Skriv om eller samarbeid med Vossabia

Vossabia handlar om heilskapleg helse for folk og planet, og knyter skånsam nytting og nyting av naturen direkte til god langsiktig helse. Me har sidan 2004 skapt 100% naturlege hud- og hårprodukt, for å tilby sunne, naturlege alternativ til kosmetikkindustrien som nyttar ingrediensar som er svært langt frå Vossabias veridar og helse- og miljøfokus. Me ville då og no også vise korleis ein kan nytte naturressrusar rundt seg for å skape og spre god helse og glede i livet.

Alt hjå Vossabia er nøye gjennomtenkt og utvikla med kunnskap og kompetanse om helse og natur, høg kvalitet i alle ledd, skånsamt handlaga produkt, med råvarer frå garden, ville vekster frå Hardangervidda og elles frå anna økologisk landbruk. Me håpar alle som prøvar oss på hud og i hår kjenner forskjellen dette utgjer!

Vossabia Renate er også svært oppteken av formidling. Ho vil spre kunnskap og nysgjerrighet, skape auka bevisstheit og ikkje minst vere med å bidra til at folk gjer sunne valfor seg og miljøet når det gjeld kosmetikk, men og innan mange andre tema knytt til helse og natur har Renate mykje å seie. Ho held ein del foredrag og kurs rundt omkring, og det kjem lag og grupper til garden for å oppleve, lære og leike.

Dersom du vil skrive om oss, så kan de laste ned vår media kit eller kontakt oss på epost: post@vossabia.no

Klar for å prøve Vossabia?

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

HANDLE NO!

Sendes frå Voss med Bring