🌎 Streng konkurranse – ekte anerkjenning
Det er stort og rørande! Dette er ei fantastisk anerkjenning i eit eksklusivt selskap blant Europas pionerar innan naturkosmetikk!
Her MÅ produkta vere minst 99% naturlege, dei må bevise sin bærekraft og kvalitet og kunne skille seg ut i den jungelen av naturkosmetikk som no finst. Grønvasking er det mykje av i bransjen, difor dei strenge kriteria!
Heile 1274 produkt hadde søkt om å få delta i konkurransen, men kun 219 produkt vart nominerte, blant anna Vossabias Myntelepper og Rosmarin Hårserum. Og sjølvsagt endå færre fekk utmerkinga og prisen Excellence Award.
💋 Myntelepper – historia starta på leppene
Då eg valde ut kva produkt eg ville teste i konkurransen valde eg både eit gamalt og eit relativt nytt produkt for test av kvalitet og respons i Europa.
Myntelepper ligg mitt hjarta veldig nær (altså det gjer jo alle produkt-babyane mine 😉), då dette er det aller første produktet eg utvikla til hud.
Myntelepper utanfor Louvre Museum i Paris!
Før Myntelepper hadde eg kun eit utval spennande honningtypar å selge. Men, eg hadde sterkt behov for å formidle om meir enn honningen.
Eg ville fortelle om den fantastiske, beskyttande og pustande bivoksen, som også er eit av råstoffa biene skapar i samspel med mangfaldet av blomar.
Eg ville skape nokre produkt som kunne bli mine talarstolar til å formidle om heilskapleg helse og natur, som ville vise og overbevise folk om kor smart og effektivt det er å la naturen få spele hovudrolla i krukker, hylser og flasker med produkt som skal på lepper, hud, hår og i kroppen frå utsida og inn.
Frå honning til hudpleie av bivoks 🍯 🐝 Og det heile starta med Myntelepper!
Så då begynte eg med leppene, naturlegvis. Leppene er der me møter verda – med smil, ord, latter og kjærleik.
Å skape det første produktet til nettopp dei, var som å plante eit frø av omsorg for heile mennesket. Og det var akkurat det eg kjente som ei sterk drivkraft.
🌼 21 år – same oppskrift
Myntelepper er fullstendig uendra på 21 år, og når det ikkje har vore behov for å endre oppskriften betyr det at produktet verkeleg har bevist sin kvalitet, effekt og korleis det har truffe hjå folk!
Myntelepper har alltid vore eit populært produkt som folk kjapt begynte å fortelle personlege historier om: korleis nye flekker med psoriasis forsvann, korleis munnsår og herpes forsvann, korleis sopp forsvann.
Og ikkje minst kor utruleg deilig den kjennes på leppene, farvel tørre lepper og halloen mjuke lepper!
Myntelepper er alltid perfekt! I klatreveggen, på fjellet, på sjøen og kor som helst!
Kundemeldingar om kor god konsistensen er og korleis den skil seg frå andre leppepomader på markedet ramlar framleis ofte inn.
Den friske mynten stimulerer og nærer, aukar blodsirkulasjonen og gir leppene litt gnist.
Og så var det altså desse tilbakemeldingane som ofte endte med at folk heilt tilbake til 2004 sa: Du MÅ lage fleire produkt, du må lage i større krukker, me vil ha meir!
Leppepomade med peppermynte er eit absolutt MÅ-HA no med kald luft ute kombinert med varm og tørr luft inne!
Så Myntelepper har ikkje berre holdt stand i sin unike og originale formulering og resept i 21 år, men den satte i gang etterspurnad etter meir! ❤️
Slik som leppene opnar seg for pust, smil og ord, opna Myntelepper døra til Vossabia sitt univers av naturleg pleie. Og no altså anerkjent igjen av ekspertane på naturkosmetikk i Europa!
Har du enno ikkje prøvd denne helande og herlege leppepomaden så ventar det deg eit kyss frå naturen – slik kan Myntelepper nemleg framleis kjennast etter 21 år. Berre gled deg!
🌿 Rosmarin Hårserum – rein magi for hår og hodebunn
Og så var det den andre vinnaren vår i år: På berre kort tid har Rosmarin Hårserum rukke å bli ein superfavoritt! Ikkje så rart:
💧 Gir fukt og liv til tørt hår
✨ Styrkar hårstrå og fremmar vekst
🌱 Roar ned og balanserer hodebunn
🌟 Gir glans og silkemykt hår
Kundane sine ord talar for seg:
-
«Eg har fått mindre hårtap – og faktisk meir hårvekst!»
-
«Elsker den oljen. Så god på psoriasis i hodebunnen. Min favoritt!»
-
«Gir håret meir glans og krøller – superfornøyd.»
-
«Den roer ned og reparerer sensitiv hodebunn. Gir håret masse fukt og eit supersunt utseende.»
Rosmarin Hårserum er den perfekte olja for å styrke håret ditt og stimulere til ny vekst.
🌱 Naturens symfoni
Det er rørande og heilt magisk. Fordi naturen er magisk! Alle plantane i den nøye formulerte blandingen er valt ut som eksklusive deltakarar i denne symfonien av eit serum fordi dei har supre eigenskapar for hodebunn og hår!
Rosmarin er kjend frå gamalt av som ei kraftplante for hår og også for konsentrasjon og minne. Moderne forsking støttar opp om effekten: stimulering av hårfolliklar, auka blodsirkulasjon i hodebunnen og lindring av plager som eksem, kløe og flass.
Når rosmarin får spele hovudrollen i ei nøye komponert blanding med superplanter frå garden som ringblomst, rosenrot og kjerringrokk, blir resultatet eit serum som fungerer både som dagleg pleie, stylingbalsam og djupverkande hårkur om nettene.
Og den lukten, oh my god! Eg er så nøgd med samansettinga av eteriske oljer, som og er satt saman fordi dei er fantatiske for hår og hodebunn.
Dei stimulerer meg langt inn i celler og molekyler! Når me lagar den står eg med ansiktet ned mot pannen og trekker djupt inn, og eg må innrømme at det kjem høge stønnelydar! Kvar gong! 😂 Går rett i fletta på meg den der! Men, det var jo meiningen det, hehe.
Heidi er alltid klar for å freshe seg opp med Rosmarin hårserum. Her på vårt favoritt boulangeri og patisserie Bo&Mie.
Bruk hårserumet forsiktig som ein lett olje i hår og tuppar til dagleg, og som ein kur over natta eller som lindring direkte i hodebunnen. Nokre brukar det til og med i ansiktet for glød og glede!
Og for ikkje å snakke om Kine, søstera mi som elskar den til nakke- og ansiktsmassasje, og som ho gledar mange med når ho masserer klientar med Rosmarin hårserum etter yogatimer (ho driv iBalanse yoga i Bergen og Sotra).
Me har laga hårserum i to variantar: Sitrongras og Rosmarin. Begge er perfekt no når me går inn i haust og vinter med tørr og kald luft.
🎭 Vossabia på eventyr i Lysets by
Me hadde altså heilt fantastiske dagar i Paris, og fekk med oss så mykje flott. Paris er så vakker, og så gøy!
Me har sykla enormt mykje rundt, me sykla til og med 5 km i finstasen frå leiligheten til Theatre Marigny der Awards-seremonien var på Champs-Elysees 🚴🏾 😂
Ylva i finkjole som syklar til award!
Me var på kunstkafe og fekk vere kunstmalarar nokre timar 👩🎨, me strolla rundt blant Auguste Rodin sine fantastiske skulpturar, me sykla rundt Eiffeltårnet, var på kveldscruise på Seinen 🚤 var på bakeri- og konditorirunde med guide i Le Marais 🥖 og heile tida var Vossabia med i lommer og vesker. Naturlegvis! 🐝
💚 Stolte heim til Voss
No er me tilbake på garden, blant nesle og ringblomst som må plukkast før frosten kjem. Hjartet er fullt av Paris, og hendene er på ny i jorda – og hovudet boblar allereie med nye produktbabyar på veg.
Tusen takk for at du er med oss på denne reisa!
Varm helsing,
Renate, Dronningbia i Vossabia 🐝