Eg er altså i Østerrike på internasjonalisering via skulen min Voss Videregåande. Her jobbar eg som skiinstruktør saman med fem andre frå Villmarks-klassen min i ein liten by som heiter Kappl. Me skal vere her i ein månad, så du kan berre tenka deg kor mykje Vossabia eg har med 🐝!
Jobbdagane her er veldig kjekke med mykje leik og godstemning blant skiinstruktørane og barna ein underviser, men det er også svært energikrevande 😅 Å ha kontroll på opp til 15 born frå 3 år og oppover ned skibakkane kan være ganske så slitsamt. Plutseleg er det ein unge som faller, ein som setter utfor i hockey i hundre og hevette, nokon som mister skia, nokon som grin, nokon som slåss, osv. Eg kan fint innrømma at i slutten av desse dagane er eg ganske så gjennomsveitt og gåen 😮💨
Heldigvis har eg Vossabia sin heilt naturlege smørbare deodorant 🙌! Min favoritt duft er heilt klart «sensuell», så i staden for å lukte sveitte så luktar eg ei deilig, rund og tiltrekkande duft 😏!
For sjølv om eg heng med rampungar heile dagane er det jo fint å lukte herleg! Om eg vil ha litt forandring bytter eg til Sitrusdeo for å få ei forfriskande duft i staden. Det er altså mangt å velja mellom då me har heile fem forskjellige deodorantar 😍!
Bendik digger Ringblomstsalven og!Ingrid's absolutt favoritt? Det er Mjuke hender sjølvsagt! Her oppe i kalde og tørre alpefjellet vert hendene fort lika inntørka som ein overprisa afterskipizza 🍕 For å unngå dette smørjer me oss berre inn med denne deilige handkremen. Eit lite strøk med Mjuke hender og vips har du det salven lovar i navnet sitt, MJUKE HENDER 🤲 Det er ein luksuspause frå alle skrikarungane når me i heisen finn fram denne silkemjuke skatten med ei herleg duft av rose og lavendel. Blir ikkje betre!






