Eg er så glad og stolt over å kunne få selge dei fabelaktig gode bøkene til meget dyktige Maria Berg Hestad.
Lykken er eit drivhus ☀️🌱
Eg og Jonatan i det eine drivhuset vårt. Gode tomater 😋🍅
Det er verkeleg mykje kos, moro og nytelse med drivhus for både små og store. Frå haust til vår er det hønsene våre 🐓 som får kose seg i drivhuset 😊 Dei får beskyttelse, trivsel og varme, og me får jordarbeiding, gjødsling og luking, så er det perfekt jord til me kjem med oppalsplanter og kan plante rett i jorda der. Bra samarbeid eller? 🐔💃
🌼 Ringblomst!
Eg dyrkar ringblomst både ute i massevis, OG inni drivhusdomen min, mellom physalis og tomatplanter, som eit jorddekke og grønngjødsling som styrkar jordlivet og som samstundes gir masse masse glede og helse!
Sjekk kva Maria skriv om Ringblomst på nettsida si 👇
"Jeg har sverget til denne salven i mange år. Jeg bruker den til alt; som ansiktskrem, leppomade, til tørre hagehender og eksem hos barna. Jeg bruker den også til å fjerne standhaftig sminke :) Dette er alt i ett - veldig praktisk på reisefot. Vi trenger ikke annen krem, og den er utrolig drøy i bruk."
Få med frø av nydeleg Stokkrose 🥀
Noko anna som kan dyrkast i eigen hage er den fleirårige stokkrosen: ei fantastisk bondehageplante, ein super kultur- og medisinplante 🥀💖
For eit par år sidan kjøpte eg økologiske frø av stokkrose hjå den alle beste frøbedrifta eg veit om, Solhatt (der eg kjøper det aller meste av mine frø, sjekk solhatt.no). Eg sådde inne i ca mars-april, og deretter planta ut i hagen i mai-juni. ☀️️ Den gir nydelege, fargesterke blomar og blir opptil 2,5m høge. Her på garden har eg mange, og dei står stødige i alt slags vær, og imponerer alle. Så kjem dei att år etter år 😊 Sjå, så fine:
På slutten av hausten gir stokkrosa mange "kapsler" stappfulle av frø, og i år samla eg kjempemange slike. Altså økologisk produsert her heime på gården vår.
Så det har eg lyst til å gje bort til deg 🎁 👇