🌿 Endeleg! Kjerringrokken er klar!
Den kalde og våte våren har halde att mykje av veksten, og eg har gått og kika på kjerringrokken nesten dagleg dei siste vekene. Er den klar no? Nei. Kva med no? Framleis ikkje.
Men slik er det når ein vel å lage produkt av ekte planter. Naturen bestemmer.
Og vår jobb er å følge med, vere til stades og vere takksame når plantene endeleg er klare, ooooog NO er den her! 🌿
I år har ventinga vore ekstra spennande, for medan me venta på at kjerringrokken sakte strakk seg oppover, så har grass, mjødurt, vendelrot, storkenebb, surblad og mange andre plantar vunne høgd og kome over kjerringrokken. Det vil seie at snellene mine no står i ein jungel av andre arter, eit kaotisk og nydeleg mangfald. Som gjer plukkearbeidet meir utfordrande.

Då må me lirke fram kvar og ein, i staden for å plukke ei handfull om gongen. Mange stader må me leite oss fram mellom høge planter for å finne dei små grøne «minijuletrea» som skal bli til sjampo og hårserum gjennom heile året.
Men det er også ei fin påminning. Naturen har sin rytme.
Og når me får det me treng, akkurat når me treng det, så blir eg berre endå meir takksam.
For kjerringrokk er ikkje berre ein plante. Den er sjølve hjartet i Vossabia Sjampo. 💚

🌿 Den vesle planten med den store historia
Kjerringrokk er nesten usynleg for folk flest. Den står der mellom lilla og gule blomar og gjer ikkje like mykje av seg.
Men denne unnseelege planten er faktisk ein av dei eldste plantene på jorda. Fossil viser at slekta har eksistert i hundrevis av millionar år, og forhistoriske slektningar kunne bli like høge som palmetre.
Ganske fantastisk å tenkje på at me i dag går 50 meter frå huset, plukkar denne planten og brukar den i vår populære og superpleiande hårpleie.
Og grunnen til at me gjer nettopp det, er at kjerringrokk er ein av naturens rikaste kjelder til silisium og andre mineral som har vore verdsett i folkemedisinen gjennom generasjonar.

🐝 Hjartet i sjampoen vår
Kjerringrokk er ikkje berre ein ingrediens i Vossabia Sjampo. For meg er den sjølve hjartet i sjampoen.
Ein del sjampoar inneheld urteekstrakt, dei fleste ikkje ein gong det. Men det er stor forskjell på å tilsette litt ferdigkjøpt ekstrakt og å bygge heile sjampoen rundt plantene slik me gjer.
Kjerringrokk er rik på vassløyseleg silisium. Derfor held det ikkje å berre lage eit raskt uttrekk.
For å få med oss mest mogleg av dei verdifulle stoffa kokar me store mengder kjerringrokk og brennesle lenge, og let deretter urteavkoket trekke vidare gjennom natta før det blir til sjampo.
Dette er meir arbeid, og det tek meir tid. Men det er slik me ønsker å jobbe.

Sjampo med ville urter
For Vossabia handlar det ikkje om å gjere ting raskast mogleg. Det handlar om å ta vare på mest mogleg av det naturen faktisk gir oss.
Kanskje er det nettopp derfor sjampoen har fått så mange trufaste kundar gjennom åra.
Me får stadig meldingar frå folk som fortel at håret kjennest sterkare, fyldigare og meir glansfullt. Det mest fascinerande er kanskje at svært mange fortel at dei ikkje lenger treng balsam etter vask.
For dei aller fleste fungerer sjampoen som ein naturleg 2-i-1. Håret blir reint, men samtidig mjukt, lett å greie og behageleg å ta på.
Og så hodebunnen då. Det er jo eit eige kapittel om alle dei tilbakemeldingar med har fått no dei 11 åra etter eg utvikla den. Eksem, skorper, psoriasis som vert roa, lindra og til og med ofte borte. Mindre flass, mindre kløe, mindre håravfall.
★★★★★— AndersFungerer mye bedre enn apotekshampoer mot follikulitter i hodebunnen. Shampoen har virkelig hevet livskvaliteten min på dette området da ingenting hjalp.
★★★★★— KristiVeldig god for hele familien, inkludert tenåringsbarn og mann. God for typisk ungdomsfett hår og tørr hodebunn. Håret føles sunt og friskt.
★★★★★— VivianJeg har brukt denne shampoen lenge! Både til meg selv og til hele familien. Selv har jeg seboreisk eksem i hodebunn som jeg før behandlet med dyr shampo som gjorde håret tørt, men som holdt eksemet under kontroll. Vanlig shampo kjøpt i butikk trigget eksemet og tilbake kom det. Dette holdt jeg på med i over ett år, før min mor anbefalte å teste denne. Siden det har jeg brukt denne og har ikke hatt problemer med eksemet en eneste gang. Anbefaler på det sterkeste!
★★★★★— KittyDen er bra for min tørre hodebunn, og psoriasisen eg hadde i bakhodet er borte. Sjampoen er dessuten veldig drøy
★★★★★— MereteNår overgangsalderen slår til, slår ho til skikkeleg. Plutseleg mista eg meir hår enn tålmod, og hodebunnen klødde som om eg hadde invitert heile myggbestanden på festival der oppe. Så – i rein desperasjon – kasta eg meg over Sjampo med ville urter og Hårserum med sitrongress. (Sitrongress er jo favorittlukta mi, så om ikkje håret blei betre, ville i det minste humøret lukte godt.) Men folkens… etter éin måned: ✨ Håret er tilbake med selvtillit og volum. ✨ Kløen har tatt seg ein lang ferie. ✨ Og sveisen er så blank at eg nesten kan bruke den som speil når eg skal sjå om maskaraen har havna under haka. Håret føles friskt, lukter fantastisk og ser heilt strålande ut. Kva meir kan ein håpe på i overgangsalderen? (Utanom litt bedre nattesøvn, då…)
🌿 Kjerringrokk i hårserumet
Kjerringrokk finn du ikkje berre i sjampoen. Den er og ein viktig del av Rosmarin Hårserum.
Men her nyttar me planten på ein annan måte.
I sjampoen er det det lange urteavkoket som står i sentrum. Der får me med oss mykje av dei vassløyselege stoffa som planten er kjend for, mellom anna silisium og mange andre mineral.
Til hårserumet lagar me derimot kjerringrokktinktur.
Når planten trekkjer i alkohol får me tak i andre sider av urta: flavonoid, antioksidantar, organiske syrer og andre planteforbindingar som ikkje trekkjer like godt ut i vatn.
Det betyr at sjampoen og hårserumet eigentleg utfyller kvarandre på ein vakker måte.

Sjampoen tilfører håret krafta og supersilisiumet frå det lange urteavkoket. Hårserumet tilfører dei verdifulle stoffa som alkoholen trekkjer ut.
Saman gir dei ei breiare utnytting av planten enn det eitt enkelt produkt kan gjere aleine.
Det er også slik eg tenker når eg utviklar produkt. Når me først haustar ei plante frå engene rundt garden prøver me å forstå ho best mogleg, og ta vare på flest mogleg av eigenskapane hennar.
★★★★★— Inngunn K.Eg har brukt Vossabia sin sjampo med ville urter og Rosmarin hårserum i åresvis. Fantastiske produkt til mitt krøllete hår. Slepp balsam og håret er lett å koste etter vask. Meir orden på krøllene ved bruk av hårserumet. Elsakr produkta som gir meg blankt naturleg hår. Eksem/psoreassis i hårbotn er òg heilt vekke etter eg tok i bruk desse produkta. Anbefalar dette på det varmaste.
★★★★★— RandiRosmarin hårserumet er helt fantastisk. Håret blir så mykt og det lukter så nydelig ❤️
★★★★★— Gry JKjøpte den for litt over en uke siden og merker allerede stor forskjell på håret mitt! Jeg pleier vanligvis å bruke 3–5 pump med håroljen min, og håret mitt er fortsatt tørt og flurete (jeg har bølger i håret og middels tykt hår som går litt forbi skuldrene), men med denne bruker jeg maks 2 små pump (sammenlignet med den andre oljen min), fordeler i fuktig hår og håret mitt har blitt så glansfullt, definert og ser sunt ut etter bare tre gangers bruk! Én flaske vil vare lenge for meg da den er så drøy, og jeg vil virkelig anbefale den! 🥰
🌿 Kjerringrokk-skyll til håret!
Har du kjerringrokk i nærleiken? Då kan du faktisk lage enkel hårpleie sjølv:
Slik lagar du ditt eige silisiumrike hårskyll:
Småkok 10–15 kjerringrokkstilkar i 7 dl vatn i 20–30 minutt.
La stå under lokk til avkjølt og sil.
Hell over håret etter vask.
Denne enkle skyllen tilfører silisium og mange andre mineral til håret, kan gje meir glans og styrke, og verkar balanserande på hovudbotnen.

Eplecidereddik med kjerringrokk – superenkel balsam
Her har du endå ei enkel og fin oppskrift om du vil prøve å bruke kjerringrokk til håret heime:
Fyll eit glas med kjerringrokk og gjerne litt brennesle og/eller roseblad.
Hell over økologisk eplecidereddik.
La stå og trekke 2–4 veker og sil. Oppbevar på flaske.
Bland 1–2 ss i ein kopp vatn og bruk som siste skyll etter hårvask.
Denne typen skyll kan bidra til å lukke skjellaget på hårstråa, gje ekstra glans, redusere krus og gjere håret lettare å greie. Super som urtebalsam, om du føler du treng litt meir balsameffekt enn det sjampoen gir. Pluss at du får med eigenskapane til eplesidereddiken.
Eg har faktisk gått og leika med tanken om å utvikle eit eige urtebasert hårskyll etter kvart. Me får sjå kva framtida bringer no når eg får mykje meir plass til produktutvikling att, når me om få veker tek i bruk det nye produksjonsbygget 🌿😊

🌿 Me må ut att i enga
No må eg eigentleg berre avslutte her.
Sola skin for siste dagen på ei veke i følge vermeldinga. Kjerringrokken ventar ikkje, og både eg og Vossabiene mine må ut att i engene.
Det er korger som skal fyllast, planter som skal tørkast og sjampo som skal kokast. Heldigvis er dette supergode teamet mitt kjempeglad for kvar plukkemulighet, og er både ivrige og effektive og glade i engene. Ja, kven blir ikkje glad av å få vere ute i arbeidsdagen og ta på plante etter plante som me så tek med inn og forvandlar til herlege produkt til meg og deg? 💚
Kvar einaste flaske sjampo som blir laga det neste året startar akkurat her ute mellom gras, nesler og ville blomar.
Og det er kanskje nettopp difor den blir så god. Sjampoen som krev så mykje arbeid og som var nærast hellig for meg dei fyrste åra. Det var knapt så eg ville selge så mykje av den 😂 Heldigivs klarte eg å plukke nok og foredle både plantar og kjensler slik at den no i over eit tiår har vore tilgjengeleg i heile landet for mange lukkelege i dusjane rundt omkring 💚🐝🌿

Med grønn glede og takksemdfrå Renate 💛Dronningbia 🐝 i Vossabia




