Naturleg deo

Naturleg deo

I dag vil eg oppfordre til variasjon og mangfald – under armane!  Varier på deo’ane og duftane du brukar!

I dag vil eg oppfordre til variasjon og mangfald – under armane!  Varier på deo’ane og duftane du brukar! Det gjer i alle fall eg, og det er så forfriskande og fint, for det er jo ikkje slik at ein duft passar til alt? Eller? 😉 Før eg gjekk over til naturleg deodorant brukte eg ein fast deo, kvar dag heile året, i ååååreeeevis! Altså, rart eg ikkje blei lei, men eg tippar dei rundt meg vart det 😉 No byter eg etter HUMØR😁 etter AKTIVITET 🥾, etter ANLEDNING 💃, etter FØLELSE 🤠, og etter IMPULS 🐝, fleire gonger i veka.

Kvardag med styr og ståhei, fest og flørt, eller trening, eller skogstur med venner, eller hardt fysisk arbeid, eller lang togtur, eller på stranda i varmare strøk? Heilt ulike anledninger kan markerast med duft, og det gjer eg no😊 Digger det! Og det er så enkelt og så moro, MED MINIDEO’ane!

Så då har eg satt saman ei pakke med 4 typar, som eg synest passar til litt av kvart, 💫🌼 som løftar humør og energi,  som forførar, som gjer deg jorda og klar, og som passar når ein vil vere litt diskret. Og som alle held deg tørr og fresh, og held unna vond lukt med antimikrobielle ingrediensar 👍

Seie HEI til gjengen min - mine GO TO-deodoranter, som er super å ha med i veska, på reise, på trening, eller som også kan trivast å bu fast på badet:

🍋 SITRUS - min trufaste kvardagsdeo! Sitron og sitrongras er i øverste liga for deodoranter sidan dei gir så frisk og oppfløftande duft, og sitrusduften betrar humøret i følge forskjellige studier. Og: bakteridrepande, rensande, hjelper mot hudirritasjoner og kløe under armen. 👍Altså supert med sitron i deo for både humøret og armhola!


Sitrus minideo med i lomma og på farten i kvardagen.

🌲SKOG - med einer. Denne er ganske så diskret. Genial når ein ikkje vil dufte for mykje, men kun hint av frisk skog som jordar og balanserar deg og kjenslene dine. Duften har eit hint av furu i seg: litt krydra, litt bitter, definitivt frisk, og aromatisk og ein duft som har fått gode tider i moderne botaniske parfymer for begge kjønn. 💚Denne suverene skogsbusken er knallbra i deo: rensande, antiseptisk og antimikrobiell, og støttar kroppens avgifting, og det likar eg!

🌿🌸TMIAN og SALVIE - med lavendel som tittar fram inni der. Denne altså! Først skremte den meg litt med sin pepra frekkhet, men no diggar eg den fullstendig💖 For meg: når eg stressar rundt, jobbar hardt, i mykje aktivitet, og dei morgonane eg treng å kjenne meg sterk og kraftfull.

Timian er perfekt under armane: antibakteriell, med antioksidanter, og antimikrobielle eigenskapar som fjernar bakterier som luktar dårleg. Timian rensar og styrkar huden, og hjelper mot kløe og tørrhet.

Salvie aukar godfølelsen, stimulerar og kan gjere deg klarare til sinns. Romarane kalla salvie “Den heilage urten”, og det skjønar eg! Ganske maskulin, men bringer og fram pepper og friskhet, og baki der eit hint eukalyptus-tonar.. Spennande! Og desse to kraftfulle krydra blir balansert med beroligande, blømande lavendelduft. Visste du at lavendel er ein av dei beste til å få bort vonde lukter som kroppslukt?

❤️SENSUELL - fest, forføring, flørt! Ylang ylang og kardemomme: yin og yang i perfekt møte!! ☯️ Eg synest denne er mystisk, djup, eksotisk og spennande. For meg passar den på fest, på kveld, og når eg vil forføre eller føle meg på topp.

Ylang ylang - denne seriøst eksotiske, intense, rike duften - er ein vinnar blant verdas parfymemakarar, blant anna heilt essensiell i Chanel No. 5. Denne feminine duften er her med i vår botaniske deofamilie for å tilføre ein deilig dose tropisk paradis.

Kardemomme - også kalla “The Queen of Spices” var ein av hovedduftene brukt i parfymer hjå dei gamle egyptarane, og den krydra og skikkeleg sensuelle duften forfører framleis, 😍tusenvis av år etter egyptarane begynte å bruke den. Kardemomme er antiseptisk og antimikrobiell, og dette gjer at krydderurten er super i deodoranter for å førebygge og hindre illeluktande bakterier i å forureine armholene dine.

5 år sidan Vossabias deofamilie kom til verda! Litt om kvifor dei vart fødd.

I 2015 slutta eg å smøre aluminium, parabener, alkohol og syntetiske saker under armane mine. Takk og lov for det!🧡 Eg hadde tenkt på det lenge, vore bekymra for all driten me puttar rett i lymfene under armane, men eg visste ikkje om anna alternativ enn å la vere å bruke noko (som ikkje eg var klar for). Så oppdaga eg i 2015 dei supre krystallsteinane reduserer dårleg lukt, enkelt og trygt. Men, etterkvart var eg ikkje heilt fornøyd med dei… Det kjedelegaste var nok at det ikkje var nokon lukt..

Eg begynte å lengte etter diskret, men tilstadeverande duft, eg trengte å ikkje berre kjenne meg fresh, men dufte fresh også. Så på ein ny tur til Kairo i begynnelsen av 2017 (i lange periodar min andre heim), møtte eg eit par dyktige karar som eg ser som mine kollegaer i naturleg hudpleie, og han eine hadde då laga effektive, sunne og herlege deodorantar til å smøre under armane. Eg hadde utforska dette litt frå før, men no fekk eg både sparket bak og inspirasjon og ekstra kunnskap med meg heim att i bagasjen.


Eg og min "Egyptiske kollega".

Så, hausten 2017 var 🐝Vossabia naturlege deodorantar på plass! Då var eg endeleg nøgd, og spesielt med at eg smører meg med kun sunne saker rett i lymfene under armane, full av vitaminer og mineraler. Men absolutt og nøgd med effekten: held godt unna svettelukt, huden pustar og ingenting er blokkert av skumle ingrediensar, giftstoff slepp ut, OG eg duftar herleg og variert alt etter kva eg smører meg med 😊

Håpar du får nytte og glede av Vossabias deo-familie og! 🌼🌸🐝

Lurar du på noko om naturleg deo?

Sjekk vår lille FAQ her:

Er Vossabia deo antiperspirant?

    Nei, for ein antiperspirant blokkerer svetteporer mellombels med aluminiumbasert innhald, og er altså laga for å minske svette. Antiperspirant inneheld alltid aluminium, det gjer også dei som er både deodorant og antiperspirant, medan deodorantar (som altså er noko anna) ikkje inneheld alumnium. 

 

Kvifor er naturleg deodorant betre?

    Enkelt! Fordi kroppen treng å svette. Kanskje litt kjipt å høyre, men sånn er det. Så i staden for å blokkere porene, nøytraliseres kroppslukten med porer som får til å svette. Det er viktig for å sleppe laus toksiner (giftstoff), få dei ut av kroppen, og svette er viktig for å regulere kroppstemperatur. Naturlege deodorantar førebygger lukt ved å ikkje la naturlege bakterier mikse seg med vatnet og svetten på huden din, som skapar lukt, og det utan å forstyrre den naturlege floraen på huden.

 

Kva er det i Vossabia deo som minskar kroppslukt?

    Økologisk pilerot (arrowroot) hjelper til å absorbere fukt, minske lukt, og til å kjenne deg tørr og fresh. Og så er det godt med vitamin B og kalium blant anna i pilerot. Vossabia brukar også eit økologisk bakepulver til å nøytralisere kroppslukt, med økologisk maisstivelse og liten mengde natron. Dette er eit veldig bevisst val, då mange reagerer på rein natron (som ein ofte finn i naturlege deodorantar). Så det er ikkje utan grunn at mange seier: endeleg ein naturleg deo eg tåler. I tillegg til pilerot og bakepulver er dei eteriske oljene også aktive i å nedkjempe vonde lukter.

 

Kva andre ingrediensar er det i Vossabia deo?

    Som alltid, bivoks, vår beskyttande og mjukgjerande nummer 1. Og så fantastisk økologisk sheasmør, kakaosmør (øko OG fair trade), kokos og herleg jojobaolje. Og så dei nydelege duftene då, som også er med å halde unna vonde lukter med sine antimikrobielle eigenskapar. Så her er altså berre sunne planter saman med bivoksen, så du får tilført næring gjennom plantanes vitaminer og mineraler og oljer, til armholene dine. 

 

Kan eg berre byte rett over til naturleg deo etter å alltid ha brukt kjemiske deoer/antiperspiranter?

    Jadå! Men, la kroppen få tid til å venne seg til endringane, så litt tålmod kan vere nyttig for enkelte. Det kan ta fleire veker for kroppen å tilpasse seg den nye naturlege kvardagen i armholene, for nokon kort tid og andre litt lengre. Gjennom denne perioden kan det hende du opplever sterkere svettelukt, men hald fast på tålmodet, for dette tyder på at kroppen kvittar seg med opphoping av aluminium og anna “drit” i det som var blokkerte, no frigjorte porer.

 

Blir det flekkar på klærne med naturleg deo?

    Less is more, det er hovudregelen. Pluss: ta på deo etter du har tatt på klær, så blir det ikkje smurt utover. Så det kan sjølvsagt kome fettflekker på klær om ein har for stor mengde på. Men, naturlege planteoljer kan fjernast, om det er naturleg deo, solkrem, olivenolje, eller andre organiske fettflekkar. Eg har stort hell med å væte flekken, så gni eller børste den inn med natron (ja, her er natron genial), la det ligge litt, og vask på vanleg måte. Om det ikkje var nok (det har det alltid vore her) så kan 50% eddik og 50% vatn-blanding vere supert! Med liten mengde (ert) og helst påfør etter genser er komen på, så er det meget sjeldan flekk på klær her i huset.

I tillegg til dei 4 i pakka har vi og ein ein utan lukt:

🐝 Naturleg deodoarant NØYTRAL - 50 ml

🐝 Naturleg deodoarant NØYTRAL - MINI

 

Sjå alle naturlege deodorantar HER.

Helsing frå Renate

🐝 Vossabia