Bli med eitt døgn på innsida: Roser, kalvar og klippeshow! 🌸🐮⛰️

Bli med eitt døgn på innsida: Roser, kalvar og klippeshow! 🌸🐮⛰️

Ingen døgn er like her hjå Vossabia, men nokon døgn er meir ulike enn andre! Siste døgn inkluderer roseplukking, venting på ferje, rosa nattarbeid, einerskog, sta hestar, kalvar og best av alt: Emil sin dødsing på Ekstremsportveko sin kule og populære dødsekonkurranse! 🌸⛴️🐮🐴🏊‍♂️
Sjekk Emil i øverste høgre hjørnet! 👆 Svever ned mot folkehavet før han lander rett foran dommarane!
Emil gjer seg klar til neste dødsestup!

Altså 🌸 I går var det roseplukking i verdas vakraste landskap heile ettermiddagen og kvelden, saman med Ylva og Jonatan. Me var så nøgde, heilt til me mista nest siste ferje ⛴️😅 Me måtte venta i timesvis til siste kom, men nesten ingen problem det, når me hadde med både sykkel og fiskestong.
🎣 Jonatan i hundre når han fekk fiska på ferjekaien! Og armen gjekk så fort når han sveiva inn! Hahaha 😆

Etter ein vidunderleg tur over fjellet om natta, med sovande ungar ved sida mi 🥱😴, roseduft i bilen og fred og ro… så var det berre å brette opp armane og legge rosene til tørk i natt. Eg vart ferdig 0230, og sjølv sengene i gjestehuset måtte tas i bruk til tørkestad 🌸🌹🌷 Så var det å dvele ved nattas magiske lys i tun og hage før eg kom meg i horisontalen.
Det er godt å ha mykje plass og mange hus på tunet når det skal tørkast stooooore mengder urter og blomar!
For eit lys og for nokre fargar i hagen, sjølv midt på natta! ✨ Man skal ikkje sova bort sumarnatta, det er viktig! Hehe

Med nokre få timar i senga, så bar det rett til skogs for å hauste einer for å lage Skogen på kroppen 🌿 Men, der var kalvane til Olav ivrige på å sperre vegen, og så vart eg jammen stoppa av eit par svære hestar og 🐮🐴. Heldigvis har eg Thale som tilsett, og ho er hestedame og kom opp i skogen og hjalp meg med dei to som sperra grinda for meg på vegen ned att. Driftige som me er, så såg me sjansen til å få unnagjort buføringa av kalvane og. Når både me og kalvane var saman der oppe, så tok me like godt og fekk kalvane ut gjennom grinda og opna inngangen til deilig utmark og friskt fjellbeite med det same. Moro med fleire floger i ein smekk.
Effektiv grind-sperring dette! Og med hestar på ei side og kalvar på den andre sida, så måtte eg faktisk ha assistanse i dag 😅

💪 Verdas beste tilsettegjeng pakka ordrer og skapte sunne saker som gjekk rett i posten, medan Ylva og eg pakka supbrett, kombucha, Solkrem, Panterbalsam og Ringblomstsalve. I steikande sol og deilig varme hadde me dermed vårt kit klart for Ekstremsportveko sin dødsekonkurranse! 🏊‍♀️ Ylva og Anna skulle sup’e på vatnet Demmo og vere tilskodar på nært hald, medan eg hang som ei hulder i skogen og såg på showet som blant anna Emilen min laga.
Anna jobbar og Ylva slappar av! 🤣 Så er ungdomane flinke å hugse på sunn solkrem på kroppen i den steikande sola!
Emil hadde fått perm frå militæret for å delta i konkurransen, og eg må innrømme det sugde godt i magen min når han tok springfart frå 12 meters høgde og kasta seg utfor klippa 🫣 Fantastisk kroppskontroll og kule triks, og med det eine klarte han å lande rett ved dommarbåten og gjere dommarpanelet kliss klass våte. Strategisk smart type! Kanskje alle karakterark på dei andre dødsarane vart våte og øydelagte? Hahaha 😜
🐝 Vossabias festival-kit kom godt med! Eine kompisen fekk blødande kutt på leggen og trengte ringblomstsalve, fleire kompisar trengte panterbalsam på forslåtte og ømme kroppar som hadde dunka hardt ned i vatnet. Og sjølvsagt solkrem på denne nydelege dagen ☀️ Når det gjekk slik unna på produktet fekk eg like godt gutta til å stille seg opp, fine gjengen! Dei er så modige og skapar underhaldning og god sport! Kjempekjekt! 🥰
Underhaldning blir det jammen santen meg med Ekstremsportveko! Liv og røre, og så mykje moro frå morgon til kveld. I morgon skal Vossabiagjengen på næringshagearrangement med Veko, så det blir foredrag og lokalmat og konsertar 🥳😉 Ja, det er på Voss det skjer altså, om nokon lurte!
 
🐝
 
No vil resten av dagen og kvelden bestå i produksjon, pakking og plukking, dei tre heilage P’ane våre! Eg planlegg ein real kjerringrokk-kveld, for det er meldt iskaldt haustvær med styrtregn og lyn og torden frå torsdag 😓 og så langt me veit, og då er det over for i år med kjerringrokken! Så eg har planen klar, tre ulike lokasjonar og mengder med kjerringrokk skal inn i løpet av denne kvelden! Eit døgn som starta med plukking og enda med plukking! Heilt tipp topp, Dronningbia smiler! 🐝😁
harvesting tindved og nesle
Varm helsing,
Dronningbia 🐝 i Vossabia