Solkrem
Solkrem
Solkrem
Solkrem
Solkrem
Solkrem

Solkrem

Tilbud299,00 kr
Størrelse:50 ml
Faktor:10

Vossabia Solkrem beskytter og pleier med kun nøye utvalde naturlege ingrediensar. Beskytter mot UVA og UVB-stråler med fysisk solfilter, og gir næring og fukt til huden. Den er meget pleiande og tek vare på huden med bivoks, lanolin og gode urter som til dømes økologisk jojoba-, tistel- og kokosolje, og ikkje minst økologisk tindved og ringblomst.

Forresten: Tindved i solkrem! Det er luksus det! Tindvedolje beskyttar huden mot skadar og forstyrringar frå solstrålene. Vossabia solkrem: Bra for folk og miljø! 🌼🐝🌍

Innhald: lanolin, øko jojobaolje, øko tistelolje, tiosol (solfilteret non-nano titandioksid (naturleg mineral) blanda med øko tistelolje), øko tindvedolje, øko kokosolje, øko solsikkeolje, bivoks, øko sheasmør, naturleg e-vitamin, karotin, øko lavendelolje, Co2 ringblomstekstrakt.

MENGDE: 50 ml (og veldig dryg)

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
1 år minst

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje la den stå i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

· Solkremen er meget dryg i bruk, så du treng lite for å koma langt på huden
· Pumpeflaska passar fint til å lage for eks ein fin tynn strek over hudområdet som skal smørast og beskyttast.
· Til ansiktet: pump eitt pump i handa, smør utover handa og påfør så heile ansikt og hals. Det går raskt inn i huden, og om du føler deg klissete har du for mykje på.
· Beskyttar og held lenge i vatn ved bading og leik i sjø og basseng på grunn av fantastisk bivoks og lanolin

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Kvifor bruka ein naturleg Solkrem?

For di og miljøet si helse!

Konvensjonelle solkremar med kjemisk filter har i mange studier synt seg å ha skadeleg innhald for både folk og miljø. Det er faktisk forbudt på Hawaii, på grunn av skaden det gjer på korallreva! Kva då med helsa til oss menneske, dyreliv, fisk og anna i miljøet og kretsløpet som får i seg restar frå dette?
I naturlege solkremar får du fysisk beskyttelse (som kjem anten frå sinkoksid, eller titandioksid som me brukar), og det er nevnt i fleire studier dei siste 15 åra, som dei einaste trygge og sunne solfilter for folk og miljø, inkludert i ein rapport frå det amerikanske helsedirektoratet FDA (2019).

Eg brenn verkeleg for dette med trygge solkremar, og er så sjokkert over innhaldet i “vanlege” solkremar, og når FDA som den autoriteten dei er, også skriv under på det, synest eg det er rart at det ikkje blir forbudt med kjemiske solkremar.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Beskyttar, helar og er god ved soleksem og andre hudplager i sol

Mange rosar solbeskyttelsen på både solfaktor 10 og 20, og det at den og virkar helande på solbrent hud om ein har gløymt å smøre og blitt solbrent.
Folk som har problem med soleksem, tørr hud i sol, rennande auge med andre solkremar og elles intoleranser i høve konvensjonelle kjemiske solkremar, opplever ofte særs gode og effektive resultat med denne solkremen.
Den er særs mild og passar for alle aldre, frå baby og oppover.

Ingredienser

Solkremen sin solbeskyttande effekt kjem av det naturlege fysiske solfilteret tiosol (non-nano titandioksid som er eit godt mineral som vert blanda med økologisk tistelolje hjå Urtegaarden i Danmark), og det er den solbeskyttelsen forskarar anbefalar som trygg å bruke. Tiosolen Vossabia brukar er undersøkt og godkjent med god margin i høve nanopartikkelnivået, då Vossabias fokus alltid er på helse og miljø. Solkremen utvikla Vossabia i 2007, og på desse åra har det kome inn svært mange flotte og spennande tilbakemeldingar frå kundar.

Tindved i solkrem! Det er luksus det! Tindvedolje beskyttar huden mot skadar og forstyrringar frå solstrålene, og er også perfekt i etter-soling produkt, pga sine ettertrakta eigenskapar og næringssamansetting☀️.

Lanolin og bivoks er perfekt i solkrem då desse, naturens superråstoff, også held solkremen vannfast lenge!

  • Tiosol
  • Tindved
  • Lanolin

Fløyelsmjuk til langt på kveld

Solkremen er dryg, smeltar raskt inn i huden, og huden blir mjuk og deilig. I motsetnad til andre solkremar som blir liggande som ei hinne på huda, og kjennest "stram" utpå ettermiddagen, er Vossabia sin solkrem like fløyelsmjuk til langt på kveld, og ein føler ingen behov for å vaska den bort.

Bruksanvisning

Det er ein gyllen og meget dryg solkrem du smører lett utover. Tindved gjer den ferskenfarga og døyver det kvite solfilteret som ofte legg seg som ei kvit hinne på huden ved bruk av naturlege solkremar.
Men, i denne supersolkremen er det ingen fare for Kaptein Sabeltann look-a-like i sola, du får tvert imot ein gyllen fin farge ved påføring.

Har du flekkar frå solkrem, salver, matolje, søler på restaurantbesøk eller anna vanskeleg på kleda? Prøv dette:

- Fukt flekken
- Gni litt natron inn i tekstilen på flekken(e)
- Vask som vanleg
Dette pleier ta flekker fint og fort. Håpar det funkar for deg og om uhellet er ute

Kjøp naturleg solkrem no, for folk, miljø og moder jord

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Me står på hovudet i engene for å få inn årets planter!

Me står på hovudet i engene for å få inn årets planter!

🌱🌾🌿 Eg elskar plantemangfaldet her, og eg elskar å plukke ville vekster og dyrka øko-blomar! Og så elskar eg kundane våre! Og difor må eg kome med ei orsaking: sidan det er så mykje plukkin...
Solblomen blømer!!! 🌼 Og den går rett i vår fantastiske Augebalsam!

Solblomen blømer!!! 🌼 Og den går rett i vår fantastiske Augebalsam!

For 17 år sidan jobba eg intenst med resept på det eg ville skulle bli ein augebalsam som dekka alle mine behov: bort med hovne, slitne auge, og heller fresh og stram hud rundt augene så eg såg mei...
Reise- og urtebrev frå Fru Blomedilla

Reise- og urtebrev frå Fru Blomedilla

Eg tenkte å dele litt frå mitt siste lille eventyr 🚗 Tur til Karmøy er faktisk alltid eit eventyr! Først fordi mi rasande dyktige venninne og halvvegs kollega Margit Vea (sjekk ut margitvea.no) bur...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring