B er mineralrikdomen heilt vill! 🌿
Faktisk består brennesle av rundt 20 % mineraler – noko som er heilt ekstremt i planteverda. Me snakkar om bra innhald av jern, kalsium, magnesium, kalium og den spesielt interessante SILISIUM! 💚
Det er supermineralet for hud og hår, som verkeleg bidreg til styrke, elastisitet og struktur. Og har du prøvd vår Sjampo med ville urter så har du merka det!
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Naturleg glow – innanfrå og utanfrå ✨

Eg trur verkeleg mykje av hudhelse handlar om å tilføre kroppen næring – ikkje berre smøre noko utanpå. Difor elskar eg plantar som brennesle.

For denne superurten jobbar både innanfrå og utanfrå:

💚 i te (drikk neslete så ofte du kan)

💚 i mat (lag verdas beste pesto med
nesle, og hiv den i smoothien!)

💚 i tinktur (sikre antioksidantar og allergihemmande eigenskapar)

💚 i hudpleie (har du prøvd vår nyyyydelege Tindved og Nesle?)

💚 og i hårpleie (sjampoen med stor S takka vere nesle og kjerringrokk!)

Brennesle er full av antioksidantar som kan hjelpe huden å beskytte seg mot stress, betennelse og tidlege aldringsteikn.
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp
Urten har også lange tradisjonar som blodrensande og styrkande plante. Mange brukar den for energi, hud, hår, ledd, nyrer, detox, mot allergi og generell vitalitet.

Og så er den fantastisk for sensitiv og irritert hud.

Nesle kan:

✨ roe rødhet og irritasjon

✨ bidra til balansert talgproduksjon

✨ vere fin ved uren hud og kviser

✨ støtte hudbarrieren

✨ gje glød og spenst

Det er ikkje rart folk har blitt heilt hekta på nesle i hudpleie internasjonalt dei siste åra. Neslehudprodukt har blitt skikkeleg trendy og poppis i USA og England dei siste åra.

Men for meg handlar det sjølvsagt ikkje om trend. Det handlar om kontakt med naturen, og ta i bruk det som menneske har hatt kunnskap om og brukt i ikkje berre mange generasjonar, men i tusenvis av år.
Eg vil at fleire skal oppdage dette neslekraftverket, slik menneske har gjort lenge før oss!
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Korleis få brennesle inn i kropp og hud 🌱

Mange unngår kanskje brennesle fordi den svir når ein plukkar den. Men bruk hanskar eller litt teknikk, så går det mykje betre 😉 Og skulle du bli stukke, er Kamillebalsam super mot svien 💚

Det fine er at neslens sviande eigenskapar forsvinn ved koking/forvelling, tørking, knusing og annan foredling. Då sit du igjen med alle dei fantastiske næringsstoffa og helsefordelane – klare til bruk i både mat, drikke, hudpleie og hårpleie.
Så no håpar eg du får lyst å bli litt betre ven med nesla 😁
Under finn du fleire enkle og deilige måtar å bruke denne superurten på heime – frå te og pesto til tinktur og superpulver 🌱🐝
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Brennesle-te

1. Plukk litt fersk brennesle ute i hage/grøftekant osv. Har du tørka brennesle liggande er det og supert (og ein smart måte å sikre seg gjennom året).
2. Skyll dei lett, og kok deretter opp ein kjele med vatn.
3. Når dette kokar, skru av pannen, ha oppi brenneslen, og la det trekke i 5 til 10 minutt. Bland gjerne oppi andre urter som rødkløver, mjødurt, mynte, rose eller andre favoritter som veks der du er.
4. Sil av, ha oppi litt honning for søtning, og vipps så har du en fantastisk deilig brennesle-te!

Viss du vil ha ein te som gir deg ekstra med styrke og er ein real vårrensklassiker, kan du ta like deler med brennesle, bjørkeblad og løvetannblad.
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Tinktur

1. Finn eit norgesglass, eller anna glass i grei størrelse, og fyll det heilt opp med fersk brennesle, eller halvt med tørka. Hakk opp for å få ekstra mykje kraft ut av urten.
2. Ha deretter oppi sprit (rundt 60%) til alt er dekka. La det trekke i en månad.
No har alle helsefordelane til brennesle kome ut i spriten. Ha ei til to teskjeer (30-40 dråper) med dette oppi eit glass vatn kvar dag (eller tre gonger om dagen ved behov) så har du ein enkel måte å få din daglege brennesledose!
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Pesto

Pesto er knallgodt i salatar, til kylling, pasta, grønsaksrettar eller berre rett på skiva! Prøv brennesle i pestoen din!
- 1 liter friske skot av nesle og skvallerkål (eg tek ¾ nesle og ¼ skvallerkål, men her er det berre å leike seg med mengdene)

- 1 dl cashewnøtter eller valnøtter, pinjekjerner (eksperimenter og varier)
- saft frå ein halv sitron
- 3 båtar med kvitløk

- 1 dl olivenolje
- 50 gr parmesanost eller norsk liknande ost
- smak deg fram med salt og pepper

Plukk og skyll neslen, putt alt i stavmiksaren og køyr! Om du vil/bør ha meir olivenolje så tilpass.
Nyt!
NESLETID 💚 Superurten for hår, hud og kropp

Neslepulver

Eg tørker alltid enorme mengder brennesle for å ha til sjampoen gjennom heile året, men noko av det bruker eg til å lage neslepulver! Kan brukast til til smoothie, speilegg, graut, kraft, iskrem og mykje anna.

1. Plukk nesle, spre utover eit laken eller duk og la ligge og tørke langsomt nokre dagar.
2. Ta litt tørka nesle i stavmikseren og full guff!
3. Voila! Neslepulver! Oppbevar i lufttett og mørk boks, og bruk i smoothie, graut, suppe, kraften, ja fantasien er grensesettar her. Me snakker superpulver altså!
Renate Lunde

Helsing frå Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia