Påske, sol i ansiktet og ei lita oppvåkning☀️💛
Det er noko heilt eige med denne tida… dei første varme solstrålane, appelsin i sekken og kinn som vaknar til liv igjen.
Og: me smører oss med solkrem.
Men… med kva eigentleg?
Her på garden har store og små kun fått 100 % naturleg og økologisk solkrem på huden dei siste 19 åra – med eit sterkt helsefokus.
Det er faktisk ganske spesielt!
🌿 Kvifor eg utvikla solkrem i 2007
Eg laga ikkje solkrem fordi eg ville lage kosmetikk.
Eg laga solkrem fordi eg ikkje turte å bruke dei som fanst.
Eg hadde sett kva den vanlege kosmetikkindustrien brukte av ingrediensar – stoff som kunne:
- forstyrre hormon
- irritere hud og auge
- skade liv i hav og natur
Og eg visste allereie då: Det me smører på huden går inn i kroppen og blodet – og vidare ut i naturen.
Då var valet enkelt:
Dette smører eg ikkje på meg sjølv. Og i alle fall ikkje på ungane mine.
Så eg utvikla min eigen solkrem – med eit heilt anna mål enn bransjen:
Ikkje berre solbeskyttelse, men helse og hudpleie.
Og tilbakemeldingane lot ikkje vente på seg! Folk meldte om gyllenbrun hud, at dei før vart solbrent av faktor 50, men ikkje av våre faktor 20 og 10, soleksem som vart borte og svie og rennande auge vart historie.
- Ida S.
- Monika N.
- Elisa R.
💛 Eit kinderegg av solbeskyttelse, pleie og næring
For meg er ikkje hudpleie kosmetikk – det er ein del av mitt daglege kosthald.
Eg vil ha næring inn i munnen, men også inn i huden, der det går vidare inn i kroppen.
Difor måtte solkremen ha meir enn solfaktor:
☀️ Naturleg fysisk solfilter (non-nano titandioksid)
🌿 Økologiske planteoljer som styrkar og støttar kroppen
🐝 Bivoks som beskyttar og held på fukt
💧 Ingrediensar som styrkar hudbarrieren
Ein solkrem som både beskyttar, pleier og gir kroppen noko tilbake.

📖 Så kom denne boka…
I januar kom Sannheten på kroppen av Niels Christian Geelmuyden.
Når eg les kapittelet om solkrem, får eg nesten frysningar.
For det han dokumenterer no, er akkurat det eg reagerte på for over 20 år sidan.
Han viser blant anna at:
- mange solkremar inneheld hormonforstyrrande og miljøskadelege stoff
- myndigheitene i stor grad vurderer SPF – ikkje helse
- solkrem kan gje falsk tryggleik, slik at me blir lenger i sola
- auka bruk av solkrem ikkje har stoppa auken i hudkreft – tvert imot

Han tek også opp det eg har vore oppteken av sidan slutten av 90-talet:
at stoff i kosmetikk, også solkrem, kan trenge gjennom huden og inn i blodet.
Fyrst i 2018 var det forskarar som ville undersøke det, og FDA sitt kontrollorgan konkluderte med at kjemiske solfilter faktisk blir tatt opp i kroppen – stikk i strid med det produsentane har hevda. Men dei undersøkte ikkje om det var helserisiko knytt til det…
Det er oppsiktsvekkande.
Men for meg er det også ei stadfesting:
👉 Det eg bygde Vossabia på – stemmer.
- Kirsten G.
- Maiken R.
📚 Ei bok ingen snakkar om
Denne boka burde vore på framsida av avisene. Men tre månader etter lansering: ikkje éi einaste anmelding.
Eg anbefaler alle å lese den. Du finn den hjå det modige forlaget Lille Måne:
👉 Sannheten på kroppen

🌊 Og kva med naturen?
Fleire stadar i verda har no forbod mot visse solkremar fordi UV-filter og andre ingrediensar skadar livet i havet:
🪸 Hawaii
🪸 Palau
🪸 Delar av Mexico
🪸 Florida

Trygg solkrem for liv på land og i hav

Geelmuyden viser til forsking som peikar på skade på korallrev, fisk, skilpadder, delfinar og sjøgras – og dermed frykt for at det skadar fotosyntese og reproduksjon.
Og han henviser til ein rapport frå 2025:
👉 1000 menneske på ei strand kan tilføre havet 35 kilo solkremkjemikaliar dagleg.
Då stiller eg meg eit enkelt spørsmål:
Er dette verkeleg noko folk vil ha i kroppen sin?


🌼 Vossabia Solkrem – eit alternativ
Dette er resultatet av 19 år med erfaring, testing og filosofi:
☀️ Naturleg fysisk solfilter – verkar med ein gong
🌸 Planteoljar som gjer forskjellen:
- – Granateplefrøolje – styrkar hudbarrieren
- – Hampolje – lindrar og balanserer
- – Tindvedolje – reparerer solutsett hud
samt pleiande sheasmør, kakaosmør, kokos, lavendel og ringblomst 🌼
👉 Hudpleie som også er kroppspleie
👉 Trygg for både folk og natur 🌱
🌿 Gode tips til naturleg solkrem (små hemmeligheiter ☀️)
Naturleg fysisk solfilter oppfører seg litt annleis enn det mange er vane med – og det er eigentleg ein veldig fin ting 💛
☀️ Litt kvit i starten?
Ja, du kan sjå eit lett kvitt slør rett etter påføring. Det er fordi solfilteret legg seg som ei beskyttande hinne på huden og reflekterer solstrålane 🌞
👉 Masser godt inn, så trekk det fint inn og blir mykje mindre synleg.
🌿 Tips for ekstra glød og smidighet
Mange av kundane våre elskar å smøre eit tynt lag med
Kroppsbalsam, Ringblomstsalve eller Tindved & Nesle først –
og så solkrem oppå.
👉 Då får du både meir fukt, meir glød og ei endå smidigare påføring ✨
🌞 Ei lita nyheit eg jobbar med…
Eg held faktisk på å utvikle eit solserum med planteoljer som har naturleg, lett solbeskyttande eigenskapar 🌿
Tanken er at det kan brukast under solkremen – for endå meir næring og støtte til huden.
👉 Er dette noko du kunne tenke deg? Svar gjerne på denne mailen, eg elskar å høyre kva de ønskjer 💛
👚 Fått solkrem på klede?
Ingen stress! Naturlege oljer kan sette litt spor:
👉 Gni inn med natron og sitronsåpe før vask – det pleier å gjere susen 💫
💛 Litt annleis – men på lag med kroppen din og naturen

☀️ Nokon tankar om sola
Sola er vår livgjevande stjerne. Ho gir oss lys og D-vitamin som førebygger sjukdom.
Difor gjer me ofte slik:
Me ventar ca. ein halv time før me smører oss, slik at kroppen får sollys først – spesielt morgonsola.
Akkurat dette skriv også Geelmuyden om.
Soltips:
☀️ Smør fleire gonger ved behov
👒 Bruk hatt og klede midt på dagen
🧴 Solkrem er ikkje ein fribillett til å ligge i sola heile dagen
- Grethe K.
- Hege R

🌼 Klar for ei ny påske i sola?
Om du vil forstå meir av dette, anbefaler eg verkeleg boka til Geelmuyden. Den gir ei innsikt i kosmetikk som det verkeleg er på tide at fleire får opp augene for – og som er ein viktig del av grunnen til at eg starta Vossabia.
Og om du vil ha ein solkrem som er laga med:
- helse i fokus
- naturen i hjartet
- og snart 20 års erfaring
…så veit du kvar du finn den ☀️💛
God påske, og nyt sola – med klokskap 🌿☀️
![]() |
|
Klem frå Renate 💛 |




