Kuldekrem
Kuldekrem

Kuldekrem

Tilbud168,00 kr

Vossabia Kuldekrem er ein vannfri og meget pleiande salve som tek vare på huden i kulde, vind og sol, beskyttar og nærar, og passar bra for både born og vaksne. Den er mjukgjerande, i tillegg til at den førebygger og lindrer frostskadar.

INNEHELD:
lanolin, øko bivoks, øko tistelolje, øko jojobaolje, squalane, tiosol (solfilter med titandioksid og øko tistelolje), naturleg e-vitamin, karotin, øko lavendelolje.

TESTING:
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.

HALDBARHEIT:
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Fri for konserveringmiddel, syntetiske stoff, sulfater, parabener, mineraloljer, formaldehyd og ftalater.

Den er suveren på ekstra tørre hender, og så er det jo masse næring frå plantene som gjer både hud og kropp godt. Kuldeeksem er og nevnt av mange som historie etter bruk av Vossabia Kuldekrem 💙 Den er testa av folk i alle aldre og i all slags uteaktivitetar.

Blir sendt kjapt frå garden, og levert innan 2-5 dagar med Posten/Bring.
Pakken blir sendt med sporing frå Bring.
Levert rett i postkassa, elles hentemelding om det ikkje er plass.

Uunnværleg for dei alle minste, og for friluftsfolk.

Kuldekremen er næringsrik for hud og kropp med plantar som inneheld blant anna gode essensielle fettsyrer (omega 3 bl a). Du får også beskyttelse mot fjellsola då salven inneheld 100% fysisk naturleg solfilter med faktor 8.

Vår heilt spesielle garanti

Få produkta våre sendt heim, prøv dei i 30 dagar.
Er du ikkje fornøgd får du alle pengane tilbake, heilt utan spørsmål.

Mjuke opp hendene i kvardag og på eventyr


Me får stadig spennande og gode tilbakemeldingar på Kuldekremen vår. Frå barnehagar, småbarnsforeldre og i tillegg ivrige friluftsfolk og folk som arbeider ute i hardt og kaldt vær.

Ingredienser

  • Lanolin
  • Bivoks
  • Øko Tistelolje
  • Øko Jojobaolje
  • Tiosol

D en passar like bra for både born og vaksne

Den er testa av folk i alle aldre og i all slags uteaktivitetar. Me har fått supre tilbakemeldingar frå folk som har delteke i Finnmarksløpet, fiskarar på båt i Nord, barnehageungar, friluftsfolk og den morsomme oppdaginga vår på surfing uti Stadhavet i januar.

Bruksanvisning

Virker som ein meget beskyttande og pleiande salve som tek vare på huden i kulde, vind og sol.
Den er suveren på ekstra tørre hender, og så er det jo masse næring frå plantene som gjer både hud og kropp godt. Kuldeeksem er og nevnt av mange som historie etter bruk av Vossabia Kuldekrem.

Kuldekrem (sjølvsagt utan vatn) med spesielt utvalde pleiande urteoljer gjer vind og kulde til ein lett sak for huden! ❄️

Kva seier folk som har brukt ho?

Relaterte innlegg

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Reisebrev frå Nord Kypros – og våre essensielle reiseprodukt:

Me har no byta ut minusgrader og snø med vårleg middelhav og varmande sol nokre dagar☀️🌻 Me byta ut arbeid og plikter med avslapping og ro. Og gjett om det gjorde godt! Så no har me senka skuldrene...
Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Gratulerar med kvinnedagen frå ei JORD-MOR 💚 Me treng fleire kvinner i landbruket!

Eg er så utruleg privilegert at eg fekk sjanse til å driva vidare eit brattlendt småbruk på Vestlandet, og her har eg gått mine heilt eigne vegar, men det er likevel med same essens og grunntan...
Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

Noha – frå traumer i Kairo til sjelero på Voss

(Noha og eg heime på garden på Voss. Fotograf: Vidar Herre)Noha el Ostaz var den fyrste som politimelde seksuell trakassering i Egypts historie. Ho har også kjempa i gatene under den arabiske vår...

Sidan 2004 har me hjelpt 1000-vis

Klar for å prøve Vossabia?

Me sender innan ein arbeidsdag