Værsågod!  🌸Oppskrift på Rosegelé

Værsågod! 🌸Oppskrift på Rosegelé

Denne herlege rosa tida! 💖 Det er tida for å sikre og hauste inn dei fantastiske plantene til vår utruleg deilige ROSE- OG RØDKLØVERSKRUBB!

Denne herlege rosa tida! 💖 Det er tida for å sikre og hauste inn dei fantastiske plantene til vår utruleg deilige ROSE- OG RØDKLØVERSKRUBB! Har du prøvd den? Håpar du digger den like mykje som oss, den er rein nytelse, og som søstera mi Kine sa: “altså, eg har prøvd så utruleg mange ansiktsskrubber frå dei dyraste merker, men eg har aldri vært borti ein så god som denne før”! Takk Kine, eg er einig (sjølv om eg ikkje har prøvd så mange som deg då😉)

Fint vær = ut og plukke! ☀️🐝 Både bier, humler og eg får no dukke ned i botaniske gleder eg berre må fortelle om. Villroser (rynkeroser)  i full blomst, med humler som samler og graver seg ned i det gule pollenet og summer side om side med meg. Den forførande rosearomaen som stig opp berre ved å stå nær rosene, for ikkje å snakke om når eg tar i dei!! Og ikkje minst den nesten sensuelle sanseopplevelsen det er å plukke og kjenne desse fyldige rosebladene. Eg blir heilt salig! 

 

Men, det er ikkje berre for farge, estetikk og aroma eg har rose med i produkta! Når du skrubber deg får du den deiligste botaniske peeling, men det du kanskje ikkje merker er at rosen har eit vell av helseeigenskapar som den har blitt hylla for (spesielt i Kina) i tusenvis av år:

🌸Antioksidant kraftplante. Dette er ein av hovudfordelane med roser. Me veit alle at antioksidantar er bra for huden, og dei som finst i rosene er ikkje noko unntak. Dei er med å styrka hudcellene, som igjen kan bidra til å regenerere vevet i huden. Roser kan vere super anti-ageing plante også, då den er med å nøytralisere frie radikaler. (det er blant anna difor det er rose i Tindved og Nesle regenererande nattkrem). 

🌸Held på fukten i huden! Roser er knall for alle hudtypar, for alle treng å halde hudens fukt i balanse, men roser er spesielt bra om ein har tørr hud. 

🌸Rynkerosa mot rynker 😅 Ja, faktisk. Og det er så enkelt som at det handlar om næringsinnhald og samansetting. Me treng vitamin C og A og gode antioksidanter for å halde huden (og resten av vår fantastiske organisme) ung og sterk, og det er det masse av i rosene.

🌸Roser roer rødhet. Denne romantiske blomen har gode anti-inflammatoriske eigenskapar og kombinasjonen av antioksidantar og essensielle fettsyrer gjer at du kan ha nytte av roser på eksem og hudinfeksjoner også.

🌸Roser kan og bidra til å oppretthalde hudens naturlege ph-balanse.

 

Og så rødkløveren då, som står og strutter i eit enormt mangfald av ulike nyanser av rosa. 💕🌸 Der er den bleike lyserosa lille blom ved sida av den mørkerosa fyldige rødkløver i stor plommestørrelse, og så innimellom dei skjønne tvillingblomane. To rødkløverblomar som sprett opp frå same stilk, står tett i tett og strekker seg etter solstrålene. Og biene mine, som jobber på og ikkje bryr seg om at eg forsyner meg litt eg også. Men, eg passer alltid på at det er masse masse igjen til bier og humler, for eg tar kun dei som er perfekte utan eit einaste brunt kronblad, her er det kun dei mest kraftfulle som blir med i korga og vidare inn i produkta. Rødkløver bruker eg også i Kroppsbalsam, for at folk skal få smøre seg inn med denne superplantens gode innhald 😊

 

Rødkløver er den mest essensielle planten i økologisk landbruk, den som gjer kunstgjødsel overflødig då den fikserer nitrogen frå luft til jord. Den betrar jordstrukturen og jorda sin nitrogen status. Rødkløver er nevnt som ein av dei fyrste plantane menneske dyrka for å forbetre kvaliteten på jorda. 

🌸Rødkløver er velkjent for sine eigenskapar i høve hudplager som eksem, utslett og psoriasis. I urtelæren blir det spesielt nevnt kor godt planten kan virke på barn sine eksemplager. 

🌸Rødkløver aukar sirkulasjonen i huden, noko som igjen får fart på hudens renseprosess og hjelper huden til å kvitte seg med avfallstoff som bygger seg opp under hudens overflate.

🌸Rødkløver kan også bidra til å halde huden ung og smidig.

🌸Blodrensande eigenskapar, styrkemiddel og super til å hjelpe kroppen å kvitte seg med avfall. Noko som i neste omgang er med å gje finare hud. 

🌸Tilfører kroppen eit rikt og godt utval næringsstoff, blant anna jern og vitamin K. 

🌸Kan minske store porer i huden, noko som igjen reduserer kvise og akneutbrot.

 

Desse to vidunderlege, desse rosa herlegheitene! 💕 Dei er kanskje noko av det finaste eg veit, begge to! Men rødkløveren krev meir av meg, der eg må gå bøyd og plukke ein og ein blom etter å ha undersøkt den frå alle kantar først. Rosen derimot er så lett og fin og eg blir så lett og glad av å plukke den. Oppreist og rak, og med nasen fylt av dei deiligaste dufter. Desse to rosa, desse to vidundera, desse to ER Rose- og raudkløverskrubben som eg og mange med meg berre elskar!

Unn deg ein luksusskrubb for ansiktet med handplukka rose og raudkløver frå Voss. Jamnleg skrubbrensing gir huden glød og fjerner døde hudceller. Auk sirkulasjon og vitalitet i huden med rose som gir mykje næring og dufter himmelsk. Raudkløver er rensande, styrkande, og svært næringsrik.

 

 

👉 Les om korleis du kan bruke den som skrubb, ansiktrens eller ansiktsmaske på produktsida.

 

Oppskrift på rosegelé:

Rødkløverblomane smakar søtt og er eit vakkert og sunt tilskot i salaten, og no er tida der for å hauste inn og fylle mager med det beste frå naturen😍. Eg legg og rødkløver på sprit og bruker i produksjon, men også privat i urteapoteket vårt. Rosene er også spiselege (alle roser er det, men pass på at dei er usprøyta!), og dei er nydelege i te-blandinger eller har du kanskje lagd deilig rosegele? Eg er så glad i rose og rosmarin saman, og skal no lage ein gele med desse i lag. Kanskje du og vil prøve? Slik gjer eg det:

 

Slik gjer du:

Plukk blomane og nyt den opplevinga først 😁 Ha dei frå korga og over i ein ca  2 liters beholdar f.eks. eit gamalt norgesglass eller noko anna du har. Pakk rosekronbladene godt nediog fyll opp så det er tettpakka. Meir kronblad gir meir farge.

Hell over kokande vatn, sett glaset eller pannen i kjøleskapet i minst ein time.

Sil av væska gjennom eit klede og ha den i ei kasserolle. Klem ut all saften frå blomane.

Ha i sukker, sitron og kok opp til det har løyst seg opp. Hell i ½ pose Certo pektin og la det koke i 2-3 minutter. Hell geleen over varme, steriliserte glas og tett godt. Oppbevar i kjøleskap.

Fortsatt god sommer til deg!

(og husk å beskytt huden din☀️👇)

Helsing frå Vossabia