Dagen før var det storm, vind og piskande regn – og eg var ute i oljehyre, plukka einer og laga den mest vidunderlege dampen etterpå til eit nydeleg spontant dagspa 💨 🌿
Ja, slik er hausten – lunefull, levande og full av kontrastar. Den eine dagen varm og mjuk, den neste frisk og vill.
Og kroppen merkar det: litt snufs, sår hals, kanskje ei tett nase.
Men heldigvis – naturen har alt me treng for å finne balanse, varme og styrke.

🌿 Einerlåg og pust i stormen 🌎
Me gjekk tur i vinden for å sjå dei store bølgene ute med havet knusa mot svaberg og klipper.
Det røska godt tak i oss, men fascinasjonen over bølgekraften var så stor at me sat litt lenge – og eg vart ganske kald.

På veg tilbake til hytta plukka eg med meg nokre einerkvistar med eit deilig dagspa i tankane. Ja, for kva er vel betre etter ein kald tur enn ein varmande og stimulerande einerdamp?
Eg kokte opp ein god låg av einerkvistar etter turen – og når det putra og kokte og slapp litt damp ut frå pannen… altså: berre det å puste inn dufta er som å sleppe naturen inn i kroppen. Og DEN dufta som fylte hytta!
Damprituale frå plukking til damping!
Eg sat med den kokande dampen foran meg, med utsikt over havet der bølgene framleis bomba stein og svaberg, og lente meg over einerlågen og lukka meg inn i den med handklede over meg.
Og pusta. Djupt. Varmt og vindunderleg. Du må berre prøve du og! Eg blei ei einer ei lita stund der, haha.
Lag eit haustritual med einer ✨
Plukk med deg nokre kvistar du og. Kok opp vatn, og legg oppi einerkvistane dine, la det koke i 20 min. Set deg med einerlågen foran deg, og hald ansiktet over dampen med eit handkle over hovudet.
Sit slik og pust så lenge du kjenner det gjer deg godt. Ingen andre reglar.
Det opnar luftvegane, lindrar bihuletrykk, og gjev ein ro som berre naturens eigne oljar kan gje. Eit enkelt, kraftfullt ritual for haustdagar når du treng å varme deg, lande og slappe av.
Magisk å skrubbe seg med Skandinavias beste peeling etter damping, Rose- og Raudkløverskrubb
Det er nett no framover me treng å ta litt ekstra vare på både hud og helse 💚 Kulden kjem snikande og og gir mange litt hudutfordringar.
Me treng å styrke hudbarrieren på ein annan måte enn om sommaren, og kaldt, tørt vær merkast på fingrar og fjes og det blir fort tette naser og hoste som irriterar.
Det er altså tid for fleire gode tips til korleis naturen og urtene kan støtte oss gjennom den kalde årstida.

🧺 Herleg haust og vinterpakke 🍂
Når kulden kjem tørkar ofte huda fort ut, fingrane sprekk og kinn blir raude og såre i vinden.
Difor har eg samla dei mest pleiande og beskyttande produkta i ei Herleg haust- og vinterpakke – med 15% rabatt og levert i eit fargerikt Vossabia gjenbruksnett 🌈
Desse produka har eg alltid ståande lett tilgjengeleg på badet, i veska og i tursekken.
Små, nette storleikar som er perfekte i lomma, sekken eller barnevogna 🎒
Beskyttar og helar i kald vind og nærar huden i tørr luft – testa i all slags forhold:
«Denne er helt nydelig og fungerer perfekt nå i effektive -30 grader på hesteryggen. Huden i ansiktet mitt er myk og føles ikke stiv selv om det blåser og er iskaldt. Tusen takk Vossabia!» Solvor

Helande universalsalve for heile familien, elska på haust og vinter også:
«Jeg bruker Ringblomstsalven til alt mulig, både i ansiktet på vinteren når tørr hud melder sin ankomst og som aftersun på hele kroppen. Har også brukt den på barna ved kløe eller utslett, den er rett og slett fantastisk! Lukter godt, og så er det så fint å vite at den er helt naturlig!» Lone J

Redninga ved tett nase, muskelverk og forkjøling, og mykje anna. Sjekk berre korleis Christina L opplever den:
«I familien bruker vi denne på muskelvondt, etter hard trening, voksesmerter, halsvondt, nett nese, og min datters forkjølelsessår forsvant (for første gang) over natta med denne 😳»

🌸 Mjuke Hender med rose og rosenrot
Gjev fukt, styrke til huden på hendene, velvære i konsistens og lukt, og den fikser sjølvsagt tørre hender.
«Har endelig funnet en håndkrem som mykgjør tørre hender, ikke klisser, og som lukter godt. Særlig god på vintertørr hud! ❤️» Sissel L

💛 Eit lite apotek av naturleg varme, samla i eit vakkert og miljøvennleg nett.

🍯 Urtehonning – naturens søtaste medisin
Når eg kjenner at noko er på gang i halsen eller kroppen smører eg Panterbalsam på halsen og i pannen, og så blir det ei immunstyrkande blandingstinktur med ringblomst, kamille, ryllik og tindved til å ha i vannglasset.
Eg klarte å kvele ei begynnande forkjøling med denne for eit par veker sidan!
Når virus herjar, er det utruleg mykje du kan gjere sjølv – og det treng ikkje vere komplisert.
Visste du at Vossabia solgte Honning med rosenrot før?
Her er nokre av mine favorittar frå urteapoteket på kjøkkenbenken:
🍯 Honning og kvitløk – naturens antibiotikum og min store favoritt!
Hakk 4–5 fedd kvitlauk, rør inn i eit 250 ml glas med honning og la trekke. Et 1 ts tre gonger om dagen – fabelaktig ved bihuleplager og hoste.
🍯 Rosenrothonning – energi og immunforsvar på glas
Rosenrot gir styrke, ro og energi – perfekt når kroppen treng å hente seg inn. Bland 1 glas honning med 3–4 ts finhakka rå rosenrot, og nyt som te, eller rett frå skeia.
🍯 Fire Honey – varm, sterk og betennelsesdempande
Bland honning med økologisk ingefær, kajenne, svart pepar, gurkemeie og kanel – ein kraftkombo som gir varme heilt ut i fingertuppane 🔥


☕️ Te som lindrar – direkte frå kjøkkenbenken
Med hausten kjem ofte hoste. Så slitsomt og irriterande
Det er fleire urter som kan hjelpe godt mot hoste, blant anna filtkongslys og lakrisrot, men timian står fram som både lindrande og utruleg effektiv – ein ekte hostehelt!
Dei fleste har tørka timian i krydderskapet, men har ikkje tenkt over at den kan brukast til meir enn på pizzaen.
Timian er faktisk ein av naturens superurter for luftvegane, rik på eteriske oljer som thymol og carvacrol – kraftige stoff som både drep bakteriar og virus, og hjelper kroppen å kvitte seg med slim.
💚 Kvifor bruke timian ved forkjøling og hoste:
- Løyser opp seigt slim og lindrar både tørr- og slimhoste
- Dempande og lindrande på irriterte slimhinner
- Virker bakterie- og virushemmande – perfekt ved forkjøling og bronkitt
- Stimulerer lett svette og feberrespons, slik at kroppen kvittar seg med avfallstoff og kjem raskare i balanse
Ein enkel kopp timiante kan verke overraskande godt for både vaksne og barn.
Vil du ha kraftigare hjelp når lungene treng det, kan du også lage tinktur av timian, eller bruke dampbad med nokre kvistar eller ein dråpe eterisk olje i vatnet – det opnar luftvegane på naturleg vis.
Te med timian og blomehonning frå Vossabia
🫖 Timiante mot hoste:
- 1 ts tørka timian per kopp varmt vatn
- La trekke i 10 minutt under lok
- Tilsett gjerne honning og litt sitron før du drikk
💨 Ved slimhoste: smør brystkassa med Panterbalsam samtidig – kombinasjonen er gull verdt!
NB: Timian er trygg og mild, men eterisk olje skal alltid blandast ut i planteolje før du smør på hud – og skal aldri takast innvortes.

🖤 Panterbalsam – den svarte boksen som reddar dagen og natta!
Eg må berre nevne denne igjen når me er inne på forkjøling og tett nase. For Panterbalsam har vore min livreddar i 21 år no.
Etter mange år med kronisk bihulebetennelse og store mengder nasespray, utvikla eg Panterbalsam til meg og mine behov i 2004 - og no er det mange tusen som har oppdaga kor effektiv den er.
Denne har eg med meg overalt, alltid, og seinast i dag på møte i byen kom den til nytte der eg villig delte med ei som vart tett i nasen.
Panterbalsam har vore ein «livreddar» for meg og mange av kundane mine!
💚 Bruksområde
✔️ Smør under nasen eller inni naseveggane – fri pust!
✔️ På bryst og rygg ved hoste
✔️ På bihulane ved trykk og smerte
✔️ På tinningar, panne og nakke ved hovudverk
✔️ På stive skuldre og musklar etter lange dagar i verkstaden
Den er full av peppermynte, eukalyptus, kamfer og rosmarin – gode urter kroppen treng for å opne opp og lindre.
Og som mange av dykk har oppdaga: den funkar også fantastisk ved forkjølingssår på leppene, og under og inni nasen.
🧴 Kombiner gjerne med Ringblomstsalve og Lavendel- eller Myntelepper – perfekte ved irritert hud, sår nase og sprukne lepper.

🌙 Ei hausthelsing frå Dronningbia
Denne tida på året minner meg alltid om kor tett me eigentleg er vevd saman med naturen.
Eg kjenner korleis urtene, duftane og rituala gjev ro – og korleis litt honning, ein kopp te og Panterbalsam smurt her og der kan vere små, magiske handlingar for både kropp og sjel.
Og ikkje minst det helbredande i å gå ein tur. Søren Kierkegaard sa det perfekt, som mange andre filosofar før han, og som vart ei så fin påminning på eit skilt ved ei grind inn til ein sti:

Naturen står klar for å ta vare på deg og meg, er det ikkje herleg? 🌿 💚
Varm haustklem,
Renate, Dronningbia i Vossabia 🐝
