Høgsesong for sjampoens ville urter🌱🌿☀️

Ja, no på denne tida vert grunnlaget lagt for å kunne lage urtemagi til håret gjennom heile året! No som sommaren er her for fullt, er det og høgsesong for hausting av urter til min fantastiske Sjampo med ville urter
Me har handplukka og tørka kjerringrokk, brennesle og ryllik, som alle er gode urter for hår og hovudbotn:

💚Kjerringrokk kan styrke håret, gjere det meir glansfullt og fjerna øverflødig feitt frå hår og hud.

💚 Ryllik stimulerar blodomløpet og er rensande.

💚Nesle renser også håret og kan brukast ved håravfall, flass, eksem, kløe og psoriasis i hovudbotn.

💚Med jojobaolje, guarbønner og honning saman med urtene får håret beskyttelse og fuktigheit i tillegg.

Det er om å gjere å klare og plukke nok, for det er veldig kjipt å gå tom før ny vekstsesong startar i mai! Denne sjampoen er nemleg urtemagi til håret, og eg får så mange rørande tilbakemeldinger på den 👇👇

Takk alle de som deler erfaringar! 🧡Det er kanskje det produktet eg er mest stolt av, då det er ein av veldig få sjampoar på markedet som har helsefokus, er miljøvenleg og etisk.

Historia bak urtesjampen:

Eg hadde lenge utforska og prøvd å lage gode sjampo-oppskrifter, vandra rundt på dei utrulege, mangfaldige slåttengene her, og fundert på kva urter eg skulle bruke. Utforskinga gjekk ganske bra, men eg følte ikkje det klaffa 110%. Så såg eg det var eit kurs i London leia av ein mann med lang erfaring innan naturlege hårprodukt, og eg bestilte straks flybillett og sat kort tid etter på skulebenken i Fulham. Eg lærte masse, men det var spesielt ein ting eg sat og lurte på til slutt:

🤔Kva er den aller beste urten for håret?

Med nær 40 års erfaring innan naturleg hårpleie var det rette mann å spørre! Svaret hans gjorde meg så glad, for det var nemlig kjerringrokk som var den absolutt beste urten, meinte han, og det hadde eg jo ein stor åker av heime på Vossabiagarden!

Svaret overraska meg noko, for denne urten kjente eg mest som superurt mot urinvegsproblem, tannkjøtt og munnsår, men så har den altså og fantastiske eigenskapar for hår og hovudbotn! No har den enga som er full av vakker og sterk kjerringrokk fått navnet Sjampoåkeren!😊

 

 For ca åtte år sidan starta eg produksjonen av sjampoen, og den vart ikkje lansert før eg synest den var heilt perfekt. Det var mange ting eg ville ha på plass før eg kunne gå god for den: Den skulle gje god pleie og næring til hår og hovudbotn, gje sterkt og glansfullt hår, vere etisk, ha kortreiste (ureiste) ingrediensar som tok i bruk gardens ressursar, og gjere håret reint (sjølvsagt), mjukt, og få bort balsambehovet. Ikkje lite med andre ord😉

Eg selde den for fyrste gong på Bergen matfestival, og snart tikka det inn positive tilbakemeldinger frå kunder. Kor fantastisk!💚

🧡 Takk igjen til Linda, som deler sin begeistring for sjampoen med oss: "Sammen med hårserumet er det en uslåelig kombo og beskytter mot sol og saltvann."

Men kvifor er akkurat denne sjampoen så god? Min sjampolærar sa faktisk at det er umogleg å lage ein god sjampo utan urter, 🌿noko denne har MASSE av! Det kan vel ikkje sjampoane du finn i butikken skryte av. Eg lærte faktisk utruleg mykje fælt om sjampoindustrien når eg var i London, og miljøaspektet og det etiske blei berre endå meir viktig for meg når eg lærte dei kjipe fakta om industrisjampo. Men altså, desse urtene, det viktigaste av alt, eg vil så gjerne dele litt meir om hovudrolleinnehavarane i Vossabias sjampo:

🌿Kjerringrok/åkersnelle har altså hovudrolla i denne sjampoen. Planten er utruleg mineralrik, og inneheld blant anna silisium som er superviktig for hår, hud og negler. Den har og godt med kalsium, magnesium og mangan. Dette kan auke både smidighet og elastisitet i bindevevet i hår og hud, og er i tillegg kjempebra for immunsystemet. Kjerringrokk er og kjent for å vere antibakteriell og sopphemmande. Ein annan god grunn til å ha den i sjampo er at den fjernar overflødig fettstoff frå hovudbotn og hår. Dei vassløyselege silikatane frå kjerringrokk kan og vere med på å gjere håret sterkt og glansfullt. Faktisk får eg i blant tilbakemeldingar frå kundar, som seier at frisørane deira legg merke til at håret har blitt fyldigare og mier glansfullt . Det er jo ganske gøy! Kjerringrokk kan gje matt og dødt hår vitalitet og liv att. Som du og såg på nokon av tilbakemeldingane, så kan planten og hjelpe mot eksem og tørr hud, og den kan vere god for dei som slit mykje med kløe eller psoriasis i hovudbotn. 

🌿Superurten brennesle finn du og i dette urteorkesteret i sjampoen. Nesle er og svært rik på mineral, faktisk har den 20% mineraler i seg! Dette er ein utruleg styrkande plante, både på immunforsvar, blodgjennomstrømning og hår. Den kan stimulere til hårvekst og redusert håravfall, og kan hjelpe godt mot flass, kløe. Ein super duper urt, som gir sterkt og glansfullt hår! Den er og ekstra god på fett hår, då den som kjerringrokk reduserer fett frå hovudbotn. Eg plukkar denne superurten rett utanfor huset og hagane våre, og det som er fint er at me kan hauste den fleire gonger gjennom vår, sommar og sensommar, for den gir nye skudd etter den er plukka.

🌿Sist, men ikkje minst, ryllik! Denne urten er kjent i urtrelæren for å styrka blodomløpet, den er pleiande og har antiseptiske eigenskapar. Ryllik legg eg til heilt sist i sjampogryta, for i motsetnad til kjerringrokken og brenneslen som skal koke lenge, skal denne berre trekka. Når eg legg denne oppi kjem den mest fantastiske aromaen, som fyller heile rommet med nydeleg krydra duft!

Det er faktisk ein veldig tung prosess å lage sjampo. Fyrst skal kjerringrokken og brennesle langkokes (eller aller fyrst ALL PLUKKINGA!), for å trekke ut alle dei gode eigenskapane. Så, før jeg legg meg om natta, tilset eg rylliken som skal trekke. Når eg så står opp er alt smeltet saman til eit fantastisk urteuttrekk som i sluttproduktet utgjer ca 70% av sjampoen.

Det høyres kanskje ikke så tungt ut, før eg nevner røringen! Eg står med begge armar og rører, og rører, og rører litt til, for å blande det heile. Det er så utruleg tungt, men så utruleg viktig for meg at det er ordentleg handlaga, slik at eg har kontroll (og får god trening 💪😅).

En heilt siste ting eg vil nevne om sjampoen er balsameffekten. Med andre ord, du treng faktisk ikkje å bruke balsam når du vaskar håret med urtesjampoen! 👱‍♀️ 💫Det er jo utruleg digg, for balsam har oftast ein del kjipe ingrediensar som ikkje er så bra for hår eller miljø. 

I dag blir det ny panne med superurter som skal bli sjampo, så det er berre å brette opp armane og røre til melkesyra tek meg!

Sjampo med ville urter er sjølvsagt med på ferie og!

Både sjampen og skogsåpa får du i eit reisesett på 25 ml. ☀️🧳 Dei er perfekt å ha med på tur og reise, kort eller lang! Og supre til refill også om du i tillegg har storesøstrene Sjampo og Skogsåpa.

Sjampoen med familien sin 💚😂

Sommerhelsing frå Renate

🐝 Vossabia

 


Gi en kommentar

Vennligst mer at kommentarer vil måtte godkjennes før de publiseres