Tips og tilbod til skule- og barnehage 🎒🐝

Tips og tilbod til skule- og barnehage 🎒🐝

Vossabia er heilt essensiell til oppstart og gode dagar i barnehage, skule og aktivitetar 🏃‍♀️🏊‍♀️🚴‍♀️ Og no når alt av kvardag er tilbake heilt plutseleg, så vil me støtte oppstart av barnehage, skule, aktivitetar og arbeid med nokre gode tilbod 😉
Visste du at Emils favorittar, eller Emils fantastiske favorittar som dei godt kunne heite, er på tilbod med 20% rabatt? 🤩 Jodå, sidan Emil OG Vossabia har 20-årsjubileum 🎂 så går det an å sikre seg denne uunnværlege trioen til 20 % no. Dette er verkeleg ei perfekt pakke til så mykje, og glimrande ved oppstart av alt etter sommaren.

I tillegg lanserer me i dag eit barnehage-kit som eit nytt pakketilbod med 15% rabatt! Les meir om det under her! 👇
 
 

Vossabia sitt mål har i no 20 år vore å dekka dei fleste behov i kvardagen med 100% naturlege, sunne, økologiske og styrkande produkt for små og store 🐝💚 Altså, frå velvære, sårheling, kløe, hudplager, eksem, kviser til vonde musklar, erotikk og underliv og mykje meir. Vossabia vil vere ditt effektive og naturlege alternativ til å bruke i alt som skjer gjennom kvardag og ferie.
Produkta våre er "gullet" frå vekstene og biene ⚱️🐝🌼 og er PERFEKT til alt som no skjer framover i haust og vinter 🍂🧣 med ville vekster og økologiske plantar satt saman på ulike gode måtar for ulike behov. Og ulike behov er det så absolutt i fleng her i familien akkurat no.

I morgon smeller skule og barnehage i gang att for Ylva og Jonatan 🏫 medan Emil har 3 mnd att i militærleiren langt nord 🪖
Denne fantastiske sommaren i nord har gjort Solkremen uunnværleg og ☀️
 
Emil gjer militærting med Vossabia på huden og det året han no har vore der så er det mange soldatar som har kome til han og bedt om å få litt frå krukkene hans 👏 Han har delt villig med medsoldatar som har fått kjenne den raske effekten av naturen på huden 🌱🤩 Dei har smurt seg og blitt hekta. Og det er ikkje rart når for eksempel Panterbalsam held unna irriterande mygg og knott, og lindrar slitne og ømme militærmusklar.

Med mykje vandring og bæring og tunge ting så er Panterbalsam gull på musklar og ledd og alt mogleg vondt og verk også 💪 Det går unna på det meste i sortimentet vårt der i militærleiren og Ringblomstsalven er for mange aldeles uunnværleg på grunn all barberinga! 🪒 Ringblomstsalve er etter Emils syn verdas beste etterbarberingskrem, pluss at han bruker den som dagkrem og handkrem 🧡🐝🌼
ylvas favorittar
Ylva begynner på andreåret på den fantastiske Villmarkslinja 🧗‍♀️ på Voss vidaregåande, og i dag, dagen før skuleoppstart vart ho like godt med på eit sprint-triatlon. Ho herjer altå ute i all slags vær, til vanns og til lands, og har stort forbruk av familiens universelle, altså pakketilbodet Emils favorittar som no er med 20% rabatt: Ringblomstsalve, Kamillebalsam og Panterbalsam. 
 
Kamillebalsam og Ringblomstsalve er også perfekte som handkrem etter handvask på skular med uttørkande såper (fy skam for nokre såper) 💔 Ho får definitivt med seg Mini kroppssåpe i sekken sin og beskjed om å heller bruke den til handvask 🫧! Kuldekrem er og viktig for ho på skiturar og snøhulebygging og mykje anna moro i snø og fjell ⛷️, men faktisk og på triatlon. Ho har og treningsbagen full med alt som er! Etter symjing er sjølvsagt sjamposkogen på kroppen og ikkje minst Kroppsbalsam essensielle. Kroppsbalsam er så sprøtt deilig etter symjing og me gleder oss i garderoben til kroppen er tørka og me kan smøre oss inn med denne utruleg smidige, sunne og glatte Kroppsbalsamen 💚
 
Så er det ansiktspleien som inkluderer 4 viktige produkt i ansiktsrutinene til ein bevisst tenåring i huset 🧖‍♀️: 🌹 Rose- og rødkløverskrubb, 🧡 Tindved og Nesle, 🌼 Ringblomstsalve og 👁️ Augebalsam. Dei fire heilt essensielle til ansiktet! Kviser og ureinheter? Ja, då er desse magiske, spesielt skrubben saman med Rigblomstsalve og Tindved og Nesle.
Jonatan begynner igjen i barnehagen, no som førskuleborn!! 🥹 Det er kjempestort for han, og han gleder seg enormt etter lang lang sommar borte frå barnehagen. Men han har no jammen kosa seg, og spesielt med kattungane som vart fødd 11.juli 😻 Smelt smelt!!
🎒 Oppstart i barnehagen betyr at eg fyller hylla hans med obligatoriske, essensielle Ringblomstsalve, samt Solkrem og Kuldekrem (alt etter sesong) og Panterbalsam om det skulle kome voksesmerter, tett nase eller kløe plutseleg i barnehage 😪🤧 Og ja, leppepomade! For han elsker å smøre seg med MyntelepperBabysalven treng han ikkje lenger, men den har jo ført til den finaste huden på stumpen i årevis og null sårhet under bleiene 😉🚼
 
 
Det nye pakketilbodet BARNEHAGEKIT består av akkurat Jonatan sine favorittar, og eg håpar mange med han vil nyte godt av å ha desse nette, gode og dryge produkta i barnehagehylla: 🌼 Ringblomstsalve 15 ml, ❄️ Kuldekrem, 🖤 Panterbalsam 15 ml og 🌿 Myntelepper.
barnehagekit
Mamsen sjølv spring rundt inne og ute, nyter alt handarbeidet frå plukking til produksjon 👩‍🌾 sjølv om det er både slitsamt og stress innimellom 😅 Men tenk, eg får jobbe med hendene, med naturen, og med kjekke folk! Og no er eg så klar for å lansere eit par nye grøne og gode produkt i haust, med godsaker frå engene rett utanfor døra, så berre gled dykk! 😄💚🥰🐝

Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia