Hipp hurra for Leppefamilien 💋
I dag vil eg hylle dei alle 6 💋 For dei representerer både starten på Vossabias hudpleieserie, det som dreiv fram alle våre nøye utvikla produkt, og den førebels siste greina på Vossabia-treet vårt.
Så ja – no relanserer me LEPPEFAMILIEN 💛
Og endeleg får 1-åringen vår Bringebærlepper vere med i familiepakken! 🥳
I tillegg lanserer me LEPPETRIO – der du sjølv kan velge dine tre favorittar med 15 % pakkepris!
Her kjem hyllesten, til ære for Vossabia Leppepomadane. Vårt fyrste hudprodukt. Skapt av ei sterk drivkraft og ønske om å vise fram det utrulege kretsløpet bier og blomar er så viktig del av. Og dei råstoff som er resultat av det kretsløpet. Bivoks er her helten! Det beskyttande og magisk pleiande råstoffet 💪🏻 OMG!

Før Vossabia vart naturleg hudpleie, selde eg honning som hobby. På marknadar hadde me fram til 2003 «kun» solgt Bringebærhonning, Lynghonning, Whiskyhonning og Rosenrothonning 🍯 Men etter kvart kjende eg på eit sterkt behov for å vise fram meir av det fantastiske biene skapar – ikkje berre det søte, men også det som bygger og beskyttar: altså bivoksen.
I 2003, då eg gjekk gravid med Emil, kjende eg meg nesten svanger med noko meir enn berre ein baby 💛
Eg kjende på eit sterkt behov for å skape – denne gongen noko for hud og kropp. Mat utanfrå og inn. Samtidig gjekk eg på yrkesretta birøktutdanning og byrja verkeleg å fordjupe meg i alt det fantastiske biene lagar. Eg ville ikkje berre bruke ressursane – eg ville forstå dei. Og formidle dei vidare.
Og det var då eg verkeleg oppdaga bivoksen.
For det er nesten ikkje til å tru korleis den blir til.

Då eg forstod dette, sat eg berre og måpte.
For bivoks er ikkje berre ein ingrediens – det er sjølve byggesteinen i livet i kuben. Skapt av blomar, honning og samarbeid.
Og som birøktar får ein vere ein liten del av dette samspelet.
Me byter jamleg ut delar av voksen for at bifolket skal halde seg friske, det er eit viktig sjukdomsførebyggande og hygienisk tiltak – og me gir samstundes honningbiene moglegheit til å bygge nytt, slik dei er skapte for og som aukar dyrevelferden deira. Og nettopp denne bivoksen som biene har brukt i sin livssyklus… fekk eg ei sterk kjensle av at eg måtte bruke til noko meir.

Og slik vart dei første leppepomadane til:
Lavendellepper og Myntelepper.
Enkle. Reine. Nøye samansette med gode planteingrediensar saman med fuktbevarande og beskyttande bivoks frå eigne bier.
Det var ikkje berre mi løysing på tørre og sprukne lepper – etter år med leppeprodukt som berre gjorde det verre. «Alle» brukte jo parafinbaserte leppeprodukt (og kosmetikk generelt), så mange kjente den store forskjellen og den raske effekten.

Dei første årene var leppepomadane i små krukker
På munnsår, herpes og sopp. På sår hud. På eksem og psoriasis. Og så kom det igjen og igjen:
“Du må lage meir, det held ikkje med desse småkrukkene”
Og det vart startskotet 💥 Lavendel- og Myntelepper vart Vossabias katalysator!
Dei to små produkta starta ein etterspurnad frå fjern og nær. Og med det sparket bak, så fekk eg fart på utviklinga i 2004. Null stress, Emil sov jo 3 timar om gongen på dagtid, så mamsen hadde tid til meir enn berre å vere nybakt mamma 😅
Veldig moro, og no er det utruleg artig å tenke tilbake på at det var desse to småsakene til leppene som fekk heile Vossabias hudpleieserie til å bli ein realitet!
★★★★★— Ragna Marie F.Digger Lavendellepper. Etter å ha slitt med tørre og såre lepper i flere år, til at leppene blir normale
★★★★★— Hanne A.Favoritt! Gir langvarig fukt og en deilig kjølende følelse på leppene. Bestiller flere om gangen igjen og igjen og ingen andre leppepomaden duger etter at jeg prøvde Myntelepper.

10- årsjubilanen Huldrelepper!
Så, 12 år seinare, kom den første farga leppis! Huldrelepper ❤️
Huldra i meg ville ha skog og litt djup men diskret glød på leppene. Eg ville ha det litt mystiske, djupe – men framleis mjuke og naturlege uttrykket. Eg ville ha ein leppis som kjentes som skog. Som jord og ro.
Med gran og eit hint av purpurrød glød vart Huldrelepper til. Og det viste seg raskt at eg ikkje var åleine om å lengte etter Huldrelepper.
Då mi kjære huldresyster Noha frå Kairo kom på besøk, vart ho heilt hekta. Uansett om me var i byen, på fjellet eller heime – Huldrelepper måtte på.

Og slik har det vore for mange:
★★★★★— MildridKjempegod fukt til leppene, og Huldrelepper er ein nydeleg farge! Love it.
★★★★★— MonikaPerfekt farge, konsistens og lukt 🤎 Elsk på Huldrelepper🥰
Og Huldrelepper overrasker - den er ikkje berre for leppene.
Prøv den i kinna og… som blush får du det fine og heilt naturlege lille ekstra! Magisk i kvardagen for å kjapt freshe seg litt opp.

Året etter kom Ylvas lepper 💗
Då var Ylva 9 år – og det var absolutt ikkje eg som bestemte at me måtte ha ein rosa leppepomade 😄
Vetlajento ville ha sin eigen. Ein skikkeleg rosa ein.
Og slik vart det.
Skogtemaet måtte sjølvsagt vidareførast, så det vart furu eterisk olje – mjuk, frisk og naturleg. Heilt perfekt til mini-huldra mi.
Det som var så fint, var korleis ho tok den i bruk med ein gong.
Ikkje berre på leppene… men i heile ansiktet 😂
Så ja – her er det ingen grunn til å halde seg til leppene.

Og mange har blitt like glade i den som Ylva:
★★★★★— GretheEr bare en ting å si: I'm in love!
★★★★★— WencheAlt jeg trenger. Nydelig farge og myke lepper 💖
★★★★★— Anne MetteFantastisk farge og konsistens! ❤️ Ikke for mørk og med lett shimmer❤️

Så kom Konglelepper 🤎
Det var Linda som «masa» seg til den. Ho gav seg rett og slett ikkje 😂
“Du må lage ein nude leppepomade. Det er det alle vil ha no.”
Eg var litt skeptisk. For det er ikkje berre berre å lage ein naturleg “nude” som faktisk blir fin. Men tanken byrja å jobbe. Eg eksperimenterte. Prøvde. Feila. Prøvde igjen.
Og så – plutseleg – sat den!

Namnet var aldri eit spørsmål. Ikkje noko Nude her i gården, nei. Det måtte bli Konglelepper 🌲
Diskret, mjuk og naturleg vakker – akkurat slik mange ønsker på leppene i kvardagen.
Og Linda? Ho vart både fin og veldig fornøgd 😄
★★★★★— Else Marie S.Konglelepper er alltid med meg, bruker den daglig og den er min faste trofaste venn
★★★★★— HegeNydelig shimmer og farge! Jeg er totalt avhengig av leppestilt, men med denne blir leppestiften byttet ut. Elsker den ❤️
★★★★★— MelissaPerfekt kald bruntone, med lett skimmer i. Syns tennene mine ser hvitere ut med denne på! Holder godt på fukten😍 perfekt til hverdag og fest!

Og så – yngstemann i familien 🍓
Bringebærlepper, som no i mai fyller 1 år! 🥳
Og for ein start den har fått. Denne friske, saftige, glansfulle bringebærfargen har blitt ein favoritt for mange på rekordtid. Sofistikert – men samstundes naturleg og leiken.
Ein sånn farge som gir liv til ansiktet og får folk til å legge merke til deg – utan at det kjennes “for mykje”.

På leppene gir den masse fukt og pleie, med økologisk castorolje og jojoba i perfekt samspel med bivoksen som held alt på plass og sikrar at fukten i leppene held seg i leppene 💛
Og responsen lot ikkje vente på seg:
★★★★★— Tove S.Det er den mykeste og beste leppepomaden jeg noen gang har prøvd. OG for en fin farge. Elsker den!!
★★★★★— LinnElsker denne fantastiske lepomaden! Det går også Ann og bruke den som blush jeg elsker den så mye att jeg har den med hver dag på jobb❤️God og ta på🫶
★★★★★— HeleneElsker fargen og fukten! Ikke tørr lenger
Så frå dei aller første små krukkene i 2004… til ein heil Leppefamilie i dag 22 år etter 💛

Kvar einaste leppis ber med seg historien, formidlingsbehovet og helse- og øko-drivkraften bak Vossabia og i tillegg litt av dette:
🌸 blomane på engene våre
🐝 biene våre
💛 og ønsket om å gje næring – ikkje berre på innsida, men også til huden
Og kanskje er det nettopp difor så mange diggar dei.
💋 Gå for heile LEPPEFAMILIEN
💋 Eller set saman din eigen LEPPETRIO
Eller vel den eine din ❤️
så får du litt av magien frå biene med deg 💛🐝

Med djup takksemd frå Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia



