🎂 Dronningbia er 50 år ung! 🐝👸🏼 Ei feiring av livet og naturen 💚

🎂 Dronningbia er 50 år ung! 🐝👸🏼 Ei feiring av livet og naturen 💚

Plutseleg var dagen komen, og eg blei 50 år 9.7! Tenk så utruleg heldig eg er, som er blitt 50! ✨😄 Eg lever til fulle! Og eg lever faktisk i verdas rikaste land, utan krig og terror, og alle mine næraste er trygge, friske og glade! 🤍🥰 For ein fridom og rikdom det er!
Eg gledar meg skikkeleg til femtiåra. Det blir masse liv, fullt av sprell, skaparkraft, kreativitet og energi! ⚡️🤩 Det blir gode menneske på alle kantar, unge og vaksne. Så godt! Eg er så klar for eit nytt tiår med masse moro og spennande, og eg ser sånn fram til å fortsette å utvikle mi grøne bedrift, fremje heilskapleg helse, formidle om naturens magiske plantar og samspel, auke eigen kunnskap, og skape gode ting som er langt større enn meg og seg sjølv! 🌿💚 For ein fridom og rikdom det er! Å kunne utfolde seg og utforske og skape fritt 🕊️
Sjekk dei vakre nye bivoks-øyredobbane eg fekk frå Ylva 🎁❤️
 
Det einaste eg ynskte meg til 50-årsdagen er tid og nærleik med familie og vener, og umiddelbar, permanent våpenkvile og eit FRITT PALESTINA 🇵🇸! ❤️‍🩹 Eg har ein herleg og litt vill familie som eg fekk samla på dagen, og kvar dag venter eg på at våre medmenneske i Palestina skal kunne gjere det same. Samle familien i tryggleik. La det skje! 
På dagen min møttes me til mat og kos, og det einaste som eg sleit med då var at eg hadde gløymt både Konglelepper (som er på veg til å bli min nye favoritt) og alle andre leppisar! Eg hadde sprunge rundt og leppene var blitt tørre, men heldigvis redda søstrene meg med Konglelepper i veska!! 💋🙏😅 Pjuh!!
konglelepper
I dag er forresten også Konglelepper på meg og vetlasøstra Kine, som er med Vossabia og jobbar i dag! 😚💋
konglelepper
🥳 Då var det klart for å nyte stunda og 50-årsdagen saman! Me hadde nydelege timar i utruleg flotte Porsvika 125, ein enormt flott plass som er kombinert spisestad/overnatting/hage/strand/bakeri, og maten der er knallgod! 😍 Sjøkrepssuppen til forrett var intenst god! Trerettar’en vart avslutta med stjerner i augene og fest i kjeften med Fløyterand med jogurt frå Ostegården i Bergen og tindved (og eg elskaaaaar jo tindved!!)
Etter dette kanongode måltidet saman, rørande taler og deilig stund i solskinn og strandliv i Porsvika, så tok eg heile den ville gjengen med på tur på kyststien!
Eg overraska der familien med fest og moro på hytta vår Kvilepulsen 🎉 som ligg på svaberg omkransa av kun lyng og einer, og me hadde ei heilt magisk og perfekt feiring! 💫
 
🎣 Det vart fisking til langt på kveld, og då kom jammen Panterbalsam til nytte! 🦟 Knotten vakna opp etterkvart og vart veldig klengete og nærgåande. Med Panterbalsam i ansikt, hals og nakke så vart me ikkje like attraktive heldigvis! 😌
panterbalsam
Panterbalsamkrukka gjekk i skytteltrafikk mellom søstre, svograr, kusinar og nevøar, medan me landa fisk etter fisk på brygga! Perfekt kveld det for meg som elskar å fiske! 💆 Det er rein meditasjon! Og så kjekt å sjå at Jonatan har arva gleden og roen ved å fiske leeeeenge om gongen! 🐡🐟
Purpyrlyng og klokkelyng blømer sterkt i lilla og rosa innimellom vakker grøn einer rundt hytta og i heiane overalt der. Snart blømer og røsslyngen, den det er mest av. Det er så pent! 🤩 Og det er så masse interessant med lyngen! Den er veldig viktig for kulturlandskap og beiting, og biene er avhengig av lyngens rikdom av nektar 🐝 noko som gir tunge bikubar av lynghonning på seinsommaren. Men, lyng er også, sjølvsagt, ein spennande medisinsk plante ❤️‍🩹
👉 Blomane er tradisjonelt kjent for å ha antibakteriell og betennelsesdempande effekt. Dei har ein rik profil av bioaktive forbindelsar som flavonoider, procyanidiner, fenolsyrer, katekiner og triterpener. Lyng inneheld og arbutin og ursolsyre, som begge er verdifulle for hudpleie.
 
Flavonoidane gjer at lyng har ein sterk antioksidant effekt ved å blokkere frie radikaler, som kan gje laus hud, tynnare hud og andre hudproblem som kjem frå oksidativt stress. Men, antioksidanter er altså den gode hjelparen som får styrka huden og fjerna frie radikaler 💪 og der kan altså lyng vere din ven!  Det er også tanniner i lyngekstrakt eller -tinktur som kan gje ein samantrekkande og mildt eksfolierende effekt. Ursolsyre i lyngen er elles betennelsesdempende middel i naturen, og produkt med lyng kan dior vere nyttig i hudpleie for raud, kløande hud 🙌
Altså, er det ikkje fantastisk!! 😃 Og dette er berre lyngen! Så har me jo tang og tare, og altså den vakre, kraftfulle eineren ved havet. Kanskje eg rett og slett må utvikle ein kystserie no!?! 🤔😁
 
🌸 Røsslyng har forresten vore kjent for sine medisinske eigenskapar i uminnelege tider, og er til og med prioritert forska på. Den kan gje deg gode helseeffektar som te, noko som er ein flott og lågterskelmåte å nytte nærnaturen på!
Helsefordelar med røsslyngblom-te
· Kan hjelpe ved nyre- og blæreproblem, inkludert desinfeksjon av urinvegane 
· Kan bidra til førebygging og behandling av urinsyregikt, leddgikt og revmatisme 
· Ein effektiv heimebehandling for forkjøling og hoste (dette er den viktigaste grunnen til at eg brukar røsslyngblomst-te!)
· Kan hjelpe med å lindre ulike gastrointestinale problem
No for tida er det mange som hostar og harkar, og slit med kraftige forkjølingar 🤧 Så kanskje eg skal plukke med meg ein del røsslyng no når den straks blømer, tørke den og lage te til alle som er innom her 😉
 
Røsslyng-te ☕️🌸
· Kok opp 2 koppar vatn i ein liten kjele 
· Fyll to teklyper med tørka (eller frisk) røsslyngblom – 1 ss i kvar klype
· Ha teklypene i kjelen, ta av varmen, og la det trekke i ca 10 minutt
· Hell i to te-koppar, og søt med honning når teen er blitt litt avkjølt, og ha eventuelt litt sitron i 
 
👉 P.S. Når du drikk røsslyng-te, ver merksam på at det kan vere potensielle biverknadar knytt til denne teen, og du bør ikkje drikke meir enn 1-2 koppar om gongen:
⚠️ For mykje røsslyngblom-te kan forårsake leverskade
⚠️ Gravide og ammande kvinner bør ikkje drikke røsslyngblom-te 
⚠️ Røsslyngblom-te er så sterk at den kan påvirke effekten av enkelte medisiner (spesielt dei som er relatert til urin- og fordøyingssystemet).
 
🏖️ Får du og tatt deg ein kysttur i sommar? Ha med ei lita korg eller papirpose, og bli med og lag røsslyngblom-te du og! Og pass på å nyt det skiftande og alltid vakre lyset, og solnedgangar og alt du kan suge til deg! ☀️🌅 
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia