Dei skreiv vidare at Craig skulle til Voss for å finne sine forfedres gård, som var frå familien Dugstad. Eg skreiv tilbake at dei var hjarteleg velkomne og at eg var kjærast med Olav Dugstad! 😃 Snakk om tilfeldigheter! Så dei leita etter Dugstad, fann meg først og fann Dugstad gjennom meg, fantastisk! 🥹
Craig har levd eit modig og tøft liv, der han heile tida har våga og utfordra, og så har han tatt val basert på det som han kjente og kunnskapen viste var rett for han. Då han låg dødssjuk av dysenteri og hepatitt C på gata i India på 1960-talet, og trudde han kom til å ende flytande nedover Ganges med andre døde, så kom han seg mirakuløst til Afghanistan der han fekk helsehjelp med urter og planter 🌿💚 Vidare kom han i kontakt med makrobiotisk kosthald, noko som gjorde han heilt frisk.
Det fekk han til å endre kurs i livet, og han starta den fyrste makrobiotiske restauranten i England, med mora og broren, og der hang til og med John Lennon inni mellom. 👉 Han har snakka ustanseleg i mange tiår om at verda må vakne, at sprøytemiddel må stansast, at landbruket må endrast, at menneske må handle og ete økologisk, at me må lære av eldgamle skikkar som biokull nytta av indianarar til jordforbetring, og me må slutte å utnytte jord og menneske i jakt på profitt. Det lønnar seg meir å ta vare på menneske, jord, planter og planet. Han har snakka i motvind og med motkrefter overalt, i over 60 år no. Og fyrst no dei siste åra er biokull blitt noko mange har høyrt om, no skjønner fleire at sjokoladeproduksjon som ikkje er økologisk er ekstremt skadeleg og påvirker faktisk oss heilt her i nord også med sprøytemiddel i lufta som kjem fykande frå plantasjer i mellom-Amerika og andre stader. Craig sitt engasjement førte til og med til at han laga denne songen "Eat Organic" som ligg på Spotify.