Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚 - Vossabia

Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

Ein mild balsam for sensitiv hud som faktisk gir resultat

👉 Frå hovne auge til uforskamma fresh

Augene avslører alt 💫
Om me har sove godt. Om me har hatt småbarnsnetter. Om livet har vore intenst – eller fullt av latter, eller tårer og til og med teltturar ⛺️

Og akkurat der, i den mest sarte huden me har… starta historia om Augebalsam.
💚 Frå trøtt småbarnsmamma med hovne auge – til fresh og fin med Augebalsam!

For snart 19 år sidan sat eg med vesle nyfødde Ylva – lite søvn, mykje våking… og ganske så hovne auge.

Det var ikkje berre litt altså. Det var skikkeleg. Eg kjente at det bygga seg opp eit sterkt behov for eit augeprodukt som faktisk fungerte, OG ikkje minst, som var sunt og trygt for den sarte og tynne huden rundt augene. Og typisk meg: i morspermisjonane skyt skaparkraften til værs!

Så eg gjorde det eg alltid gjer: Eg gjekk djupt inn i plantane 🌿 Studerte. Testa. Kjente etter.
Målet var klart:

- få bort hovne auge
- styrke og nære huden
- lage noko mildt nok til dagleg bruk
- førebygge svie og sår hud
- pleie og beskytte sensitiv hud
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

Absolutt uunnværleg i småbarnsperioden! Og alltid egentlig 😂

🌼 Løysinga: Solblom (Arnika)


Eg kom tilbake til ein gamal kjenning – arnika. Ein plante eg hadde brukt før, og visste kunne redusere hevelse. Og der sat faktisk nøkkelen. Augebalsam måtte innehalde solblom.
Då eg hadde oppskrifta klar i 2007… skjedde det noko nesten litt sprøtt: Dei hovne augene mine forsvann faktisk på berre nokre få netter. Eg hadde ikkje ein gong sjølv trudd det skulle funke så bra. Men, på meg vart det full klaff med det same! Og heldigvis for mange andre, har det vist seg:

Kunne tidligere våkne med litt hovne øyne. Med denne på om natten er jeg helt kvitt det problemet.

— Jannicke

Har hatt eksem rundt øynene + hovne øyne - ingenting har funket.. men øyekremen til Vossabia funket etter 1 dag!!

— Emilie

Augebalsam

Augebalsam
TilbudFrå 299,00 kr
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

⛺️ Telttesten som beviste ALT


I tillegg til grining er telttur er det VERSTE for augene mine. Spesielt på ein regnfull tur. Fuktig luft + dårleg søvn = posar deluxe 😅

Så eg gjorde ein liten test rett etter eg hadde den klar i 2007. Ein test eg ikkje hadde planlagt! Me skulle på marknad og selge Augebalsam for første gong, og eg tok med baby Ylva, Emil 4 år og pappaen. Me ville gjere det til eit lite eventyr og livets første telttur for ungane. Første natta gløymte eg å smøre meg med Augebalsam, og den låg nedpakka i marknadskassene.
⛺️ Vakna med auge som ballongar! Kjempegreier når eg skulle stå og selge heile dagen!!
⛺️ Andre natt hugsa eg sjølvsagt mitt nye produkt og det blei natti natti MED Augebalsam:
→ Neste morgon null posar. Fresh og fit for marknad!
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚
Eg passa difor alltid på å bruke Augebalsam på telttur deretter, og seinast i haust då eg knapt sov på det tynne underlaget og den steinete bakken, og ikkje minst i den fuktige lufta. Det dropla frå innsida av telttaket! Kanskje 2-3 timar søvn, og når eg endeleg kraup ut litt over 5 tenkte eg at dette klarar ikkje ein gong Augebalsam å hanskast med!

Men jodå! Eg såg uforskamma fresh ut. Etter nær 19 år blir eg framleis imponert.
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

Her har eg sove 2-3 timar i fuktig telt.

✨ Men Augebalsam funka ikkje berre på hovne auge…


Det tok ikkje lang tid etter den var i salg at folk rundt i landet byrja å dele gode erfaringar. Og kanskje ikkje så rart, med den råsterke samansetting av næring i plantane som er med. Folk meldte om plager som vart lindra og til og med borte:

– raudheit og irritasjon
– eksem og utslett
– rennande auge
– tørr og sår hud

Og det varmar skikkeleg når folk med supersensitiv hud seier: "Endeleg noko eg tåler!" 💫
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

💬 Dette seier kundane

Har alltid hatt poser under øynene… etter Augebalsam har det bedret seg betraktelig . Jeg er faktisk avhengig!!

— Anne

Kløen er borte, huden er blitt hel og myk – og til og med øyevippene har kommet tilbake!

— Solveig

Hvis dere ser på bildene, den er utrolig. Allerede etter 1 døgn var svien og den stive følelsen borte, og nå etter 13 dager er de så og si helt bra... og poser under øynene som har blitt mindre er jo heller ikke å forakte.

— Esther F.
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

👁️ Når fagfolk anbefaler…


Det er fantastisk med alle tilbakemeldingar frå kundar rundt om i landet, men for 6 år sidan fekk eg ein e-post som gjorde meg ekstra glad:

Ein augelege hadde testa Augebalsam på pasientar med store plager rundt augene – og mange hadde veldig god effekt, og dei ønskte difor å selge produktet i klinikken sin. Sidan då har Grenland Øyelegesenter vore forhandlar 💚

Og no fortel også optikar her på Voss om svært gode resultat på ei rekke augeplager. Dei drar blant anna fram at den er veldig fin sidan den ikkje svir på augene, lindrar sårhet og beskyttar den sensitive huden rundt augene. Med den tida me har vore inni no med kald luft ute og tørr og varm luft inne frå panelovnar og varmepumper, så får augene køyrt seg.
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

Eigendyrka arnika bidreg godt i Augebalsam.

Augene kan faktisk bli meir rennande når lufta er for tørr, fortalte optikaren på Synssenteret på Voss. Når tårefilmen fordampar raskare enn vanleg svarar augene med å produsere meir væske. Saltet frå tårene kan så legge seg i linjene rundt augene, og resultatet er ofte ekstra tørr, sår, stram og irritert hud.
Og der kjem vår milde, kjærlege Augebalsam inn som omtenksom redning. No om våren dukkar og allergier fram att, og igjen rennande auge og svie. Optikaren ser stor nytte av Augebalsam for dei med allergier, og anbefalar den varmt til sine kundar.
Augebalsam er laga for den tynne, sårbare huden rundt augene, og vil beskytte, mjuke opp og gje langvarig fukt med sine nøye utvalde ingrediensar.

Det er ekstra fint å høyre det frå fagfolk, så tusen takk til dei som deler erfaringane sine 💚
Sjekk ut besøket hjå optikeren her
👇 🤩
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

🌿 Kva gjer Augebalsam så spesiell?


Det er ikkje ein vanleg «øyekrem».
Det er ein botanisk behandlande balsam utvikla for å gi ro, beskyttelse og regenerering til den mest sensitive huda me har.
Det er ei nøye samansett plante- og bivoksoppskrift:

🌼 Arnika (solblom) – dempar hevelse og roer huden

🍎 Granatepleolje – antioksidantar mot linjer og aldring

🌿 Hampolje – styrkar hudbarrieren og roer irritasjon

Squalane (oliven) – mjukgjer, beskyttar og gir fukt

🐝 Bivoks – held på fukt og gir ro

→ Resultat: sterkare, rolegare og meir balansert hud
Anbefalt av augelege – og elska i 19 år 💚

Augebalsam er rik på antioksidantar frå granateple.

Augebalsam er blitt ein liten alt-i-eitt favoritt for mange:
- augepleie
– nattkrem
– minskar linjer og rynker
- sminkefjernar
– lindring for eksem og sensitiv hud
– for mange: også vippeserum

Pakketilbod med Augebalsam

Spar 163,00 kr
Renates daglege botaniske ansiktspleie - VossabiaRENATES DAGLEGE BOTANISKE ANSIKTPLEIE - Vossabia
Renates daglege botaniske ansiktspleie
Tilbud 915,00 kr Ordinær pris 1.078,00 kr
Spar 91,00 kr
Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️ - VossabiaSolkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️ - Vossabia
Solkrem f. 10 + Augebalsam = perfekt i sol og vind ☀️
Tilbud 525,00 kr Ordinær pris 616,00 kr
💚 Ei lita krukke – med ei stor historie

Frå trøtte mammaauge… til begeistra augelegar og optikarar og tusenvis av kundar.
Augebalsam har levert – gong på gong – i snart 19 år.
Renate Lunde

Med kjærleik frå garden Renate 💛
Dronningbia 🐝 i Vossabia