Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum
Rosmarin hårserum

Rosmarin hårserum

Tilbud259,00 kr

Nydeleg hårolje med mykje næring frå nøye utvalde plantar valt ut for sine gode eigenskapar for hår og hovudbotn.

Djupverkande pleie for hår og hovudbotn. Gir fukt, glans og demper krus. Rosmarin er også kjent for å bidra til hårvekst blant anna ved å stimulere blodsirkulasjon i hovudbotn.

Hårserumet er drygt i bruk, og kan brukast til hår, skjegg og hovudbotn, som dagleg pleie eller som hårkur i blant. Den er og deilig på huden!

Rosmarin og ringblomst er kjend for å styrke håret og førebygger slitasjeskader som knekk i hårstråa, og håroljen verkar djupt inn i håret og tek vare på naturleg fukt og elastisitet. Ringblosmt er og antiseptisk og kan bidra til å styrke hovudbotn.

Ringblomst frå garden er her brukt som tinktur i hårserumet då ringblomst er kjend både for å motverke håravfall, men og mot flass og kløe i hovudbotn. 

Bruk ved dagleg pleie:

Pump eit par tre sprut i handa, fordel i hand eller fingre og deretter påfør lett i tupper eller i hårlengdene (eller i skjegget).

Bruk som hårkur:

Ha litt større mengde i handa og dra oljen gjennom håret om kvelden, og la den ligge i gjennom natta før hårvask om morgonen. Dersom du vil ha varm-olje-behandling kan du ta ein liten mengde og varme oljeblandingen opp til litt meir enn lunka temperatur, og deretter ha i håret. 

Bruk i hovudbotn: 

pump ein sprut på finger, løft opp håret ved problemområde og smør inn oljeblandingen i hovudbotn. Eventuelt kombiner bruk som hårkur og hovudbotnpleie. 

Innhald: *jojobaolje, squalane, *ringblomstolje, *kokosolje, *kakaosmør, naturleg e-vitamin, eterisk olje av rosmarin*, basilikum* og mynte* , **ringblomsttinktur.

 *frå økologisk landbruk

** frå ville vekstar på garden

Mengde: 30 ml

Haldbarheit: minst 12 mnd