Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Gratulerar med nasjonaldagen i vente, Norge! 🇳🇴❤️

Det er ikkje berre berre å bli klar til 17.mai i år kjenner eg 😅 Voldsomt plutseleg den dagen kom då 😂 og eg har knapt ide om kor bunadane og alt er, hahaha. Så då er det berre ein ting å gjere, og det er å gå ein tur ut, plukke litt brennesle og bjørkeblad (som akkurat rakk å sprette i tide til nasjonaldagen), og lage noko digg mat og drikke med det! Då får eg roen og kosen på plass 😂 Neslepinner (egentlig heimelaga marsipan med knust nesle, nam!!) er nydeleg og grønt og skjønt. Og bjørkedrikk er noko av det beste som fins, spesielt med kullsyrevatn så det blir bjørkebrus (ungane elsker det og!) Sjå oppskrift lenger nede om du blir freista og 🌱🌱🌱birch leaves🇳🇴 17. mai er dagen å ha med seg litt av kvart frå Vossabia i bunadsstakken 😂 eller i veska. Huldrelepper på lepper og faktisk kinn for å få blush og nydeleg glød. Er det skikkeleg steikande sol og me vandrar i lange tog, så blir vår supre solkrem med i stakken og (eller kanskje stappe den ned bak bringkluten 😂). Panterbalsam er eit must når dagen lir på og føttene mine verker etter lang dag i bunadssko! 👣 Den får fart på blodsirkulasjonen og er genial på all slags vondt og verk 💛 Kanskje eg putter ein minideo Skog eller Timian og Salvie oppi bringkluten og? Det er nesten endelaust kva ein bunad kan romme!

Gratulerer med dagen!

No skal me straks feire vår grunnlov og juble for vår frihet, men jammen kjem eg til å sende nokon varme tankar og rope nokre HURRA for alle de fantastiske kunder som tek seg tid til å legge igjen nydelege, nyttige og koselege tilbakemeldinger på våre produkt 😘 Det at så mange får slik nytte og glede av naturprodukta våre er ein stor del av min drivkraft! 🪴👩‍🌾 No startar og sesongen for å hauste inn og plukke ein og ein plante og urt som så skal bidra inn i Vossabiaprodukta med sine gode supereigenskapar, og det gleder eg meg til å dele meir frå framover 💚

Oppskrift på Bjørkebrus
· 200 gram friske bjørkeblad
· 1 kg øko rårørsukker
· 1 pose sitronsyre
 
👉 Ha alle ingrediensane i ein stålpanne og hell over 1 liter kokande vatn.
Rør til sukkeret er oppløyst. La stå 1-3 dagar å trekke (lenger tid gir meir smak). Sil og fyll på flasker eller små kanner som du kan fryse (om du ganger opp oppskriften er det perfekt å fryse ein del).
No har du konsentrat som du kan bruke til mykje! Lag saft eller brus (🫧bland med sprudlevatn) ved å blande i forhold 1:4 eller tynnere. Gled deg til ein vidunderleg vill vårdrikk! 
 
 
Oppskrift på Neslepinnar
· 300 gram marsipan
· 4 ss lett forvella nesle
· Eggekvite av to egg
 
👉 Hiv dette i miksaren, sprøyt blandingen i stavar på bakepapir, bak i 10-12 min på 200 grader. NAM!! 💚
Neslepinnar
Gratulerar med grunnlovsdagen! ❤️🎉🇳🇴
Gratulerer med dagen!
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia