ENDELEG! Lansering av Mjuke Hender i stor krukke! 🤩

ENDELEG! Lansering av Mjuke Hender i stor krukke! 🤩

Det er så utruleg moro kor populær vår magiske Mjuke Hender har blitt på kort tid! Tilbakemeldingane rant inn alt første døgnet etter lansering på Dyrskun-marknaden 💖

Mange kom tilbake til standen vår dagen etter dei kjøpte den og  hylla den! 🙏 Fleire fortalte korleis hendene OVER NATTA hadde blitt så mykje betre frå tørr hud, sprukne fingrar og sår og ru hud! Ja, då fekk eg sjølvsagt tårer i augene og klump i halsen 🥹 For det er jo dette som er drivkraften og motivasjonen! Og så steike moro då! 😁

 Det har og kome masse etterspurnad etter større krukker med MJUKE HENDER! Og no var presset så stort at det var berre å gje etter, hehe 😅 Så, her kjem endeleg stor krukke med Mjuke Hender! Den perfekte julegåva kanskje? 🎁 

 
Og den lille 15 ml er framleis suveren til lomma, veska, bilen eller som kalendergåve til dei som er så heldige å få julekalender 🗓️🎅🏻
 
Denne deiligaste handsalve duftar så himmelsk! 😇 Og det eg diggar mest er alle mennene som umiddelbart har kommentert akkurat det: "å gu, så godt den luktar!" Ja, ikkje sant, seier eg då. For den perfekte balansen mellom rose og lavendel 🌹🪻, der du også merker kokos baki der 🥥, den duften gjer noko med deg uansett kjønn!
 
For visste du at duft påverkar deg og hjernen din skikkeleg PANG med ein gong? 🧠🤯 Difor er desse duftene me omgir oss med viktig, og dei eteriske oljane og plantars naturlege aroma skal me ta på alvor også for sjølve lukten sin del. Eg synes det er kjempespennande med lukt og kva naturlege dufter gjer med oss 🌿 For nokre år sidan blei eg difor med på luktekurs i Hastings i England med grunnleggaren av The Perfume Society, og i vinter var eg på parfymekurs i Dubai 🇦🇪
vossabia

Eg står stadig med hovudet langt nedi djupe pannar nysilt etter koking av einer, og det høyres stønn kvar gong Rosmarin hårserum er på gang (eg ELSKAR kombinasjonen rosmarin, mynte og basilikum i den) 😍. Syntetiske parfymer er noko heilt anna. Syntetisk duft gir hjernen trøbbel 😣. Den klarar ikkje identifisere luktane og det blir rot og kaos. Så det har eg holdt meg unna i fleire tiår, og eg held pusten gjennom taxfree’en, hehe. Men, her på garden, der me kun brukar naturens eigne dufter, kan me tenke på dei som eit eige språk som fortel noko spesifikt og bra til hjernen vår 🤲💛.

vossabia

Lukten av rose har den magiske evnen til å både gjere oss rolege og samstundes løfte humøret 😌 Rose de Mai, som du får i både hender og i nasen når du brukar Mjuke hender, har ein varm, djupt blomstrande aroma med søte honning- og rosetonar 🌹🐝 Duften er både trøystande og oppmuntrande, og kan vere til hjelp for dei som opplever sorg eller depresjon. Eller berre generelt oppløftande. Rose de Mai har og betennelsesdempande eigenskapar og støttar hudfornying, noko som gjer den til ein perfekt ingrediens i hudpleie for hendene som blir utsett for ganske mykje gjennom året. Suverent med rose også for tørr, moden og aldrande hud.

vossabia
Lavendelduft har ei beroligande og stressdempande effekt som og kan fremje betre søvn 😴, auke mental klarheit og fokus, og styrke produktiviteten på arbeidsplassen eller skulebenken 🧑‍🏫 Lavendel kan og stimulere gode minner og hjelpe med å lindre angst og uro berre med sin aroma 🪻 Det er ganske fantastisk det! Og så bidreg lavendel sjølvsagt til styrka hudhelse gjennom sine antimikrobielle og antioksidantiske eigenskapar.

I vår magiske Mjuke Hender er det i tillegg fleire andre superplantar med i oppskriften eg har utvikla, og sjølvsagt er den evig beskyttande bivoksen på plass 🐝 Visste du forresten at bivoks bidreg til å halde på huda sin naturlege fuktbalanse og samstundes beskyttar den svært godt mot ytre påverknad som forureining og mykje meir?

Alle ingrediensane som har fått æra av å vere med i krukkene blir tilsaman eit delux kinderegg, altså det skal gje deg mange ting på ein gong: plantane i Mjuke hender skal tilføre deg mangfaldig næring, den ypperste pleie, og bidra med sine supre samansettingar, slik at det ikkje berre er magisk mjuke hender du får 🤲 Du får og påfyll av godsaker frå moder jord 🌍 Om du vil lese meir om dei andre ingrediensane kan du lese på produktsida eller sjå på denne bloggposten: "få tak i ei krukke med Mjuke Hender og seie FARVEL til tørre hender ;)"

mjuke hender 15 mlHedda Hosås

No til helga tek eg for fyrste gong med stor krukke Mjuke Hender ut av gardstunet, og set nasen mot Oslo og The Grand Christmas Market 🎄 Har du sikra deg billett til denne flotte og eksklusive julemarknaden på sjølvaste Grand Hotel? Emil, eg og Jonatan kjem med alle deilige Vossabiaprodukt!

Søndag på Grand Hotel frå 11-17!

Dette blir fantastisk kjekt! Me gler oss, og håpar å sjå mange kjekke kundar der 🐝


Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia