Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)
Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)
Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)
Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)
Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)
Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)

Reisesett (urtesjampo og skogsåpe á 25ml)

Tilbud62,40 kr

Oj oj så me FRYDAR oss, store og små, over det nye, skjønne, sunne og superpraktiske REISESETTET med Sjampo med ville urter og Skogen på kroppen-såpe 💚. Trening, tur, hotell, telt, fly håndbagasjen, utebad i hav og elv. Uendelege muligheter! La hud og hår nyte planter frå ville vekster og skogen 🌲🌱🐝🌼

URTESJAMPO - Få bort kløe, tørrhet, flass, skorper og eksem, og ikkje minst: gje næring og pleie til hår og hodbunn med denne sjampoen! Og så trenger man ikkje balsam, kor bra er ikkje det!?

SKOGSÅPE - skogsåpe til kropp! Milde såpestoff og sunne gode ingrediensar som pleier og tek vare på huden din.

- Du finn dei i vanleg stor størrelse i nettbutikken Sjampo 250 ml & Skogsåpe 250ml -

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Reisesett


Sjampo med ville urter 250 ml + Skogen på kroppen 250 ml

Det beste av alt: berre sunne saker frå naturens apotek på hud og hår 🌱🌲🐝🌼 så her held du på fukt og tilfører gode ting til kroppen din! Og så fresh lukt!
Og berre sjå kor fine dei er saman, dei gjer seg godt i badehylla altså 🤩

Bruksanvisning

I SKOGEN PÅ KROPPEN får du ei skogsåpe med einer og furu som renser, pleier, stimulerar og gir deg ein naturleg toner til huden, og saman med dei andre gode ingrediensane frå planteriket etterlet skogsåpa huden mjuk og frisk. Ein oppløftande og herleg kroppsvask!

Vossabia nyttar ville urter frå gardens store mangfald til denne milde, næringsrike og pleiande sjampoen. Sjampoen har, for dei aller fleste, god balsameffekt, så ein treng ikkje ha det i tillegg (den er og veldig dryg i bruk). Det er guarbønner som gir balsameffekten (belgfrukt ofte spist i India), og som beskytter håret og samstundes gjer at det held på fukt og fleksibilitet.

Kva seier folk som har brukt den?

Relaterte innlegg

Donasjon framfor rabatt! 25% av Vossabias omsetning i dag går til nødhjelp for barn i Gaza! 💔

Donasjon framfor rabatt! 25% av Vossabias omsetning i dag går til nødhjelp for barn i Gaza! 💔

Me er i mot Black Friday, og kunne ønske det frå alle kantar i år heller ville vore fokus på Black, Red, White and Green Friday for Palestina! 🇵🇸 Kvar dag er svart for våre medmenneske der, så i vå...
Vossabias jubileumsfeiring 🐝🎉

Vossabias jubileumsfeiring 🐝🎉

Neste år er Vossabia 20 år!! Det er heilt utruleg rart å tenke på, og det er så mykje fantastisk som har skjedd på desse åra 🤩 Det vil eg gjerne feire med gode folk og herlege kundar i eit event so...
Overraskande og fantastiske måtar å bruke kamille

Overraskande og fantastiske måtar å bruke kamille

Kamille er ein av våre mest kraftfulle medisinske urter 💚 og samstundes så mild og forsiktig at den passar dei fleste. Lær meir om denne supre planten, og gå ikkje glipp av det utskriftbare fine ko...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Sendes frå Voss med Bring