Emil og Ylva og biene våre på DYREVENN

Emil og Ylva og biene våre på DYREVENN

For nokre år sidan var mine to miniVossabier med på innspeling av programmet. Her kan de sjå litt i frå garden vår, og korleis til og med dei yngste er involvert i biene våre.

For nokre år sidan var mine to miniVossabier Emil og Ylva (som ikkje er så mini lenger 😉 ) med på innspeling av to episodar i det superkjekke programmet Dyrevenn på NRK-super. Her kan de sjå litt i frå garden vår, og korleis til og med dei yngste er involvert i biene våre.

Emil og Ylva har vore med på alt Vossabia har drive med heilt sidan oppstarten i 2004, same året som Emil vart fødd. Emil var til og med på sin fyrste tur i livet saman med ein gjeng yrkesbirøktarar når han var 9 og 10 veker gamal, så det er ikkje så rart han kan ein del om bier 😂🐝 Dei har også vore land og strand rundt på marknadar i alle år, og begge er knallgode å fortelle om ikkje berre bier og økologi, men også om alle produkta mamman lagar.

Så eg vil tipse om å bruke ein halvtime og to på å sette seg i sofaen med ungane, og kose seg med å sjå Emil i den første episoden og Emil og Ylva saman nokre år seinare. Kanskje kan både voksne og unge lære eitt og hitt om bier på ein morosam måte? 😁🐝🌼

Håpar de vil kose dykk!

 

Kan ein gut hanskast med ti tusen bier? Og greier programleder Malin å unngå å bli stukke? Bli med når Emil skal hente heim fleire bikubar til garden.

https://tv.nrk.no/serie/dyrevenn/sesong/9/episode/9 

 

Emil og Ylva er birøktarar og lærer her Malin å lage honning, og korleis fange ein bisverm. Malin får og gode tips til korleis bruke honning og planter for å få fin hud.

https://tv.nrk.no/serie/dyrevenn/sesong/15/episode/5