đŸŒč🏆 Rose- og rĂždklĂžverskrubben vann Beauty Oscar 2025! - Vossabia

đŸŒč🏆 Rose- og rĂždklĂžverskrubben vann Beauty Oscar 2025!

Yes! Du las rett! VĂ„r kjĂŠre Rose- og rĂždklĂžverskrubb er kĂ„ra til Årets beste peelingprodukt i Skandinavia av sjĂžlvaste Skönhetsredaktörerna under Beauty Oscar 2025 🎉
 
💬 Sitat frĂ„ juryen:
“En vĂ€ldoftande peeling som ger rosiga kinder och en rysning av vĂ€lbehag. VossaBia gav oss beauty frossa”
For dei som ikkje forstÄr svensk sÄ fekk altsÄ juryen beauty-frysninger av velbehag av Rose- og rÞdklÞverskrubben!!
💬 Kundane vĂ„re elskar den – og det gjer sĂžstera mi Kine og!
Kine har testa alt av fancy skrubber der ute, verkeleg! – og brukt tusenlappar pĂ„ det. Men dĂ„ ho testa storesĂžster si 100% naturlege botaniske skrubb, mĂ„tte ho berre innrĂžmme:
“Eg har aldri opplevd maken! Dette er den beste ansiktsskrubben eg har prþvd!”

Og ho er ikkje Äleine. Me fÄr stadig inn meldingar som:
✹“Huda mi glĂžder etterpĂ„ – og lukta!! Himmelsk!”
✹ “Den einaste skrubben eg kan bruke utan Ă„ bli irritert i huden.”
✹“Eg gleder meg til Ă„ bruke den kvar gong. Det fĂžles som spa i heimen.”
 
💖 PrĂžv den sjĂžlv – og bli med og feir vĂ„r Beauty Oscar-pris!
I denne gledelege anledninga vil eg gjerne feire med deg ogsĂ„ 🎉 SĂ„ eg har laga eit lite feiringstilbod: 👉 Rose- og rĂždklĂžverskrubb – 275 kr. Sjekk ut og kjĂžp her đŸ’«
Vil du glĂžde med rosa magi frĂ„ naturen – og kjenne pĂ„ det same som Beauty Oscar-juryen kjente pĂ„? DĂ„ er det berre Ă„ skrubbe i veg 🛁 Men fĂžrst, sjekk ut meir om denne populĂŠre ScandiBeautySkrubben vĂ„r nedanfor:
 
🌾 Kva gjer denne skrubben sĂ„ unik?
Dei to rosa dronningane – Rose og RĂždklĂžver – er handplukka frĂ„ Vossabia-garden og omrĂ„det rundt oss i rein luft langt unna forureining đŸ‘©â€đŸŒŸ
đŸŒč Rose gir fukt, nĂŠring og eventyrleg aroma og denne romantikkens symbol kan dempa raudheit i huda og bidra til Ă„ oppretthalde den naturlege pH-balansen og er ei antioksidantrik kraftpakke!
đŸŒ· RĂždklĂžver, som er ein favoritt for meg, sĂžt og lubben som den er (hehe, nett som meg det ;) rensar, roar og styrkar – tilfĂžrer kroppen eit rikt utval nĂŠringsstoff og sĂ„ er den kjendisplante nĂ„r det gjeld Ă„ hjelpe mot eksem, utslett og psoriasis. Ho er faktisk superhelt i planteform – aukar sirkulasjonen og gjer den mjuk og glatt.

Rose og RĂždklĂžver er og bestevenar og perfekt i kombinasjon. Og det beste? Begge er handplukka, tĂžrka skĂ„nsamt utan varme og vifter, og sĂ„ foredla her pĂ„ garden vĂ„r pĂ„ Voss 🌾 Kvar einaste rose og rĂždklĂžverblom er vald ut med kjĂŠrleik, og berre dei finaste fĂ„r vere med i produktet.

💬 Kundane vĂ„re seier det best:
 
✹ Selma Ø: “SĂ„ fornĂžyd med denne ansiktsskrubben! Den dufter nydelig og etterlater huden med en naturlig glĂžd.”
✹ Thea W: “Etterfulgt av nattkremen med tindved blir huden sÄÄ fast og vakkerÂ đŸ™Œâ™„ïžâ€
✹ Elin V: “Eg lager ein ‘grĂžt’ med vatn og kokosolje og skrubber bĂ„de ansikt og lepper. KjempefornĂžyd og anbefales virkelig!”
✹ Marte: “Heilt magisk for voksenakne! Skrubben + ringblomstsalve gjer underverker!”

Vossabia sjĂžlv elskar blomane med lidenskap og entusiasme og kan knapt vente til ny sesong snart!!

 
✹ Perfekte partnarar for rosa glþd:
Etter ein god skrubb, fortener huda nĂŠring! Derfor har me samla dei tre favorittane i ei pakke:
 🌿 Perfekt pakke til ansiktet – 100% botanisk luksus:
Rose- og rþdklþverskrubb – mild, men effektiv rens som fjernar dþde hudceller og smuss.
Tindved og Nesle hudbalsam – ein eksklusiv BOTANISK BUFFET for huden, full av antioksidantar og godsaker.
Ringblomstsalve – perfekt pĂ„ ansiktet, mot kviser, irritasjon eller som mild etterbehandling.
 👉 Denne trioen er eit lite spa for ansiktet – kvar dag!
Me har laga Den Perfekte Ansiktspakka fordi det er magisk Ä smÞre seg med eit deilig blome- og urtemÄltid i ansikt og hals etter ein nydeleg omgang ansiktsskrubb, og det mÄ berre prÞvast! Og som middag etter den digge rosa forretten er Ringblomstsalve og Tindved og Nesle perfekte! Sjekk ut pakken med 15% her!
đŸŒș Slik brukar du ansiktsskrubben:
Hugs at den kjem som eit velduftande blomsterpulver, sÄ ikkje hold krukka pÄ skrÄ nÄr du opnar den. Hald krukka beint, skru av og finn anten fram ei teskje eller ta opp pulveret med tÞrre hender. Bland i handa eller i eit eggeglas.
đŸ§œ Som skrubb (2–4 gonger i veka):
Ta ca 1 ts pulver i handa, bland med vatn (eller olje, honning, yoghurt...) og massĂ©r i sirkelbevegelsar. Skyll av med lunka vatn. TIPS: Bruk i dusjen – det gjer heile opplevinga enklare og ekstra deilig!
(OBS: ikkje fĂ„ vatn oppi boksen – bruk tĂžrr skje eller henda!)
đŸ’†đŸŒâ€â™€ïž Som ansiktsmaske:
Bland med honning, yoghurt eller avokado og la verka i 15–20 min fþr du skrubbar den av med vatn.

🛀 Heimespa med Vossabia?
 
Me har forresten endĂ„ eit pakketilbod som inkluderar Årets Beste Peelingprodukt i Skandinavia 2025! Sjekk ut ‘Senk Skuldrene’-pakken: Rose- og rĂždklĂžverskrubb, Kroppsskrubb og Kroppsbalsam. Full pakke til Ă„ nyte i dusjen og etterpĂ„.

đŸŒđŸŒž Historia om Rose- og rĂždklĂžverskrubben – ein dobbel fĂždsel!

Visste du at Rose- og rĂždklĂžverskrubben blei fĂždd berre 10 veker etter sonen min, Jonatan? đŸ‘©â€đŸŒ
 
I 2019 var eg altsĂ„ hĂžggravid – bĂ„de med baby og skrubb! đŸ€°
Jonatan kom til verda 3. juli, og eg hadde bestemt at skrubben skulle lanserast pĂ„ Bergen Matfestival i september. SĂ„ det var berre Ă„ begynne med blomsterhausting – midt i ammetĂ„ke og bleier, med laust bekken og svak rygg...
Å plukke roser 5 dagar fĂžr fĂždsel var berre nydeleg, i stĂ„ande stilling og sanseoppleving delux! Verre med innhausting av rĂždklĂžver 6 veker etter fĂždselen til Jonatan, i ein lite optimal stilling for rygg og bekken 😉 og med tidspress i tillegg, dĂ„ traktor og fĂŽrhaustar nĂŠrma seg og slo graset!
 
Og la meg berre seie det: Å stĂ„ bĂžygd i timesvis og plukke rĂždklĂžver, ein og ein blomst, rett etter fĂždsel...
🌾 Det er vakkert.
🙃 Det er litt galskap.
đŸ˜” Det gjorde vondt.
💾 Det kosta meg mange, mange timar hos kiropraktor.
 
Men! Produktet blei ferdig – og Jonatan var med pĂ„ sin fĂžrste marknad, berre 10 veker gamal 🐣

Og sjĂžlv om kroppen fekk seg ein smell, sĂ„ var det faktisk fĂžrst dĂ„ eg kom til ein homeopat i november at alt snudde. FrĂ„ ein dag til ein annan forsvann smertene – og eg kunne nyte bĂ„de mammaperm og skrubbsuksess igjen đŸ’«Â 
 
I dag?
Rose- og rþdklþverskrubben har vunne Beauty Oscar 2025 🏆
Og eg veit med heile kroppen – det var verdt det! đŸ’–đŸ€©
SĂ„ frĂ„ biene og humlene pĂ„ engene 🐝 til roser og rĂždklĂžver i handa đŸŒčđŸŒ·â€“ og heilt inn pĂ„ badehylla di 💚
 
Denne Beauty Oscar-prisen feirar me med deg – og gjev deg no moglegheita til Ă„ prĂžve sjĂžlv kvifor juryen blei sĂ„ begeistra ✹
 
Helsing frÄ Voss,
Renate, Dronningbia 🐝 i Vossabia
med skrubb i nevane og blomar i hÄret