Mindre stress og meir sex! Sjekk vår løysing på julekaoset! 🎁🔥

Mindre stress og meir sex! Sjekk vår løysing på julekaoset! 🎁🔥

Mindre stress og meir sex! Sjekk vår løysing på julekaoset! 🎁🔥

Julefilmane fortel oss at høgtida skal handle om glede, kjærleik og fellesskap. Men i realiteten kan stress, høge forventningar og travle timeplanar føre til at mange par lettare hamnar i kranglar 😓 Heldigvis så har me ei heit og sexy løysing som kan skru opp kjærleiksnivået og kjøle ned stresset - så her er det berre å lese vidare for å få nokre krydra tips og hemmelege triks 🔥❤️
Mange par opplever faktisk fleire konfliktar i løpet av jula. Denne tida av året kjem med ei blanding av glede, travelheit og stress som kan utfordre sjølv dei lykkelegaste forholda 👩‍❤️‍👨 På den eine sida skal høgtida vere ei tid for feiring og samhald, men den fører og med seg ansvar og forventningar som kan vere krevjande å handtere. Nokre av utfordringane kan vere enkle å løyse, men når du har mykje å tenke på samstundes – og prøver å leve opp til biletet av den "perfekte" jula som reklamen viser – kan det vere mykje vanskelegare enn det ser ut.
Det er heldigvis mange gode råd å få frå podkastar og artiklar, men om du ikkje har tid til å sjekke ut alle desse råda, så skal de få nokon knallgode tips frå gardstunet her i dag, og den sjølvutnevnte dr.Love! 💗 Altså meg, hehe 😂
Eg kjem her med nokon fiks ferdige og muligens meget lettvinte løysingar som sannsynlegvis vil gjere livet deiligare, meir gøy og skikkeleg sexy! 😉
sensuell salve
1. Kommuniser ope og ofte med partnaren din! 👩‍❤️‍👨
Det er ikkje alltid lett å vite kva ein skal seie når ting er anspent, men ein smart ting å seie er alltid: «No er det så mykje stress og styr med denne jula. Kan me ikkje berre ta ein liten time-out, ta 15 min for oss sjølve? Og du, eg har kjøpt Sensuell! Hint hint!» ❤️‍🔥
sensuell salve
Korleis halde varmen i den kalde tida? SENSUELL! ❤️‍🔥
 
Dette kan eg nesten garantere vil fungere for å få stress ut av kroppen, og more seg samstundes 😉🔥 Men, det er klart at nokon rundar med Sensuell kan ikkje løyse absolutt alle problem og utfordringar, og då kan det hjelpe å øve på kunsten å kommunisere venleg til vanleg ☺️
❤️ Gjennom heile høgtida, sjekk inn med kvarandre regelmessig. (for eks: «kor ligg Sensuell’en?) 🙏
❤️ Spør korleis partnaren din har det, og del dine eigne tankar ærleg, men venleg. God kommunikasjon er det beste verktøyet for å unngå misforståingar og løyse utfordringar. («eg synes alt blir så utruleg deilig med Sensuell, kjære, korleis er det for deg?») 😌
❤️ Når konfliktar oppstår, fokuser på å uttrykke kjenslene dine med «eg»-utsegner i staden for å leggje skulda på den andre. I staden for å seie: «Du hjelper ikkje til med noko,» prøv heller: «Eg føler meg overvelda og kunne trengt litt ekstra hjelp.» Denne tilnærminga gjer at partnaren din sannsynlegvis ikkje blir like defensiv, og det blir lettare for dykk å finne ei løysing saman. Dette er ikkje lett, det merker eg til stadighet i eigen heim. Men, øve øve øve, og Sensuell, Sensuell, Sensuell 😜❤️
sensuell salve

Ja, det blir aldri nok Sensuell!

Sensuell

To andre råd frå liksom dr. Love 💓

2. Set av tid til berre dykk to i jula (eller til berre deg og eigen-kjærleik om du ikkje har partner) 👩‍❤️‍👨
Midt i kaoset av juleførebuingar er det lett å miste fokuset på kvarandre. Prioriter å bruke kvalitetstid saman, sjølv om det berre er for ein time eller to (eller eit kvarter med Sensuell), slik at de kan kjenne dykk meir knytt til kvarandre. Planlegg ein roleg datekveld 🌃 (hugs, Sensuell ventar i enden av date ❤️‍🔥), ta ein spasertur for å sjå på stjernehimmel og julelys, eller nyt ein stille kveld heime med favoritt-julefilmen dykkar, eller set på ein julefilm til ungane og snik dykk bort 😉😘 Eller kva med å gje ein magisk kroppsmassasje til partneren i eit varmt rom, og bruke smidige Kroppsbalsam på kroppen, og kven veit, kanskje ventar det Sensuell og til slutt? ❤️❤️ Denne bevisste kontakten seg i mellom kan minne dykk om kvifor de er eit så godt team, og hjelpe dykk å takle julepresset saman 🥰

sensuell salve

Sensuell
3. Ver fleksibel og slepp taket på perfeksjon 👌
Ting går ikkje alltid som planlagt, og det er heilt greitt ✌️ Kanskje stikk hunden av med pinnekjøtet frå julepynta middagsbord, kanskje kjem ikkje gåva fram i tide, eller familiesamlinga blir ein kaotisk miks av motstridande personlegdomar og ulike politiske meiningar. I staden for å la desse små hindringane øydeleggje humøret, prøv å le av det og sjå på det store biletet 🤩 Når du sluttar å bekymre deg for om alt ser perfekt ut, kan du nyte dei små, uperfekte augneblikka som gjer jula spesiell. Det kan vere utruleg frigjerande! Ein annan frigjerande ting er å ha ei Sensuell krukke klar på badet, på soverommet og eventuelt kjøkkenet for dei som er verkeleg frigjorte i jula 😅🔥 Minn i alle fall deg sjølv og partnaren din på at det er heilt greitt om alt ikkje er perfekt – det viktigaste er at de får tid saman. Og då er det lurt å ha Sensuell på begge nattbord! ❤️‍🔥
sensuell pakketilbod
Ei gåve til kjærasten som garantert vil slå an, og som du vil nyyyyte du og 😉

Sensuell

Hedda Hosås
Her er alt enormt langt frå perfekt, på både den eine og andre måten. Men, ein ting som alltid er nydeleg i alt kav og styr, det er å stoppe opp litt og ta inn nokre fantastiske dufter. Opne krukka med Sensuell, stikk nasen nedi og trekk inn dei magiske duftene av kardemomme og ylang ylang 💗

Kardemomme lager eg stadig te av ☕️ har i baksten, men ikkje gløym den til erotikk og sensualitet! 💓 Kardemomme er eit eksotisk krydder frå dei frodige skogane i India, og har vore essensiell i mange tradisjonelle medisinar, blant anna for fordøyelsesplager og luftvegane. I deilige Sensuell har den fått sin plass fordi kardemomme hjelper med å stimulere sansane og auke lysten vår 😍 Den varmande og subtile aromaen har vekt lidenskap i hundrevis av år i Asia og Midtausten spesielt 🔥Og ja, kardemomme er med i Sensuell fordi dette supre krydderet fungerer som eit kraftig afrodisiakum, og det aukar altså blodtilførselen til kjønnsorganene hjå både menn og kvinner 🤩

Den flyktige og litt frekke oljen av kardemomme kan vere særs tiltrekkande. Det er nok ein av grunnane til at kardemomme ofte er å finne i manne-parfymer, der den lurar i bakgrunnen og spelar saman med andre dufter og bidreg med å auke sensualiteten i duften. Sjekk for eksempel den fantastiske Krydra kroppsskrubb som og har kardemomme i seg! Ganske så forførande! ❤️
sensuell salve
Sensuell i ei seng av kardemomme 🤩

Ylang ylang er også ein særs lystfremmande plante som har ein sentral plass i Sensuell. Den unike og kraftfulle duften av Ylang ylang er drøymande og romantisk, med blomsternotar nyansert av krema og pudderaktige tonar av vaniljekrem, forførande jasmin, banan, lys og bitter neroli, samt sensuell og søt honning 🐝
 
Det er mange spennande grunnar til at Ylang ylang er i den sexy Sensuell, og om det framleis nokon som ikkje har tru på at Sensuell kan redde jula, så sjekk her:

❤️ Ei studie publisert i Journal of Exercise Rehabilitation synte at inhalasjon av ylang ylang-olje kunne redusere blodtrykket og auka avslapping og ro hjå deltakarane. På grunn av dette skapar oljen ein atmosfære som legg til rette for intimitet og sensualitet.

❤️ Auka libido: Afrodisiakum-eigenskapane til ylang ylang er knytt til plantens evne til å auke libido og styrkje seksuell lyst. Ei studie publisert i BMC Complementary and Alternative Medicine undersøkte effekten av ylang ylang på seksuell opphissing og fann at inhalasjon av ylang ylang-olje auka seksuell opphissing hjå både menn og kvinner. Den rike, blomedufta kan stimulere utslepp av endorfinar, som aukar kjensla av velvære og opphissing.

❤️ Følelsesmessig tilknyting: Ylang ylang-olje er kjend for å styrkje følelsesmessige band, noko som gjer ho til ein ideell ingrediens for romantiske stunder. Ei studie publisert i Journal of Ethnopharmacology framheva dei potensielle angstdempande eigenskapane til ylang ylang-olje. Den bidreg til å balansere følelsar, fremje sjølvtillit og oppmuntre til open kommunikasjon, som styrkjer intimitet og forbetrar relasjonar.
sensuell salve
Siste råd frå liksom dr. Love er å alltid ha Essensiell Sensuell i nærleiken også. Ha den i lomma, på nattbordet, i nakken eller mellom puppane som parfyme og elles der det skulle passe og ikkje passe 😉 Dette er vår naturlege lille parfyme, som forfører og dufter sensualitet i ein superdeilig sensorisk symforni rett og slett 💗

essensiell sensuellSensuell pakketilbodSensuell pakketilbod

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia