Førpremiere på Mjødurtmaske

Førpremiere på Mjødurtmaske

Vossabia lanserar snart eit heilt nytt produkt: Ei fantastisk ansiktsmaske med herleg 🌿 mjødurt og ryllik frå engene her, og honning frå biene våre 🐝
Vossabia lanserar snart eit heilt nytt produkt:
Ei fantastisk ansiktsmaske med herleg 🌿mjødurt og ryllik frå engene her, og honning frå biene våre🐝.


Me inviterer til førpremiere med å gje bort nokre krukker ut denne veka 💚

 👉 Handler du for over 600 kr (til og med søndag 17.juli) skriv urtemaske i kommentarfeltet i handlekorga, og me sender deg ei gratis deilig prøvekrukke med ansiktsmaske.

Kva er Mjødurt? 

Mjødurt er ein urt i rosefamilien, og den har vore brukt i mange hundreår på ulike helseplager, men er også svært utbredt i kulturhistorien. Den er mest kjent for sin utruleg deilige duft. Eg kjenner meg sånn igjen i skildringa til botanikeren Gerard som for godt over 400 år sidan skreiv: «lukten av den gjer mitt hjerte muntert og glad, og henrykker sansene». Akkurat slik opplever eg det og: eg blir munter og glad, rett og slett!

 

Planten har mange spennande bruksområde historisk sett, og sjølvsagt spesielt mykje medisinsk bruk. Men, i kulturhistorien brukte vikingane mjødurt til å gni mjød-  og ølkar på innsida med mjødurt for å gje drikken betre smak. Birøktere gnei innsida av bikubane med mjødurt for å skape meir trivsel og harmoni i bifolket. 🐝 Det høyres faktisk veldig lurt ut, kanskje me skal ta opp att den tradisjonen her på garden? 😊

I tillegg til mange kulturhistoriske bruksområde, mykje pga duften, har den altså også ei lang medisinsk historie. Den høgreiste planten, med sin rødlige stilk og flotte kvite blomestand, var faktisk viktig i utviklinga av smerte- og feberstillande legemiddel (den inneheld salisylsyre, så lag mjødurt-te og drikk ved hodepine). Men trass i at det endte med at dei gjekk over til syntetisk framstilling av aspirin osv, er saken at mjødurt har febernedsettande og smertestillande eigenskapar. Den har tradisjonelt også vore brukt mykje som sårmiddel, bakteriedrepar og til smertelindring ved revmatisme. Men, kvifor vil eg ha den med i vår grønne ansiktsmaske?

Jo, for det fyrste så dufter den altså så godt at den “henrykker sansene” til Vossabia! Og så har planten ei rensande virkning som gjer at mjødurt kan bidra ved utslett, ved kviser og så vil den vere fin som rens til huden. Eg er opptatt av at me skal få mest mogleg bruksområde ut av plantane me bruker, og her blir mjødurten eit godt eksempel: den har godt med vitamin C og virker som ein antioksidant, og tilfører slik god næring til oss, og i tillegg så er den rensande, betennelseshemmande og antimikrobiell. Bra kinderegg det 😊

Mjødurt inneheld altså og salisylsyre, som faktisk er ein naturleg peeler. Salisylsyren fungerar anti-inflammatorisk på huden og kan redusere rødhet i huden, kløe, utslett og det blir nevnt i ulike urtefora at mjødurt difor kan vere nyttig ved eksem og psoriasis også. 

Mjødurt er blitt ein populær urt i naturleg kosmetikk utanfor Norge, og det er spesielt på grunn av at den velduftande planten er rik på garvestoff, som har ein samantrekkande (astringerande) effekt. Det er sjølvsagt spennande i hudprodukt, spesielt for oss som har passert 45 😉 Mjødurt passar difor godt i tonere, i salvar og som her då: i ei ansiktsmaske. Me har i tillegg ryllik i, og den er også kjent for sin astringerande effekt, så då blir det berre endå betre 😊 Ryllik er elles ein fantastisk helserik plante som blant anna er fin å bruke på huden. Ryllik kan fungere godt mot kviser, rynker, åreknuter, sår og så aukar den blodsirkulasjonen i tillegg 👍 

I denne superdigge maska har eg brukt desse to supre plantane, plukka rett utanfor døra her, på mine unike og særs mangfaldige gamle slåtteenger. Dei har fått følge i krukka av honning frå biene mine, nydeleg kokosolje og grøn leire. Til saman blir det ei heilt nydeleg ansiktsmaske for både ung og vaksen hud, kvinner og menn. Og kva me å prøve den saman, kanskje smøre kvarandre inn i ansiktet med denne grisete, grønne saken? Då blir det i alle fall muntert, og alle sanser vekkes! Eg anbefaler dette sjølvsagt!

 

Og kanskje grise litt med denne grøne maska og nyte eit glas sprudlande mjødurtdrikk inntil? Sjekk oppskriften og kom deg ut og plukk denne herlege planten! 😁

Oppskrift:

Slik gjer du:

Hell blomar, sukker og sitronsyre i ein rustfri stålkjele eller liknande. Hell kokande vatn over og rør til sukkeret er heilt løyst opp. Sett på lokk, og la stå kaldt i 3 dagar. Sil av væska og hell over på flasker.     🍹Eg bruker plastflasker/kanner som eg så set i frysaren og har nydeleg sommardrikk gjennom året.

🍹Den kan brukast som saft (bland ut 1:3-4), eller kva med å lage MJØDURTLIKØR: bland uspedd mjødurtsaft med 40-45% sprit i for eksempel forholdet 1:1. Det blir ein frisk, gul sommarlikør som alle kan like.

🍹Elles er det også veldig godt å lage MJØDURTBRUS der du blander med kullsyrevatn, perfekt for familiebursdag.

🍹MJØDURTSORBET er også heilt herleg friskt og godt: 3 dl mjødurtsaft blanda med vatn 50/50, 2 eggekviter. Miks, visp, frys!

Når mjødurten er like høg som Vossabia sjølv! Blomsterknoppar av mjødurt er utruleg aromatiske og nydeleg å bruke til å lage saft.

Som eg nevnte innleiingsvis, ynskjer eg å dela ut nokon prøvebokser av den deilige ansiktsmaska, slik at du skal få sjansen til å testa den ut i forkant av lanseringen 💚🐝

Kanskje blir du like gira på egenskapene til mjødurt som eg  🤩