Kjenn forskjellen med Hagen på Hendene! ✋🩷🤚

Kjenn forskjellen med Hagen på Hendene! ✋🩷🤚

Mjuke hender er så godt! Det får oss til å kjenne oss meir vel. Alle vil helst ha mjuke og glatte hender, både kvinner og menn, og ikkje berre for utsjånadens skuld, men for vår generelle velvere 🫶
Eg føler meg heilt uvel med ein gong eg er tørr på hendene, og det påverkar opplevinga av alt eg gjer, og det opptek med ein gong tankane mine 😣 Det er typisk at eg blir kjempetørr etter mykje graving og planting i hage og åker 👩‍🌾 Svart under neglene, ru i huden og skikkelege arbeidshender (ikkje lange negler på denne dama, haha). Då blir eg kjapt litt desperat og grip etter mine faste bestevener til hendene, som heldigvis er ganske mange i Vossabias sortiment 🐝😉 Urtemagien fungerer på så mykje, og sjølvsagt også på hendene! 🙌
🐝 Me har no samla nokre av produkta som er PERFEKT TIL HENDENE i ein eigen fin liten pakke: Hagen på Hendene, sånn at du lettare også kjapt finn det beste til hendene dine 🤩 (for eg tippar det ikkje berre er eg som blir litt hysterisk av tørre hender). Og dei neste dagane kjem det ein overraskelse med i pakken 🎁 ei gratis gåve: ein heilt nyutvikla handbalsam frå hagen med rose og ringblomst! 🌹🧡 Den er himmelsk på hendene! Med masse ringblomst og rose i ulike former, og så elles veldig nøye gjennomtenkte ingrediensar for å pleie våre viktigaste følgesvener: hendene! 🤲
hagen pa hendene
🫳 Me brukar hendene våre til å røre verda, til å skape og knyte band med andre 🤝 Me treng dei til alle gjeremål me tek for gitt frå me står opp til me legg oss. Hendene våre vaskar, leikar, ryddar, skrur og steller. Me tastar og skrollar, me driv idrett og kultur, og hendene er med, superessensielle, i alt me gjer 🫶 Me sår dyrebare frø, plantar ut og haustar inn, me lagar dei beste måltid. Me skapar kunst, styrar bil og tog, steller babyar og eldre, me plukkar opp og plukkar ned. Og uansett kva me gjer kvar dag med hendene våre så kjenner me stor forskjell på om dei er mjuke og smidige, eller tørre og sprukne.
 
Eg har møtt så utruleg mange fine folk på marknadar dei siste 20 åra, og mange har strekt fram hendene sine: 🫴 «Kan du hjelpa meg?».
Eg har sett sprukne hender med knallhard hud, hender som blør i sår som opnar seg når fingrane strekk seg ut, hender med eksem og psoriasis, hender skada av spriting, vasking, arbeid med kjemikalier, og grove mannehender etter mange tiår med hardt manuelt arbeid 🥺 Mange, mange av sjølv desse hendene har blitt babymjuke og fine, med litt urtemagi frå Vossabia ❤️‍🩹🐝✨
hagen pa hendene
Hendene våre fortener sjølvsagt å bli pleia med dei beste ingrediensane og den største omtanke, akkurat som resten av kroppen. Eg har difor no laga ein eigen handpakke Hagen på hendene, og dei neste dagane får du med ein spesialutvikla handbalsam 🤩 du kan få teste ut GRATIS før me eventuelt får den til salgs! 💐💝 Ei sommargåve og ein give- away for hendene rett og slett! 🙌
hagen pa hendene
Kva er i pakken Hagen på hendene?

Pakken inneheld tre basisprodukt som har mange forskjellige bruksområde, og som også er fantastiske på hendene. I denne pakken har me dei i minste størrelse, 15 ml, slik at det er praktisk å ha med i lomma og veska og bilen og der du er:
 
🧡 Ringblomstsalve tyr eg svært ofte til for hendene mine. Med sine helande eigenskapar og masse næring er den perfekt til tørre hender. Mange har meldt om kor raskt sprukne fingertuppar blir hela med denne vaksne Ringblomstsalven vår (fødd i 2004), og sjølv vonde og større brannsår på hender har grodd raskt og fint med denne universalen 🩹 Eg hugsar farmora mi alltid snakka om Ringblomstsalven: «den redda hendene mine den, Renate.» Ho fekk 2. og 3. grads forbrenning på hendene og kom aldri over kor godt den gjorde for hendene hennar 🥰 Men, du treng ikkje vere skada og sånt for å elske den på hendene! Litt tørr og ubekvem, smør dei inn og kjenn kor godt det gjer med ein gong. Og som alltid: med liten mengde kjem du langt!

 
🌼 Kamillebalsam gir litt ekstra. Vaskar du hendene ofte, grev i jorda eller held på med mykje manuelt arbeid på gard eller verkstad? Har du grove, ru og knalltørre hender? Psoriasis og eksem? Prøv Kamillebalsam på hendene!! ✨ Med kamillebalsam på hendene får du handpleie som gir intensiv næring. Den lindrar raskt tørr, supertørr, ufatteleg tørr, og skada hud ved å tilføre fukt og omsorg med masse fabelaktig kamille 🙏


 
🌿 Kroppsbalsam med ville urter er smidigheten sjølv! Har du kjent kor glatt og smooth den er på kroppen? Slik er den sjølvsagt på hendene og. Og så med fabelaktige rødkløver, ryllik og perikum då, som me plukkar og plukkar alt me kan av i desse dagar! 💚 Denne er den lettaste av desse tre godsakene, og med knapt ei lillefingerneglmengde har du til begge hendene der du i farten kjenner du treng å tilføre fukt og deilige planter frå garden og bakkane her 🌱🌾

hagen pa hendene
Det som ikkje er med i denne supre Hagen på Hendene-pakka er forresten Kuldekrem. Her i heimen brukar me stadig denne på hendene og, og spesielt om vinteren når huden verkeleg treng litt ekstra 🥶 Så har du den på lur så er det berre å hugse å smøre hender også når du er ute i vind og vær. Kuldekrem beskyttar masse!
 
 
🐝
 
 
Slik unngår du tørre, sprukne hender og får babymjuk hud
 
Tørre hender kan skuldast mange faktorar, frå miljøet til daglege vanar. Her skal me sjå litt på kvifor hendene dine kan bli tørre og kva du kan gjere i kvardagen for å halde dei mjuke og fine.
 
Årsaker til tørre, sprukne hender
 
1 · 🧼 Hyppig handvask
Hyppig håndvask er viktig, men kan fjerne naturlege oljer frå huden. Bruk mild såpe, som "Skogen på kroppen" fra Vossabia eller ei anna god og skånsam såpe, og smør deg med ein fuktgjevande salve etterpå, som produkta i pakken "Hagen på hendene".
 
2 · ❄️ Kaldt vær 
Vinterlufta tørker ut huden. Bruk varme hanskar ute på den årstida, og smør hendene regelmessig med ein god salve. Ha alltid med "Kuldekremen" for ekstra beskyttelse til både ansikt og hender.
 
3 · 🧪 Eksponering for harde kjemikalier
Reingjeringsmiddel og vaskemiddel kan irritere huden. Bruk hanskar og aller helst vel produkt som er bra for deg og miljøet. Me brukar naturlege og økologiske Sonett vaskemiddel, og C Soaps sine er også veldig gode! 🫧🌱
 
4 · 🧓 Aldring
Eldre hud mistar fukt lettare. Bruk fuktgjevande produkt med naturlege ingredienser for å halde huden mjuk og smidig.
 
5 · 🩺 Medisinske tilstander
Eksem, psoriasis og diabetes kan tørke ut huden. Produkt med ringblomst og kamille kan lindre slike hudutfordringar, og er også kjent for gode eigenskapar på betennelser og sår, og kan for mange vere gode alternativ til sterke saker på resept.
Daglege vanar for mjukare hender 🙌💚
 
1 · 🤲 Smør deg regelmessig
Hald hendene godt fukta med bivoks- og plantebaserte salver. Sjå etter produkt som gir næring, pleie og fukt, som våre reine naturprodukt frå Vossabia. 🐝🌱💚

 
2 · 🧽 Skrubb hendene
Fjern døde hudceller med en mild skrubb. Vossabias "Sitrus og honningskrubb" og "Krydra kroppsskrubb" er perfekte for å bli kvitt ureinheiter og død hud, og du blir overraska når skrubben får fram kor mjuk huden er under lag med døde hudceller.

 
3 · 🧤 Bruk hanskar
Beskytt hendene mot kjemikalier og hardt vær med hanskar når du gjer hus- eller hagearbeid. Der må eg bli betre, for eg elskar å ta i jorda og grave med berre fingrar og hender
 
4 · 💦 Hald deg hydrert
Drikk minst åtte glass vatn om dagen og et mat med høgt vassinnhald som ulike frukt og grønnsaker for å halde huden hydrert.
 
5 · 🧴 Unngå harde såper
Bruk såper med næringsrike ingredienser som sheasmør, kokosolje eller jojobaolje. "Skogen på kroppen" er et godt val for å auke hudens fuktighetsnivå.

Med desse tipsene vil kanskje hendene dine bli mjukare og meir motstandsdyktige mot tørrhet. Prøv produktene og teknikkene som passer best for deg, og nyt følelsen av silkemjuke hender! ✨🤲
 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia